Ave Maria?

Ein av mine teolog-vener plar minne meg om at «gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn». Ikkje minst gjeld det sjølve hovud-dogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste heresien (vranglæra) i den kristne kyrkja var nettopp fornekting av at Gud verkeleg vart ein av oss. «Too good to be true» som det heiter i popsongen.

Under eksotiske namn som gnostisisme, manikeisme, albigensianisme og andre har folk i 2000 år sett under tvil at Gud vart menneske, at Ordet vart kjøt. Ulike variantar av denne fornektinga reduserer evangeliet på sine måtar. Det vert gjort om til symbol, poesi, metafor, litteratur, novelle, nostalgi. Slik omgår dei det heilt essensielle at kristendom kviler på rein faktisk historie at Guds Son Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att. Det hende verkeleg. Faktisk!

Fram mot jul er det verkeleg naudsynt å spørje korleis vi kan verne oss mot den gamle heresien i aktuell utgåve. Korleis stanse forestillinga at Jesus er berre ein ide?

Eg trur der er berre éi hovudgate å gå: Guds mor Maria er vårt beste vern mot vranglæra. Ikkje noko menneske var meir enn henne merksam på inkarnasjonen. Ho bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Han som ho fødde i Betlehem, oppseda i Nasaret og miste i Jerusalem, var noko meir enn ein litterær konstruksjon. Ho visste meir enn noko menneske at han gret, han voks, han blødde, han døydde. Ho heldt han i armane sine både som baby og som lik. Ingen kan kome på ideen å legge ein idé i krubba. Idear har ikkje mødrer. Det har Gud.

Vår Gud kan rørast ved, strykast over håret, få og gi ein klem. Nett difor er Marias kjærleik beste sikringa mot jule-vranglæra. Ingen som trur at Gud har ei mor, kan kome på å redusere han til ein idé eller ei myte.

Difor skulle vi bruke advents- og juletida til på ny å gi Guds mor Maria den plass ho tilkjem i vår kristne tru. «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er det barnet du ber,» sa Elisabeth. Ringare kan ikkje vi heller vere. Katolikkar har rosenkransen som for kvar kule/perle minner om kor sentral Maria er i den kristne trua og bønelivet. Ho er både Guds og alle bedande si mor. Å meditere seg inn i bibelforteljingane med dei heilage mysteria i hennar liv, er beste måten å nærme seg henne på. Ho gøymde i hjarta sitt og grunda på det ho høyrde og såg.

«Ordet vart kjøt og tok bustad imellom oss.» Det er inkarnasjonen. Å halde mor Maria fram, er beste vernet mot at denne kristendomens hjørnesteinen vert rokka av gamle eller moderne fornektarar.

Ottar Mikael Myrseth prest i Den nordisk-katolske kyrkja, Ålesund
(Fyrst publisert 29. november i år, i DagenMagazinet)

Advertisements

2 thoughts on “Ave Maria?

  1. Tilbakeping: Jomfru Maria og lutheranarane « Nordiskkatolsk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s