Tankar ved Olsok-leite

Vi er så flinke til å nikke,
for det må vi då gjere
om vi oss rett og klokt skal skikke,
ikkje stridige vere
og Staten ulydnad vise,
for det skaper berre krise.
 
Det er avlegs alt dette gamle.
Nei, nytt vi no må tenkje,
på forelda Gudsord ikkje samle,
for meir kunnskap vi har funne
og større erkjenning vunne.

Det gjeld å vise toleranse,
ikkje tru det er gale
å gå ifrå skanse til skanse,
men innsjå det er bale
å halde fast på det gamle
som ned med tida vil ramle.

Ja, tenk berre på ekteskapet!
Alle det no kan famne,
for vi har tetta igjen gapet,
slik at ingen skal hamne
utanfor eit felles gode
på denne vår vesle klode…
 
For likestilling, det er ordet
som allting gjennomsyrer,
og vi trur oss stå trygt ved roret
og rette vegen styrer,
kristenarven ut vi listar
og kvar fordom av oss ristar.
 
Kor mykje dårskap kan vi romme
før landet går til grunne,
før honnørorda har blitt tomme
og dømmekrafta svunne?
Til kva skal vi då gripe?
Det blir litt av ei knipe…

Advertisements

9 responses to “Tankar ved Olsok-leite

  1. Helt ærlig: Du burde overveje at skrive salmer. Det er en god sang med vid og bid. Måske skulle du berige kirkens skatkiste med dit talent.

  2. Takk for oppfordringa,Rene. Og det har seg slik at eg faksisk fuskar litt i det faget det er å skrive salmar, det veit dei som kjenner meg… Men det er vanskeleg sjølv å vurdere kvaliteten på det eg skriv… Eg berre bruker ei åre eg har fått av Gud…

  3. Som kristne vert vi ofte utfordra når det gjeld vikingkongane våre, spesielt Olav den Heilage og for ikkje snakke om Olav Tryggvasson den råtassen.

    Eg har lyst til å minne om eit paradoks:
    Vi har etter at kristentrua kom til landet lært kva barmhjertigheit er. (Dårleg nynorsk, men eg finn ikkje eit godt nynorsk alternativ til ordet «barmhjertighet»)

    Fordi vi no har lært barmhjertigheit har vi og fått evna til å sjå kor gale dei gjekk fram, desse som knesette kristenretten. Vi skuldar dei for barbari og sadisme og grunnen er at vi er kristne. Det var St. Olav og Olav Tryggvasson med fleire som la dei politiske føringane for at det kunne skje. Saman med dei kom fromme og ufromme klerkar og munkar som synte sann kristen tru.

    Samtida tykte vel Olav var ein hard mann, men dei var harde sjølve og plikta å hevne krenkingar mot slekta. Den som ikkje gjorde så var ein blauting og ein feiging. Dessutan, sett i forhold til berserkar og sjørøvarar var Olav ein solid kar. Det er fortalt om ein som foretrakk å verte brent inn i staden for å ta i mot grid fordi han ikkje kunne hevne slekta. Då valde han heller ein ærefull død enn den brennande vanæra å ikkje kunne hevne uretten.

    Eit anna aspekt er dette:
    Kanskje dei ikkje gjorde det åleine.
    I Loen står ein gamal steinkross, ingen veit kva tid den vart reist her i indre Nordfjord, men sola midt i krossen vitnar om kvar inspirasjonen kom frå. Frå det keltiske riket vest i havet. Kanskje sto han der lenge før Olavane, kanskje ikkje. Sikkert er det at det norrøne folket kjente til Kvitekrist lenge før 1030. Då var tida overmogen for det store sedeskiftet. Slaget på Stiklestad var like mykje ei politisk tevling som «ei kristning av landet» Fiende og strateg biskop Sigurd var jo på den andre sida av striden.

    Då Olav fylka hæren sin var det nok meir kongsmakta har var oppteken av enn kristning. Så fall han og etter det kom alle tankebygningar ut av kontroll og det gamle heidenskapet sprakk og smuldra som ein eksalerande flenge i den gamle demma av blot, utsetjing av sveklingar, blodhevn, trellekår og sikling etter gull.

  4. Miskunn og medynk er nynorske ord som er dekkjande for det bokmålske barmhjertighet.
    Når det gjeld kristninga av Noreg, har nok den byrja lenge før år 1029, truleg allereie på 700-talet.

  5. Nei, ikkje for å vere vrang, men «barmhjertighet» har dessverre ikkje eit godt alternativ på nynorsk, sjølv om både «den miskunnsame samaritan» og «forbarme deg» og «medynk» osb sjølvsagt kan og må brukast. Eg har tenkt på varmhjarta fordi «hjartet» må med i dette. Forbarme er svært godt, men ein kan vel ikkje seie «den forbarmande samaritan» eller kan ein..?
    Ikkje det at dette er veldig viktig, som regel er det nynorsken som stikk av med det mest klangfulle språket.

  6. Sidan opphavsretten også gjeld alt som vert lagt ut på Internett, må vel eg som har forfatta dette diktet, gje andre løyve til å bruke det i andre samanhengar. Dei som ønskjer det, må såleis kontakte meg. Det kan gjerast via telefon: 55326645 eller mobil: 90841947.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s