Kva kan kyrkja gjera for dei fattige?

I ei av preikene til st. Johannes Krysostomos (prest i Antiokia på 300-talet, og seinare biskop over Konstantinopel) kjem han inn på korles kyrkja i Antiokia stør og syrgjer for dei fattige. Me må sjå føre oss at presten talar til ei over måte stor forsamling, Krysostomos drog fulle hus og konverterte folk i hopetal ved forkynninga si. Av byens om lag 100.000 innbyggjarar anslår Krysostomos at ein tidel er rike, ein tidel er fattige – og resten er midt i mellom. Det me ville kalla middelklassen (så eg nyttar dette ordet i mi omsetjing). Så seier han:

Dei rike er altså få, middelklassen er mange, og dei fattige er langt mindre talrike enn desse. Sjølv om det då er så mange som skulle vera i stand til å gi mat til dei som svelt, er det mange som lyt gå til sengs svoltne. Ikkje fordi dei som har mat ikkje lett kunne ha hjelpt dei, men på grunn av deira store barbari og umenneskelegheit. For dersom både dei rike og middelklassen hadde delt mellom seg [ansvaret for] dei som treng brød og klede, så hadde om lag 50 menneske kunna delt på å hjelpa ein mann.

Så ber han byens borgarar om å ta lærdom av kyrkja si sosiale teneste:

Men likevel, sjølv om det finst så mange som kunne hjelpt, lir dei fattige kvar dag. Og for at de kan forstå kor stor umenneskelegheita til dei andre (dvs. byens borgarar) er, sjå kva kyrkja vår får til. Og det på trass av at ho ikkje er blant dei rikaste, men har inntekter som plasserer ho blant dei lågaste av dei rike: Tenk på alle enkjene ho forsørgjer, kor mange einslege, for lista på dei har no nådd 3.000. I tillegg til desse gjev kyrkja støtte til dei som sit i fengsel, dei sjuke i herberget, dei friske, pilegrimane, dei vanføre, dei som tener ved altaret. Og med tanke på mat og klede, kjem det folk innom kvar dag for hjelp – og kyrkja sitt forråd minkar likevel ikkje.

Men kva, seier nokre, skal borna våre arva (underforstått, dersom folk gav vekk arven på forskot til dei fattige, min merknad)? Svaret er at rikdommen vil berre verta endå større, samla saman i himmelen.

Men er de ikkje villige til å gjera dette? Gjer i så fall halvparten av det, eller ein tredjedel, eller ein tiendedel. Då kunne vår by – ved Guds nåde – vera i stand til å gi næring til dei fattige i ti byar.

Spørsmål: Kva kan vår kyrkje gjera for dei sjuke, einsame, fattige eller framande på våre heimstader?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s