Eg er fortsatt ein protestant på veg mot aust. Enno er eg i krattskogen der eg prøver å finne veg. Nett no vasar eg i kvist og kvast der noko er «Skrifta åleine» og noko er «Tradisjonen» og noko er «tradisjonar» og noko er «meg åleine.» Av og til ser eg ein opning, så tetnar det til att.
I morges opna det seg ein veg vidare. Eg satt og las om Ireneus av Lyon, det åndelege barnebarnet til ap. Johannes. Ireneus var «son» av Polykarp. Polykarp var «son» av Johannes. Johannes var «son» av Jesus. Det er vel dette som er utgangspunktet for den såkalla suksesjonen. Då med eitt slo det meg, dette minna meg på noko anna eg har lese: Jesu ættetavler. Desse gørrkjedelege oppramsingane som både Matteus og Lukas brukar ganske mykje plass på.
Kvifor? Kva interesse har eg, ein norrøn heidningekristen, av å vite at Jojakin fekk Sjeatiel, Sjeatiel fekk Serubabel, Serubabel fekk Abiud … osb. ein gong for 2500 år sidan.
NT byrjar med Jesu ættetavle. Det er som Matteus vil seie: Sjå her, her har du den lange linja! Kan det ha med suksesjonen å gjere? Den ubrutte linja heilt frå Adam av, den fyrste profet som skulle bringe Guds ord vidare til sine etterkomarar, gjennom ei «gørrkjedeleg» rekkje av bodberarar. Tilslutt skulle rekkja nå sitt høgdepunkt i Kristus, bodskapen sjølve.
Og når Kristus kom, peikte han alltid til profetane, for å prove at han var den sanne Messias. Han sa aldri: Sjå mine under og karisma, høyr min autoritet. Bramma aldri av sitt intellekt og vidd. Han sa berre: Kva seier lova, kva les du der? Trudde de Moses, trudde de meg! Han seier det i klar tekst: Eg talar ikkje ut frå meg sjølve, men berre det eg har høyrt hos Faderen. Joh. 8. Mest tydeleg kjem dette fram når han vil forklare kva som hadde skjedd i Jerusalem påskedagane, då han legg ut alle skriftene for dei to fortørna læresveinar som gjekk til Emmaus.
Så overgav han bodskapen vidare til Johannes & co (utan forkleining av Peter), som gav den vidare til Poykarp, som gav den vidare til Ireneus…! Og vi sit med skatten, funklande vakker, enno. I leirkar, framleis.
Ireneus av Lyon, tredje generasjon apostel, skriv visst mykje om suksesjonen. Har nokon tekstar som stadfestar det?