Jomfru Maria og lutheranarane

Fader Ottar Myrseth, prest i Ålesund-kyrkja vår, hadde tidleg i desember på trykk i DagenMagazinet eit innlegg om jomfru Maria som vårt beste vern mot vranglære. (Det publiserte me også her på bloggen, og kan framleis lesast her). Innlegget fekk eit visst etterspel, då Knut Lid (for øvrig redaktøren av denne bloggen sin onkel) protesterte i debattspaltene på at avisa trykte dette. Han spurte blant anna om dette verkeleg var noko DagenMagazinet stod inne for, og om det var bibelsk. «Hvor i Bibelen står det at hun “er både Guds og alle bedende sin mor?», spør skribenten, og avsluttar slik:

«Hvis vi lar andre personer i Bibelen få en større plass enn Gud vil, slik at de skygger for kjernebudskapet, mister evangeliet sin kraft. Som østlending vokste jeg opp med Vårt Land. Det var en veldig god avis fram til og med den store abortdebatten på 70-tallet. En venn spanderte senere et abonnement på Dagen. Jeg har satt stor pris på nettopp det at denne avisa fram til siste tid har tatt tak i læreavvik. Etter min mening er DET noe av det viktigste en avis som hevder den er kristelig, kan befatte seg med, ikke minst i en så lærediffus tid som vår. Jeg håper inderlig den nye redaksjonen er våken nok til å videreføre den linjen.»

Dette fekk DagenMagazinet sin leiarskribent, Vebjørn Selbekk, til å skriva ein leiarartikkel med tittelen «Skriften alene», i avisa 22. desember. Der skriv Selbekk blant anna: «Gjennom å kalle Maria for Guds mor, gir katolikkene henne en type opphøyet posisjon som evangelisk kristenhet ikke finner grunnlag for i Den hellige skrift. Det kan lett skapes inntrykk av at Maria på en måte hører med i treenigheten. Og denne praksisen har i hvert fall i folkelig katolisisme resultert i en helt uakseptabel dyrkelse av Maria. Der katolske kristne likestiller Bibelen og tradisjonen, må vi evangeliske stemme i med Luther og si «Skriften alene». Dette velsignede skriftprinsippet får konsekvenser også for en hel rekke andre katolske Maria-dogmer. Den katolske kirke tror at Maria ikke døde en naturlig død, men ble tatt direkte opp til himmelen. Marias himmelfart er en viktig festdag i det katolske kirkeåret. Men den læren mangler bibelsk belegg og må derfor forkastes. Den katolske kirke hevder også at Maria er evig jomfru. Men hvor i Bibelen står det? Ingen steder.» Heile leiar-artikkelen kan lesast her.

I dagens utgåve (onsdag 29. desember) av DagenMagazinet svarar fader Ottar Myrseth på denne leiarartikkelen. Me gjengir innlegget i fulltekst også her på bloggen:

Luthersk om Maria

I leiarartikkelen i avisa den 22. desember gjer redaktøren i DagenMagazinet gjeldande at det ikkje er luthersk, men «katolsk omtale av Maria» å kalle ho «Guds mor» og «evig jomfru». Eg er redd redaktøren her er på villspor.

Om Maria har lutherdomen viktige innsikter å tradere. I den norske utgåva av Konkordieformelen les vi følgjande: «På grunn av denne personlige forening og naturenes fellesskap, har den høyt lovede jomfru Maria (Maria laudatissima illa virgo) ikke bare født et rent menneske, men et slikt menneske som i sannhet er Guds, Den allerhøyestes Sønn, slik engelen bevitner (Luk 1,35). Han viste også sin guddommelige majestet i mors liv, idet han ble født av en jomfru uten å skade hennes jomfrudom. Hun er derfor i sannhet Guds mor og likevel blitt værende jomfru.» (Konkordieformelen 1985, side 506, SOL.DEC.ART. VIII:24. Sjå også Epitome VIII:12, s 410)

Dei lutherske fedrene byggjer her, som alltid, på dei gamle økumeniske konsil-vedtaka, dei som har gjeve oss både formuleringar og læreinnhald til grunnleggjande truslærer (treeiningslæra såvel som kristologien). Konsilet i Efesos år 431 fordømde dei som ikkje vil sanne at «Immanuel er sann Gud og at difor den Heilage Jomfru er Guds mor». Det er dette reformatorisk lutherdom held fast ved.

For Den nordisk-katolske kyrkja er det meiningsfullt å la seg utfordre av det lutherske, for det sant lutherske er også i tråd med den udelte kyrkja si tru. Men det er høgst forvirrande når dei som smykkar seg med tittelen luthersk ikkje er fortrulege med sin eigen arv.

Ei anna sak er det at mykje av vår tids lutherdom har enda som tom protestantisme utan både eigenart og eigenvekt. Vi lever, som redaktøren skriv, i «en lærediffus tid». Ekstra forvirrande vert det om reformatorisk lutherdom vert forveksla med «lærediffuse» straumdrag i miljø som kallar seg «lutherske». Luthersk kristendom må prøvast på luthersk vedkjenning. Og der har altså Maria ein sentral plass.

Når redaktøren åtvarar mot «folkelig katolisisme» rettar han difor skytset feil veg. Redaktøren har heilt rett i at resonnementet bak tittelen «Guds mor» er «at Jesus er Gud, derfor er Maria Guds mor». Men korkje dei oldkyrkjelege konsila eller dei lutherske fedrane påstår dermed «at Maria på en måte hører med i treenigheten». Tvert imot opnar vi for verkeleg fårlege vranglærer om vi avvsiser at Maria er «i sannhet Guds mor og likevel blitt værende jomfru.» Både læreforvirring om kven Jesus er og fornekting av Jesus Kristus som gud og mann er tankebygningar som idag reiser seg imot inkarnasjonen.

Fylt av Heilaganden helsa Elisabeth Maria og sa: «Velsigna er du mellom kvinner, … Ja, sæl er ho …» (Luk 1:42.45). Dette er «Skriften alene» sitt vitnemål om Maria. Ringare kan heller ikkje den vere som vil vere skrifttru og luthersk.

Fader Ottar Myrseth, prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Advertisements

Forfølging

Å vere ein levande kristen, er å vere ein forfølgd kristen. Jesus seier til disiplane sine at i trengsletida: ”… skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. Paulus seier til Timoteus: ”Alle som vil leve eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde”. Ja, til alle tider har dei radikale etterfølgjarane av Herren Jesus Kristus blitt jaga, torturert og drepne for Sanninga og for hans namn skuld. Stefanus vart steina for å forkynne det klare og uforfalska evangeliet. Hundre år seinare oppsummerar Tertullian den første tida i kyrkja med at; kristne blir festa på krossar og stolpar. Dei blir kasta til ville dyr og brende i flammar. Dei blir forviste til gruver og øyer, men blødande under tortur ropar dei ut: ”Vi lovprisar Gud gjennom Kristus”, men det stoppar ikkje der, for heile kyrkjesoga er vaska i blodet åt martyrane – dei som døydde for Sanninga.

I vårt moderne Noreg treng ikkje kristne å frykte å bli løvemat. Her har forfølginga fått ein annan karakter. I staden for fysisk vald blir radikale og konservative kristne heller utsett for mobbing, trakassering og utestenging. Vi blir ikkje sprika til stolpar, men mange har blitt nekta å evangelisere eller bære krossar. Prat om Jesus er utenkjeleg på offentleg stad, folk kan bli sparka frå jobben grunna konservative etiske synspunkt og ein kan nærast risikere at barnevernet kjem på døra om ein ber bordbønn med borna sine.

Denne forfølginga av kristne er likevel ikkje noko uventa og nytt. Allereie i dagens evangelietekst får vi ei åtvaring om kva som kan skje. Jesus seier til oss at; ”Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane. Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar”. Og ikkje nok med dette, men trugsmålet kjem helst frå våre næraste. Brør skal stå mot brør, fedrar mot born, og her er det ikkje berre snakk om fysisk slektskap, men også åndeleg slektskap. Ja, i dag kjem kanskje det største trugsmålet frå ”religiøse” menneske som har løyst forfølgingsproblemet ved å bli ”personlege kristne” og som dermed gjer kristendommen til ei privatsak, men verken kristendommen eller frelsaren Jesus Kristus er ei privatsak! Ein kan ikkje skru ned oljelampa og sette henne under eit kar for at ho skal lyse i det private mørkret. Då vil elden døy av oksygenmangel. Så sjølv om ein privat kristendom kanskje er utan forfølging, er han også utan evangeliet.  

Dagens tekst ber oss likevel om ikkje å vere bekymra. Vi skal ikkje uroe oss over livet, vi skal ikkje uroe oss over kva vi skal seie eller gjere. Nei, vi skal ikkje vere bekymra for noko som helst, men tvert i mot glede oss over at liva våre er skrivne i Livets bok. Vi skal som Stefanus alltid vere glade – også under forfølging –, for som det står hos Forkynnaren; ”ingen blir fritekne frå krigsteneste”, men for ein disippel av Jesus Kristus er døden ei vinning.   

Difor må vi framfor alt vere frimodige, for der ligg også løftet frå Gud om hjelp og utfriing. I Jeremia-epistelen får vi høyre at Herren vil gjere oss til ”ei fast borg, til ein jernstolpe og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane og stormennene, mot prestane og folket i landet” dersom vi tek første trussteget. Det same høyrer vi om i evangelieteksten der Heilaganden kjem oss til hjelp i same stunda vi må stå opp og vitne for hans namn skuld. Ja, til og med Stefanus – i det han vart steina – var full av kraft og tru. Han skoda med lengsel opp mot himmelen mens Den heilage ande talte forsonande ord gjennom han.

Dersom vi vil følgje Den himmelske meisteren kjem vi alle til å møte på forfølging i ein eller annan form, men lat oss ikkje vere motlause i tida som ligg føre oss. Vi har fantastiske løfte å sjå fram til om vi berre held ut denne korte stunda her på jorda. I sitt andre brev til korintarane, gjev Paulus oss nokre trøystande ord når han seier at; ”Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag. Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir. Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig”.

La oss ta med oss denne oppfordringa inn i det nye året. La oss i tida som ligg føre oss vere endå meir medvitne om den store frelsaren vår og ikkje skjemme oss over Jesu Kristi evangelium. Nei, la oss heller med det usynlege for auga, vere frimodige og vitna og prate om Meisteren vår til alle menneska Gud sender i vår veg – til ære for Faderen, Sonen og Den heilage ande.

Tillitstap

I det 19. århundre tapte kultureliten Opplysningstidens tillit til fornuften som ledestjerne for samfunnet og den enkelte. Marx opphøyde klassekampen til historieforløpets drivkraft; Nietzsche fastslo viljen til makt som livsførselens nøkkel, og Freud gjorde seksualitet til sentrum i personligheten. I det 20. århundre ble dette tankegods så implementert i form av totalitære ideologier, verdenskriger og familieoppløsning.

I vårt nye århundre er ikke bare kristendommen på vikende front, men ideologiene er døde og fremskrittstanken er nedskalert fra samfunnslivet til privatlivet. Av drømmen om det gode liv gjenstår kun enkeltmenneskets rett til selvrealisering.

I dagens situasjon kan virke som den europeiske sivilisasjon er i ferd med å begå et åndelig selvmord. Samtidig kan det se ut som om det åndelige vakuum er i ferd med å fylles med ulike former av fornuftsfiendtlig religiøsitet. Dette stikker dypere enn utfordringen fra New Age. Ledende intellektuelle er gått foran. Etter krigen uttalte den tyske filosof Heidegger at han foretrakk buddhismen fremfor kristendommen på grunn av dennes fremhevelse av personens betydning. Likeledes karakteriserte han kristendommens sannhetsforestilling som metafysisk vold. Den franske filosofen Michel Foucault hilste noen tiår senere Ayatollah Khomeini som frigjøreren fra «en undertrykkende europeisk kulturarv». I stort som smått har vår kulturkrets mistet sin selvtillit. Rotløse og uten normative føringer står vi igjen med «relativismens diktatur» – for å sitere en kjent kirkeleder.

Slik kan det synes som om vår kulturkrets i ett og samme hendelsesforløp har tapt både troen på Gud og tilliten til fornuften. Spørsmålet melder seg: Mon samtidigheten i dette tillitstap er tilfeldig? Likesom fornuften trenger gudstroen for å innse sin egen verdighet og begrensning, trenger troen fornuften for ikke å ende i blind og stum inderlighet. Dette var iallefall Augustins påstand. I hans ungdom hadde manikéismens løfter om sikker viten narret ham inn i en søken som endte i permanent tvil og ufruktbar påståelighet. (Conf. V:6, VI:4) Som kristen lærte Augustin derimot å fortolke virkeligheten i troens lys, slik profeten formaner: «Vil dere ikke tro, skal dere ikke forstå.» (Es 7:9 LXX) Det greske ordet for å «forstå» betyr etymologisk «å samle trådene».

Gudstroen inngir altså tilliten til å forstå sammenhengene i den umiddelbare livserfaring. Vi skjønner at meningen med livet er gitt i kjærligheten som Guds gave. Erkjennelsen hviler da i hva Augustin kaller en kjærlighetens orden: Kjærligheten griper viljen, og viljen anvender så fornuften til å fortolke virkeligheten. Denne trosbaserte fornuft forutsetter hverken total rasjonalitet eller blind forsantholden, men tillit til Gud som Skaperen. Tilsvarende ender det å betvile fornuftens evne til å rettlede oss i de jordiske ting med ateisme.

Tilliten til fornuften som en Guds gave til mennesket var kirkens bidrag til fremveksten av europeisk vitenskapelig tenkning. Dersom vi tror på Gud, finner tilværelsen sin rette orden. I virkelighetens verden er det noe som er sant i forhold til løgnen. Men sannhetsforestillingen gir oss også rett til å skjelne mellom det gode og det onde, det skjønne og det heslige. Bortfallet av slike grunnleggende forestillinger har kastet vår kulturkrets ut i meningsløshet. Desto viktigere er det at vi som kristne ikke lar oss rive med. Troen inngir ikke bare tillit til Gud, men også til fornuftens evne til å kaste lys over livet.

Generalvikar Roald Nikolai Flemestad
(Innlegget er også publisert i DagenMagazinet si papirutgåve i dag, måndag 20. desember)

Ave Maria?

Ein av mine teolog-vener plar minne meg om at «gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn». Ikkje minst gjeld det sjølve hovud-dogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste heresien (vranglæra) i den kristne kyrkja var nettopp fornekting av at Gud verkeleg vart ein av oss. «Too good to be true» som det heiter i popsongen.

Under eksotiske namn som gnostisisme, manikeisme, albigensianisme og andre har folk i 2000 år sett under tvil at Gud vart menneske, at Ordet vart kjøt. Ulike variantar av denne fornektinga reduserer evangeliet på sine måtar. Det vert gjort om til symbol, poesi, metafor, litteratur, novelle, nostalgi. Slik omgår dei det heilt essensielle at kristendom kviler på rein faktisk historie at Guds Son Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att. Det hende verkeleg. Faktisk!

Fram mot jul er det verkeleg naudsynt å spørje korleis vi kan verne oss mot den gamle heresien i aktuell utgåve. Korleis stanse forestillinga at Jesus er berre ein ide?

Eg trur der er berre éi hovudgate å gå: Guds mor Maria er vårt beste vern mot vranglæra. Ikkje noko menneske var meir enn henne merksam på inkarnasjonen. Ho bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Han som ho fødde i Betlehem, oppseda i Nasaret og miste i Jerusalem, var noko meir enn ein litterær konstruksjon. Ho visste meir enn noko menneske at han gret, han voks, han blødde, han døydde. Ho heldt han i armane sine både som baby og som lik. Ingen kan kome på ideen å legge ein idé i krubba. Idear har ikkje mødrer. Det har Gud.

Vår Gud kan rørast ved, strykast over håret, få og gi ein klem. Nett difor er Marias kjærleik beste sikringa mot jule-vranglæra. Ingen som trur at Gud har ei mor, kan kome på å redusere han til ein idé eller ei myte.

Difor skulle vi bruke advents- og juletida til på ny å gi Guds mor Maria den plass ho tilkjem i vår kristne tru. «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er det barnet du ber,» sa Elisabeth. Ringare kan ikkje vi heller vere. Katolikkar har rosenkransen som for kvar kule/perle minner om kor sentral Maria er i den kristne trua og bønelivet. Ho er både Guds og alle bedande si mor. Å meditere seg inn i bibelforteljingane med dei heilage mysteria i hennar liv, er beste måten å nærme seg henne på. Ho gøymde i hjarta sitt og grunda på det ho høyrde og såg.

«Ordet vart kjøt og tok bustad imellom oss.» Det er inkarnasjonen. Å halde mor Maria fram, er beste vernet mot at denne kristendomens hjørnesteinen vert rokka av gamle eller moderne fornektarar.

Ottar Mikael Myrseth prest i Den nordisk-katolske kyrkja, Ålesund
(Fyrst publisert 29. november i år, i DagenMagazinet)

Svar til ein lutheranar

Svar til ein lutheranar som er ( i ei av dei kristne dagsavisene her i landet) uroa over at Den nordisk-katolske kyrkja er for mykje prega av Den romersk-katolske kyrkja – og dermed for lite luthersk.

Lutheranaren gjer mellom anna gjeldande at “NKK godtar ved siden av Bibelen den katolske tradisjonen som overstyrer Skriften mange steder”. Dette er sjølvsagt ikkje riktig. Den nordisk-katolske kyrkja plasserer på ingen måtar tradisjonen over Bibelen, men set Guds ord så høgt at vi kan omtale det som eit sakrament. Men på same måte som lutherdommen held fram omgrepsparet “Skrift og vedkjenning”, nyttar vi den udelte tradisjonen som ein hjelpar til å tolke og forstå Bibelens skrifter.

Vidare kritiserer lutheranaren “den spesielle utførelsen av nattverden” som vi visst nok skal ha. Her kan eg opplyse han om at nattverdsfeiringa vår er i samsvar med den bibelske tradisjonen. I truskap mot overleveringa, kan vi ikkje tillate oss å lage eigne ordningar for nattverdsfeiringa, men lyt nøye følgje den apostoliske rettleiinga som ein finn til dømes i det første korintarbrevet (1. Kor. 11:23ff). Slik trur vi at Jesus gjev oss i brødet og vinen den lekamen og det blodet han ofra på krossen.

I artikkelen sin er det også tydeleg at lutheranaren ikkje forstår synet vårt på skriftemålet. Her kan eg seie at vi kjenner oss att i det som Den augsburgske vedkjenninga seier om skriftemålet: “Nyklemakta ver halden i ære, og det vert mint om kor stor ei trøyst ho gjev dei skræmde samvita, og at Gud krev tru, nemleg at vi skal tru på denne avløysinga som ei røyst som lyder frå himmelen og at denne trua på Kristus verkeleg får og tek imot forlating for syndene” (art. 25). Vi er så einfaldige i skriftsynet vårt at vi tek Jesus Kristus på orda når han seier til disiplane sine: “Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne”. (Joh. 20:23) Avlat i samband med skriftemålet, finn ein ikkje hos oss.

I teksten til lutheranaren kan det verke som han meiner at Den nordisk-katolske kyrkja lærer det same om jomfru Maria som Den romersk-katolske kyrkja. Dette stemmer heller ikkje. Vi er sjølvsagt svært glade i henne, og set henne og det ho har gjort svært høgt. Ho er den første truande i Den nye pakta og kyrkja si mor og vi priser henne – i samsvar med Lukas – salig (Lukas 1:48). Derimot avviser vi pavekyrkja si lære om Marias “ubesmittede unnfangelse” og tanken om hennar himmelfart som vi finn utan grunnlag i Den heilage skrift.

Når det så gjeld lutheranaren si frykt for at vi blandar saman tru og gjerningar, kan eg seie at vi samstemmer med den lutherske vedkjenninga slik vi les ho i Konkordieboken: “For hos de troende er de gode gjerningene et “varsel om frelse”, Fil 1(28), når de skjer av de rette grunner og med de rette formål. Det vil si når de skjer i den hensikt som Gud krever av de gjenfødte. Det er nemlig Guds vilje og uttrykkelige befaling at de troende skal gjøre gode gjerninger som Den Hellige And virker i de troende. For Kristi skyld lar Gud disse gjerninger behage seg og lover dem en herlig belønning i dette og i det kommende liv”. (Konkordieboken, Oslo 1985, s. 472)

Eg vonar med dette at lutheranaren er nøgd med disse oppklaringane.

O Salige synd

O salige synd, som oss så stor en frelser vant! 

Slik sies det i påskelovsangen. Skapelse, syndefall og frelse henger sammen. Gud skapte mennesket til fellesskap med seg, men vi leser i 1. mosebok at han også gav menneskene mulighet til å synde, ved å sette kunnskapens tre midt i paradis. Gud gjorde dette med henblikk på at syndens mulighet og den frie vilje ville kunne åpne mennesket for frelsen i Jesus. Gud har altså skapet verden og vår tilværelse med «tomrom» hvor han lar mennesket bestemme selv. Mange steder i bibelen og i vår egen historie ser vi hvordan Gud har trukket seg tilbake, Den allmektige har latt menneske velge selv og latt ondskapen få spillerom. 

Skal vi da gjøre det annerledes enn Gud, i måten vi ordner samfunnet vårt på? Et eksempel på dette ble aktualisert gjennom en nyhet i Vårt Lands nettavis nå nylig, om at Kenya nå ønsker å straffe homoseksuelle »  – Enhver mann som blir funnet i seksuell aktivitet med en annen mann, bør bli arrestert, sa Odinga på et valgmøte i Kibera-slummen i Kenyas hovedstad Nairobi søndag.»  Noen «fromme» mennesker ønsker å kristeliggjøre staten. Men staten kan ikke bli kristen. Den sekulære stat kan ikke gjøre seg til en guds-stat.  Den må verne om livet på det mest grunnleggende plan, men utover dette må staten og ordensvesenet få la folk bestemme selv. Hvis noen vil gjøre synd, så må de få lov til det. 

Kirken er stedet der Guds vilje skal gjelde absolutt. Her kalles folk til omvendelse fra synden, og til et nytt liv i Kristus. Så får vi gå ut herfra, som lys og salt for verden, og kalle til omvendelse fra gale valg, akkurat som Gud selv kaller oss utenfra oss selv og inn i sin virkelighet.