Nye redaktørens programerklæring

Eg har fått det ærefulle oppdraget å overta redaktør-ansvaret for den nordisk-katolske bloggen etter Roy-Olav Øien. Som om ikkje det var nok, har eg også vorte utnemnd som redaktør for det nystarta nordisk-katolske kyrkjebladet, avd. Bergen (somme går med tankar om eit landsdekkjande blad, men lat oss ikkje gapa over for mykje på ein gong). Sistnemnde skal etter redaksjonens plan sjå dagens ljos i januar, og vil vera bygt over same leist som «krinsbladet» i Ålesund (send meg gjerne innspel om bladet).

For dei som ikkje kjenner meg heiter eg Øystein Lid, er journalist, litteraturvitar, tobarnsfar og prøver å leva ut livet som ortodoks kristen i den nordisk-katolske konteksten.

Redaktørskiftet i bloggosfæren tyder reint praktisk at dei som ikkje har eigen WordPress-konto kan senda innlegg til meg for publisering (oysteinlid -alfakrøll- gmail dått com). Eg gjer merksam på at det er heilt gratis å få sin eigen wordpress-konto, og dei av våre medlemer som gjer det kan dermed publisera fritt fram. Mitt ynskje er at flest mogeleg kan vera med og bidra til bloggen. Frå medlemer i DNKK vil det ikkje vera noko form for innhaldsmessig sensur frå mi side. Dersom personar i krinsen rundt DNKK som ikkje direkte er medlemer har lyst å bidra med noko, skal eg vera open for det, men me held på retten til å lesa gjennom og føreslå endringar dersom det skulle vera naudsynt.

Denne bloggen vert så god som bidragsytarane gjer han. Eg tenkjer at det har vore veldig mykje bra og interessant og utfordrande som har vore skrive om her, ikkje minst gjennom lange debattar. Eg har lyst å vidareføra denne tradisjonen, men samtidig oppfordra folk som sit på gode tekstar om å ikkje halda dei tilbake. Kvar sundag vert det halde preiker i kyrkjene våre rundt om i landet (her finst det sikkert nokre manuskript, bortsett frå dei som har den underlege gåva og kunna halda ein samanhengande tale utan skriftleg førelegg). Gjenbruk av tekstar til blad som Liv og Lære, og anna undervisningsmateriale – me har folk som skriv på doktorgrader i blant våre medlemer. Eg ser føre meg at dersom me berre kan ta i bruk ein brøkdel av alt dette, så kan dette verta veldig bra.

På ein blogg egnar det seg godt med det korte og slagkraftige, av og til det dagsaktuelle, men det skal vera rom for å tenkja lange, samanhengande tankerekkjer også. For eigen del saknar eg fleire personlege tekstar. Skriv kort om kvifor du vart dregen i gamalkatolsk/ ortodoks retning. Skriv om kva det gjorde med deg å ta til å be tidebøner. Kva åndelege sanningar oppdaga du i løpet av prosessen? Kva bøker gjorde reisa lettare?

Denne bloggen er kanskje det største opne vindauget DNKK har mot samtida. Dette er ei av våre største misjonsmarker. Det er mange som les denne bloggen som aldri har sett sin fot innanfor nokre av våre kyrkjedører. Eg vil oppfordra alle til å bruka denne sjansen.

Nett no les eg boka «Keltiske bønner», og avsluttar med ei gamal bøn frå den tradisjonen som fyrst førte kristendommen hit til landet:

Mi hand er trøytt av å skriva.
Eg held ikkje fjørpennen støtt meir.
Den kjenslevare spissen spyttar sin
mørke, blå straum. Orda som vert
forma på arket er hakkete og ujamne.

Herre, lat det vera din visdom, ikkje
min dårskap, som passerer min arm og
hand. Lat dine ord ta form på arket,
for når eg er trufast mot det du dikterer,
er mi hand stø og sterk.

Lat meg aldri skriva ord som er harde
eller verdslege. Lat dine uvurderlege
juvelar skina på desse arka.

Advertisements

3 responses to “Nye redaktørens programerklæring

  1. Hei,

    Konverterte til «Moderkirken» i 1987, og har ikke angret. Det jeg ikke forstår er hvorfor ikke Deres Kirke kan bli «romersk katolsk»? Det er jo ikke så mye som skiller våre kirkesamfunn (?)
    Mvh
    Sverre Dehli

  2. Jeg personlig er glad for at forskjellene mellom våre kirkesamfunn ikke er så store. Imidlertid finnes det endel medlemmer hos oss som ikke ville ha kunnet konvertere til den Romersk-katolske kirke, både av kulturelle, dogmatiske og personlige grunner. Vi har respekt for dette. For min egen del synes jeg at «nye» dogmer, fortrinnsvis det om pavens posisjon, er de mest problematiske med den Romersk-katolske lære. Ellers ønsker vi som alle kristne enhet i hele den katolske kirke. Håper ihvertfall at dette gav et lite svar.. Alt godt!

  3. Takk for svar ! Som jeg først nå oppdaget (!)
    «Pavens posisjon..» vel, tror det er en styrke vi kun har en pave i Roma som har fått nøklemakten til å binde og løse.Og vi har jo Vår Herres ord for at Han ville bygge sin kirke på Peter,klippen.Dogmene om pavens myndighet vil jo bare forsterke og bygge opp rundt dette…
    Så bilder av en Messe dere hadde i Værne klosters ruiner i 2010. Det må være den første Messe med katolsk innhold siden reformasjonen. Håper dette blir en tradisjon. Vil gjerne komme, da jeg ikke bor langt unna det som var johanitterklosteret.

    Mvh
    Sverre Dehli

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s