Advent og nye byrjingar

advent og jol02

Fyrste sundagen i advent og det nye kyrkjeåret markerte me i kyrkja i dag med messefeiring, ljostenning, og dei profetiske lesingane. Ein flott dag som var kald, klar og ny. No går me inn i advent, førebur oss på å feira inkarnasjonens mysterium, fastar, ber og ventar. På same måte som me vil vera førebudde på Herrens atterkome på den siste dagen. I motsetning til verda omkring oss som girar opp kjøpefesten, girar me no ned. Ei tid for å reorientera seg. Få prioriteringane i orden att. Gi Gud den plassen han fortener.

I vår familie skal me snart ha ein dåp, også det ein ny begynnelse, den nye begynnelsen par excellance. Også vår kjære diakon Roy-Olav, Karen og Nikolai har fått ein ny gut denne veka; Tobias! Til lukke. Og vår kyrkjetenar Per – alltid samarbeidsvillig og snill – hadde sin himmelske fødselsdag denne veka.

«Den lille fasten» tek til i morgon, slik advent har vore markert sidan oldkyrkja. Dette var også vanleg i Noreg i middelalderen. I Hardanger, der eg kjem frå, åt ein enkel kost i advent til langt ut på 1800-talet. Det å leva som vegetarianar i fasten, eller avstå frå visse matvarer, redusera, forenkla, gjer også festen som kjem meir som ein fest. For ortodokse kristne er det viktig at ein ikkje berre fastar frå mat, men også frå all urett. Som Johannes Krysostomos seier: me fastar ikkje berre frå kjøt, men frå synder også. Det er som ein medisin, seier Johannes Krysostomos, både for kroppen og sjela.

Guds ord til profeten Jesaja (kap 58) seier dette på ein kraftfull måte:

Dei søkjer meg dag etter dag
og ønskjer å kjenna mine vegar.
Dei liknar eit folk som gjer det som er rettferdig
og ikkje vender seg bort frå det som er rett for deira Gud.
Dei spør etter mine rettferdige lover
og ønskjer å vera nær Gud.

«Kvifor ser du ikkje at vi fastar,
kvifor merkar du ikkje at vi plagar oss sjølv?»
Sjå, på fastedagen gjer de som de vil,
de driv alle arbeidsfolk hardt.

Sjå, når de fastar, blir det strid og krangling
og slagsmål med urettferdige nevar.
De fastar ikkje slik i dag
at røysta dykkar kan høyrast i det høge.

Er dette den faste eg har valt,
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
bøyer hovudet som eit siv
og legg seg i sekk og oske?
Kallar du dette for faste
og ein dag etter Herrens vilje?

Nei, dette er fasta eg har valt:
å løysa urettferdige lenkjer,
sprengja banda i åket,
setja undertrykte fri
og å bryta kvart åk sund;

å dela ditt brød med svoltne
og lata hjelpelause og heimlause koma i hus.
Du skal sjå til den nakne og kle han,
du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

Då skal lyset renna for deg som morgonroden,
brått skal du lækjast.
Di rettferd skal gå framføre deg
og Herrens herlegdom følgja etter deg.

Det er altså meiningslaust å fasta dersom det berre er noko ytre, utan at ein brukar det som ein reiskap til å lata seg omforma. Et mindre, og gjev overskotet til dei som ikkje har. Det er ein faste som er etter Guds vilje. God advent!

Advertisements

One response to “Advent og nye byrjingar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s