Tradisjonen og Jesu ættetavler

Eg er fortsatt ein protestant på veg mot aust. Enno er eg i krattskogen der eg prøver å finne veg. Nett no vasar eg i kvist og kvast der noko er «Skrifta åleine» og noko er «Tradisjonen» og noko er «tradisjonar» og noko er «meg åleine.» Av og til ser eg ein opning, så tetnar det til att.

I morges opna det seg ein veg vidare. Eg satt og las om Ireneus av Lyon, det åndelege barnebarnet til ap. Johannes. Ireneus var «son» av Polykarp. Polykarp var «son» av Johannes. Johannes var «son» av Jesus. Det er vel dette som er utgangspunktet for den såkalla suksesjonen. Då med eitt slo det meg, dette minna meg på noko anna eg har lese: Jesu ættetavler. Desse gørrkjedelege oppramsingane som både Matteus og Lukas brukar ganske mykje plass på.

Kvifor? Kva interesse har eg, ein norrøn heidningekristen, av å vite at Jojakin fekk Sjeatiel, Sjeatiel fekk Serubabel, Serubabel fekk Abiud … osb. ein gong for 2500 år sidan.

NT byrjar med Jesu ættetavle. Det er som Matteus vil seie: Sjå her, her har du den lange linja! Kan det ha med suksesjonen å gjere? Den ubrutte linja heilt frå Adam av, den fyrste profet som skulle bringe Guds ord vidare til sine etterkomarar, gjennom ei «gørrkjedeleg» rekkje av bodberarar. Tilslutt skulle rekkja nå sitt høgdepunkt i Kristus, bodskapen sjølve.

Og når Kristus kom, peikte han alltid til profetane, for å prove at han var den sanne Messias. Han sa aldri: Sjå mine under og karisma, høyr min autoritet. Bramma aldri av sitt intellekt og vidd. Han sa berre: Kva seier lova, kva les du der? Trudde de Moses, trudde de meg! Han seier det i klar tekst: Eg talar ikkje ut frå meg sjølve, men berre det eg har høyrt hos Faderen. Joh. 8. Mest tydeleg kjem dette fram når han vil forklare kva som hadde skjedd i Jerusalem påskedagane, då han legg ut alle skriftene for dei to fortørna læresveinar som gjekk til Emmaus.

Så overgav han bodskapen vidare til Johannes & co (utan forkleining av Peter), som gav den vidare til Poykarp, som gav den vidare til Ireneus…! Og vi sit med skatten, funklande vakker, enno. I leirkar, framleis.

Ireneus av Lyon, tredje generasjon apostel, skriv visst mykje om suksesjonen. Har nokon tekstar som stadfestar det?

Advertisements

4 responses to “Tradisjonen og Jesu ættetavler

  1. Takk for denne teksten, Magne, og velkomen som bloggar. Eg har rett og slett ikkje tenkt over lekkja mellom ættetavlene og suksessjonen før no, men dette gjev sjølvsagt biletet eit sterkare lys.

  2. Vi får sjå kor mykje blogging det blir. Eg har hatt stort utbytte av det folk har skrive på denne sida.

    Det er veldig interessant når nokon refererer oldkyrkjelege kjelder. Eg skulle t.d. ynskje at «Mot heresiene» av Ireneus var tilgjengeleg på norsk. Finnast det ingen med språkleg og teologisk kapasitet som kan ta eit slikt prosjekt? Jo, jo kanskje kravstort det då!

  3. Kjære Magne V. Kristiansen!
    Jeg antar stedet som du søker hos Ireneus, er følgende:
    «Thus the tradition of the apostles, manifest in the whole world, is present in every church by all who wish to see the truth. We can enumerate those who were appointed by the apostles as bishops in the churches as their successors even to our time,..» Adv. Haer. Bok III, 3.1 (i engelsk oversettelse)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s