Ofre livet for galskapen?

Noen i min bekjentskapskrets har gjort militær tjeneste i Afghanistan. De jeg har snakket med har opplevd denne tjenesten som meningsfull og viktig. Dette til tross for at et stort antall norske mennesker til stadighet rykker ut og beklager deres innsats. «Hvorfor ser ikke flere galskapen i å sende soldater til Afghanistan?» sier Terje Angelshaug i Bergens Tidende, ifølge www.vl.no (30.06). Reaksjonene mot norsk deltagelse i krigen i Afghanistan når selvfølgelig nye høyder når soldater blir drept. Først da kommer krigens meningsløshet virkelig nær.

Uten å ta politisk parti: Man må for det første kunne spørre om ikke det er noe meget usmakelig å nøre opp under folks misnøye med krig nettopp når noen har blitt drept. Hvis det er krig blir noen drept, det er krigens vesen. Disse reaksjonene er forståelige, men de virker ikke særlig gjennomtenkte eller prinsippielle.

For det andre tar man fra soldatene all verdighet. Her er unge menn og kvinner i sin beste alder på risikofyllt oppdrag på vegne av staten Norge, mens noen altså velger å kalle deres innsats for «galskap». Ja, krig er galskap, men noen ganger en nødvendig galskap. Denne «galskap – retorikken» virker å være direkte skadelig for folks moral fordi den forflater virkelighetsforståelsen fullstendig: Som om statlige intervensjoner i denne verden enten er fullstendig galskap eller fullstendig moralsk riktig.

Vi ber Gud fri oss fra all krig og ødeleggelse. I vår tid, der egosismen står så sterkt, bør vi også takke for at noen «gidder» å sette livet til for det de tror er riktig.

Advertisements

21 responses to “Ofre livet for galskapen?

  1. På den andre sida bør ein ikkje nytta dei fire dødsfalla for å knebla spørsmålet “Har Noreg noko i Afghanistan å gjera?”. I økonomisk teori finst det noko som heiter “opptrapping av irrasjonelt engasjement”. Det går ut på at når ein investor har nytta mykje pengar på (noko han ikkje skjønar er) eit tapsprosjekt vil han ofte halda fram med å pøsa pengar inn med von om å tena inn det tapte. Den same fella kan ein gå i under krigshandlingar, slik t.d. Napoleon gjorde mot Russland, som nytta den brente jords taktikk. Og hugsar de når eit samla presseNorge nytta ein dødssjuk gut (Mehmet-saka) for å pressa gjennom etisk tvilsame endringar i bioteknologilova? Det vart argumentert med kjensler, ikkje med fakta. Det same står ein i fare for å gjera dersom ein nyttar dødsfall i krig som legitimering av krigen. Ein gløymer spørsmål som: er det rett at Noreg er med på ein angrepskrig som har veldig lite med å forsvara heimlandet å gjera? Er afghanarane som forsvarar landet sitt så ulike gutta på skauen som kjempa mot dei invaderande tyskarane? Er det nokon rettferdig krig eller er det ein lang og grundig hemnkrig etter 11. september?

  2. «Alltid i strid. Rust deg! Spydene blinke. Fienden er der. Hvor da? I deg selv fekter han imot deg». (Heinrich Muller) Dette er den kampen du skal stride, fr. Johannes. Den andre krigen tilhøyrer eit anna «regiment» og er ein veg til fortaping om du går på han. (Mat. 5:9 vs. Mat. 5:21-22)

  3. Men skal man ikke uttale seg om dårlig behandling av andre mennesker? Jeg tok ikke stilling til krigen i Afganistan som sådan.
    Når det er sagt: Jeg tror også det finnes ondskap materialisert i regimer, i tillegg til den som vi kjemper med selv. Hvis man «åndeliggjør» all ondskap, så blir det pent lite vi bryr oss om andre enn oss selv, eller…?

  4. Ditt oppdrag, fr. Johannes, er dette: «Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til disipler, idet I døper dem til Faderens og Sønnens og den Hellige Ånds navn, og lærer dem å holde alt det jeg har befalt eder». Her er det to ting du må konsentrere deg om; korleis gjere disiplar mest mogleg effektivt og kva Jesus Kristus har befalt – og halde dette. Alt anna er sekundært.

  5. Har da Kirken ingenting å si til om problemer i vår verden? Hva slags folk vil tro på budskapet vårt hvis vi ikke overhode står opp mot utrett? Hvis jeg ikke hadde skjøttet mitt primære oppdrag, da hadde kanskje argumentet ditt hatt en viss kraft. Vi kan være uenig om krigens nødvendighet, men det er helt sekundært i denne sammenheng.

  6. Krig er av det vonde, men sidan vi kristne også lever i denne verda, kan vi ikkje skyve realitetane unna …
    Noreg sitt krigsengasjement i Afganistan er problematisk av fleire grunnar. Det vanskeleggjer humanitert arbeid som t.d. det arbeidet Kirkens Nødhjelp har drive der i fleire tiår. Dessutan er menneske frå Vesten ut frå muslimsk tankegang for vantruande å rekne, og derfor eit mål for muslimske grupperingar som ut frå si tru, er motivisert til å utrydde alle vantruande, det vere seg kristne afganarar eller militært personale og hjelpearbeidarar frå Vesten. Kva vi enn må meine om den norske krigsinnsatsen og tilhøva i Afganistan, så la oss be for dei kristne i dette ekstremt muslimsk landet! Dei trur på Jesus med livet som innsats…

  7. I dei første hundreåra var den kristne kyrkja ei «sekt» som levde i det romerske imperiet. Romerske soldatar var leigesoldatar og den romerske krigsmaksinen var ekspansiv og aggressiv. Ingen kristen trong verve seg til krigsteneste. Då ein soldat ein gong kom til Tertullian (som mange passifistar støttar seg på) og Tertullian krevde at han skulle slutte som soldat, spurte soldaten: Men kva skal eg då leve av? Då svara Tertullian: Det er ikkje det er sikkert du skal leve!

    Men så vart altså fyrstar og keisarar og større deler av folket døypt og kristna og no vart det ikkje så beinkløyvt for dei som skulle styre landet å innta pasifistiske standpunkt. Ein konge har plikt til å verje sitt folk.

    Det prinsippielle spørsmålet er dette: Kan eit land eller ei regjering ha eit pasifistisk standpunkt? Eller for å snu på flisa: Kan ein kristen t.d. vere forsvarsminister? Dersom det faktisk er Guds ordning at statmakta SKAL bere sverdet, – sett at alle i landet vart rett truande menneske og fiendehærar sto ved grensa – kven skal då gjere skitjobben?

    Spørsmålet her er om det er mogleg for eit heilt folk å leggje ned våpna.

  8. Først vil eg seie at kristendommen nok ikkje er ein pasifistisk religion, og Bibelen (spesielt GT) opnar for sjølvforsvar, men avgrensar denne retten til å kjempe for eigen eigedom (2. Mos. 22:2-3). Når så det er sagt, er vi no i ei nyare pakt som faktisk har ein høgare standard enn den gamle – jf. ovannemnde sitat frå Bergpreika.

    Kva realitetane er, Audny? 🙂 Vel, kvart einskild menneske er ansvarleg for sitt eige liv innfor Gud. Det hjelper altså ikkje om du er medlem av eit kyrkjesamfunn om du ikkje held fast på Kristi ord (Joh. 8:50) og gjer det som han gjer; ”Den som seier «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han” (1Joh. 2:4).

    Til deg Magne, må eg seie at eg er litt usikker på kva du meinte i starten av teksten din med tanke på den 207 år lange romerske freden frå ca år 27 f.Kr. til år 180 e.Kr. Når det gjeld det andre, er det klart ein konge har plikt til å verje landet sitt, men ein kristen har ikkje plikt til å vere (verdsleg) konge. Ein kristen er først og fremst ein borgar i Guds rike og ikkje i andre riker. Sorry, men der er ingen glidande overgongar mellom ”regiment” og nasjonar i Bibelen. Ein kristen kan sjølvsagt heller ikkje vere forsvarminister i Noreg i dag – i så fall bryt han boda og sanninga er ikkje i han. Og til det siste spørsmålet ditt, Magne, har du høyrt den gamle countrysongen ”Weapon of prayer” spelt inn i seinare tid av The Notting Hillbillies? 🙂

    Så, Johannes, om ein går på hendene frå Trondheim til Bergen, syng i kor og deltar i imponerande antikrigskampanjar, vil ingen likevel tru på bodskapen vår. Dei vil heller stemple oss som dei ”frp-arane”, ”anarkistane” eller plassere oss i alle andre båsar enn Kristusbåsen. Det einaste vegen inn til menneske i dag er å vere kristuslik og ein Guds rikes ambassadør og då må ein følgje dei lovene og spelereglane som gjeld der.

    Så har ikkje Kyrkja noko å seie om problema i verda vår? Nei, det har ho ikkje anna enn å gje menneska Jesus Kristus og dermed invitere dei inn i eit anna rike. Du blir altså ikkje nordmann ved å demonstrere mot oljeboring i Canada like lite som du blir kristen ved å offentleg vere mot – eller for – krigen i Afghanistan.

    PS: Eg har drive litt kampanje for denne debatten på Facebook, og dette er ein av kommentarane eg fekk der:

    «Det blir jo uansett å vri p… Vis merå læra slik ein ynskjer det sjølve jo, ikkje for å være naiv, men for oss ikkje-truande virka det jo rart at kristne velger å bryte eit av dei ti boda «du skal ikkje slå ihjel» ved å forkle det med nyare bibelvers som med litt tolking tillet nettopp drap.Om det er slik at ein med litt tolking kan finne unntak for eitkvart bod, er det jo i bunn og grunn fritt fram for utruskap, synd, drap og hor over alt, sjølv hjå dei beste kristne!? Eller vent, slik er det jo overalt allereie….»

    … som om eg skulle sagt det sjølv 😉

  9. Roy-Olav vedr. den romerske freden:

    Eg er nok usikker sjølv og har heller ikkje god nok oversikt over korkje historia eller teologien, men det eg vel forsøkte å få fram var at så lenge kristne er ein minoritet og ikkje innehar politiske posisjonar kan ein vere «eksklusive» og avsondra frå denne verda og «koste» på seg radikalitet.
    At ein kristen ikkje kan vere forsvarsminister tykkjer eg er vanskeleg å svelje.

    Eg er ikkje samd med degi at «ein kristen først og fremst» er borgar i Guds rike og ikkje andre rike. Vi er båe delene, fullt og heilt. Det er nettopp den avsondring (innviging og helging er noko anna) som eg opplev anti-inkarnert og som dei lågkyrkelege så altfor ofte har vore eksponentar for – ikkje blande seg med denne verda, passe seg for alt, bli kulturfiendtleg og til syvande og sist forakte sjølve skapningen.(Utan at eg skuldar deg for slikt, då er nok eg sjølve nærare den grøfta enn nokon)

    Sæle dei tolsame, dei skal arve JORDA. Ved tru fekk Abrahan lovnad om å arve VERDA. Jorda er vår skapte heim, Guds store, elskelege, materielle prosjekt som var såre godt og atter skal verte det. Ein dag stig han ned for siste gong og slær sin bustad opp hjå menneska. Han har blese sin livsande over kjøtet og skal nok ein gong gjere det, for alt kjøt (som tyder meir enn berre menneske) skal sjå Guds frelse. Inntil vidare er arven gøymt i HIMMELEN, for at ikkje den skal smittast av vår elendige syndearv anten eg er munk eller fyrste.

    Kva har ikkje dette å seie for t.d. vårt miljøengasjment, i motsett fall til den åndeleggjering ein kan finne i gnostifisert kristendom der vi skal «høgare opp». Og kva konsekvensar dette får for vår våpenbruk, ja, sjølvsagt, her har vi noke å tyggje på.

    Eg er heilt samd med deg at vitnemålet om denne røynda aldri må verte lunken og blass. Vi er ofte i knipe som Kristi læresveinar, han som sa, snu andre kinnet til.

  10. Dette var eit godt og reflektert svar, Magne. Kva med at eg kjem innom Blakset for å helse på, sjå galleriet og prate meir? Eg er i Nordfjord frå den 20. juli og utover. 🙂

  11. Få grunner er gode nok til vold og væpnet konflikt.
    Beveggrunnen til at NATO er i Afganistan er sikkerhetspolitisk fare, og derfor risikerer Norge sine egne borgeres liv. At Norge i Afghanistan sammen med NATO-allierte forøvrig bidrar til stabilitet og utvikling synes usikkert med korrupsjonsanklagene mot afghanske myndighetspersoner rundt president Karzai.

  12. Jeg forstår at innlegget mitt kunne tolkes dithen at det var et forsvar for norsk krigføring i andre land. Jeg tenkte i utgangspunktet ikke dette, og er enig i at teologer skal være forsiktige med å ta side i slike spørsmål.
    Helt uavhengig av standpunkt ang. denne krigen, mener jeg at det er usmaklig å trekke seg inn i pasifist-skallet sitt straks noen blir drept i en krig. En krig kan vel aldri bli særlig populær, nettopp fordi folk dør. Spørsmålet er om krigsmotstanden hadde vært like sterk hvis krigen hadde gått bra, og fred hadde blitt opprettet.

    Når det kommer til sp.målet om pasifisme eller ikke, er jeg like pragmatisk som de første kristne. kristne kan være soldat, men er ikke undratt moralsk ansvar selv om man står under kommando (keiserdyrkelse, ofring, hensynsløs og aggresiv krigføring kan ikke kristne være med på). Jeg synes personlig det er litt problematisk ferdige prinsippielle holdninger til krig/ikke-krig.

    ønsker dere et godt debattklima i Stryn! 🙂

  13. Kva er realitetane, Roy-Olav? Eg er ein syndar som lever i ei verd som ligg i det vonde. Eg kan ikkje krinse slik rundt mitt eige forhold til Gud at eg gjer meg blind for realitetane i verda. For eg ser at eg er kalla til å vere til for mine medmenneske, og det er der eg sviktar.
    Mange av dei som dreg til Afganistan, det vere seg soldatar eller hjelpearbeidarar, er idealistar. Dei søkjer å kjempe for det gode, ofre seg med eit håp om å fremje fred og rettferd, demokrati og menneskeverd, bøte på fattigdom og nød, verne dei svake og hjelpe kvinner og barn i eit mannsdominert og valdsprega samfunn.
    Rundt om i verda lider trussøsken; dei opplever forfølging, trakassering og fengsling fordi dei tilhøyrer Kristus.
    Men kva gjer eg? Den som ser ein bror eller ei søster lide nød og ikkje hjelper dei med det dei treng, syndar både mot sin neste og mot Gud.
    Kva ofrar eg? For han eg seier at eg trur på? Av tid og pengar, av krefter og ressursar for å gjere denne verda litt betre å leve i? Herren miskunne seg!

  14. Me er kanskje over på ein litt annan debatt enn den fader johannes (ikkje) la opp til, men det er sommar, og tida for dei små nyheiter og dei store diskusjonar.

    Då eg var 19 år, og Guds ord fanatiker, Levende Ord-karismatikar – var eg svært i tvil om eg skulle avtena verneplikta eller ikkje. Eg sat meg ned og skreiv alle for- og motargument eg kunne koma på, i von om at det kunne avføda ein slags konklusjon.

    «Eg er pasifist fordi Norge ikkje berre har eit forsvar, men og angrepsstyrkar som vart brukte på f.eks. eksjugoslavia. Eg vil på ingen måte befatte meg med ein organisasjon som seier ja til å gå til åtak på eit land som aldri har hatt nåke med norge å gjera», skreiv eg den gongen. Samtidig anerkjente eg at eg nok ville forsvart meg mot ein mann som gjekk til åtak på familien min.

    Eg landa uansett på eit pasifistisk standpunkt, noko som forresten var eit uvanleg og upopulær ståstad å ha på Levende Ord. Eg trur eg var den einaste pasifisten i mitt årskull på bibelskulen.

    Men eg etter at eg konverterte til ortodoks kristendom (i nordisk-katolsk tapning) har eg fått eit litt meir balansert syn på saka. For spørsmålet er akkurat som Magne formulerer: «Kan eit land eller ei regjering ha eit pasifistisk standpunkt?» Og viss ikkje, skal kristne ikkje delta i forvaret, men berre nyta godt av jobben dei ikkjekristne må ta? . Og dette er jo slett ikkje noko hypotetisk spørsmål, men eit spørsmål som dei kristne måtte ta stilling til – om ikkje før, så i alle fall når muslimane dukka opp med ein hardtslåande variant av arianisme i lomma.

    Den ortodokse kyrkja havna i ein både-og-haldning. Ho naut godt av sameksistensen med det bysantiske riket (det austlege romarriket), som stod i mot musliamane fram til 1453. Og sidan kristendommen var religionen i riket, kunne ein ikkje godt overlata forsvaret av landet til ateistar eller heidningar. Det ville vore ganske tynt i rekkene i den forsvarshæren, trur eg. (Og apropos; det er ikkje så lenge sidan Noreg var i same situasjon, kven var dei ikkjekristne som skulle forsvara landet på 1300-talet eller 1700-talet?)

    På trass av at den ortodokse kyrkja har hatt nokre heilagmenn som var soldatar (heilag-Olav til dømes) har ho heile tida halde fast på at å drepa – sjølv i krig – er synd. Difor måtte kristne soldatar som hadde drept tola ei bot på fleire år utan tilgang til nattverdsbordet (ei tid med ekskommunikasjon, altså). Som St. Basil den store sa; sjølv om ei valdshandling av og til er naudsynt for å forsvara dei svake og uskuldige, kan ein ikkje rettferdiggjera sjølve handlinga. I tillegg forbyr den ortodoke kyrkja sine prestar, diakonar og biskopar å vera i militæret.

    Sjølv om den ortodokse kyrkja levde i symbiose med det bysantinske riket, var ikkje kyrkja statens undersått, slik den norske kyrkja er i dag, og heller ikkje var ho staten overordna, som romarkyrkja. Så då ein bysantinsk keisar – Nikeforos Fokas – ein gong på 900-talet spurde om ikkje kyrkja kunne lata dei som døydde i krigen å verta klassifsert som martyrar, var svaret: «Korleis kunne dei som drep andre eller sjølv døyr i krig verta rekna for martyrar, eller martyrane likeverdige, når kyrkjelova straffar dei med tre års nattverdsforbod?» Kyrkja har alltid fordømt krig, men samtidig vore tolerant mot kristne som tente i militæret. Krig kan av og til vera naudsynt under visse omstende for å verja dei uskulidge og forhindra jamvel større vondskap.

    Idealet vert oppretthaldt, men ein må nokre unntak frå idealet i ei fallen verd. Den ortodokse kyrkja held dermed i hevd den bibelske dikotomien. Alle som har studert spørsmålet med eitt ope sinn veit at Bibelen har vers som seier begge deler. Ein kan finna bibelvers både for og mot pasifsme. Dersom ein skulle anta at Bibelen lærer ei reindyrka og heilhjarta pasifisme vil ein ha problem med å forklara fylgjande:

    * Soldatane som spør Johannes forløparen kva dei må gjera for å vera frelst, får ikkje beskjed om å slutta i jobben, men fekk beskjed om å ikkje vera korrupte.
    * Soldatane Jesus er i kontakt med får heller ikkje slike krav retta mot seg.
    * Jesus ber disiplane ta med sverd før dei skal i getsemanehagen.
    * Matt 10:34 «De må ikkje tenkja at eg er komen for å føra fred til jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.»
    * Rom 13:1-4
    «Kvar og ein skal underordna seg dei styresmaktene som er sette over han. For det finst ikkje styresmakt utan av Gud, men dei som finst, er sette der av Gud. Dei som set seg opp mot styresmakta, står imot Guds ordning. Men dei som står imot, skal få sin dom. For dei som styrer, er ikkje til skremsle for dei som gjer godt, men for dei som gjer vondt. Vil du sleppa å reddast for styresmakta, så gjer det gode. Då skal du få ros av henne. For ho er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det som vondt er, så ottast! Ho ber då ikkje sverdet for inkje. For ho er Guds tenar, ein hemnar til straff over den som gjer det vonde.»

    Min påstand er difor at skal me vera sant bibelske i dette spørsmålet, må me halda fast både på idealet (og mest på det), utan å gløyma unntaksparagrafane.

    Eg sluttar med norke ord frå heilage Kyrill (bror til Methodius) som ein gong vart spurt om denne problemstillinga av nokre muslimske teologar:

    In the encampment of the Saracens they asked St. Cyril the Equal to the Apostles: «How could Christians wage war and at the same time keep the commandment of Christ about praying to God for their enemies?» To that, St. Cyril replied: «If two commandments were written in one law and given to men for fulfilling, which man will be a better follower of the law: the one who fulfills one commandment or the one who fulfills both?»
    To that, the Saracens replied: «Undoubtedly, he who fulfills both commandments.»
    St. Cyril continued: «Christ our God commands us to pray to God for those who persecute us and even to do good to them; but, He also said to us: greater love cannot be shown in this world than if one lay down his life for his friends» (John 15:13).

  15. Du skriv sanneleg godt og overtydande, Øystein, så eg veit ikkje om min intellektuelle kapasitet strekk til mot deg, men nokre sluttkommentarar får eg vel våge meg på.

    Eg har store vanskar med å sjå at Bibelen forkynner noko dikotomi – fleire vegar (greiner). Ein hermeneutikk som omfattar heile Bibelen kjem ikkje fram til så mange kompromiss og unntaksparagrafar (jf. Jesu metode ovafor Emmausvandrarane). Det er det helst ”klipp og lim”-metoden som gjer.

    Så vidt eg kan sjå i Skrifta, blir ein disippel ved tru, omvending, dåp som verkar gjennom eit heilagt liv (jf. Apg. 2 og 10). Det utelukkar mange av dei såkalla kristne både i det gamle bysantinske riket og i mellomalderens Noreg.

    Ja, den gresk-ortodokse kyrkja ”levde godt” på sameksistensen med staten og utvikla seg tydeleg i ein farisearsk retning – noko som ein ser klart i tida etter 1453. På papiret var ikkje kyrkja statens undersått, men i praksis var ho sjølvsagt det – noko som den bysantinske rundereisa i Vest-Europa i 1437-1440 viser. Der vart jo kyrkja instruert av den bysantiske staten til å godta alle dei latinske krava (jf. Firenze 5. juli 1439). I dag er det kanskje endå verre. Eg humrar til dømes godt kvar gong eg ser videoen over dei ortodokse prestane som signar det russiske S-400 Triumf-rakettsystemet. Kanskje klarar dei å auke døyingstala med vievatnet frå 20 til 40 millionar?

    Eg også tillèt meg nokre sitat:

    1. ”Jesus: «Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg, så eg ikkje skulle bli overgjeven i hendene på jødane. Men mi kongsmakt er ikkje av denne verda.»” (Joh. 18:36). Og i Getsemane: ”Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd” (Matt. 26:52).

    2. ”Vi som var opptatt av krig og gjensidig nedslakting og all slags ondskap, har hver for oss over hele jorden forvandlet våre krigsvåpen – våre sverd og plogskjær og våre spyd og til jordbruksvåpen – og vi framelsker fromhet, rettferdighet, menneskekjærlighet, tro og håp, som vi får frå Faderen sjelv gjennom ham som ble korsfestet” (Justin Martyr)

    3. ”En omhyggelig gransking av alle tilgjengelige opplysninger viser at det fram til Marcus Aurelius’ tid (161-180) ikke var noen kristen som ble soldat, og ingen soldat fortsatte å gjøre militærtjeneste etter at han var blitt en kristen (fra boka The Rise of Christianity)

    4. ”De nektet helt og holdent å ta aktivt del i samfunnets administrasjon eller i rikets militære forsvar … de kristne kunne ikke inneha stillinger som soldater, embetsmenn eller herskere uten å svikte en mer hellig tjeneste” (fra boka History of Christianity)

    Sjølv synest eg Jesu eigen lære er klar nok på spørsmåla vi har diskutert under denne posten, så spørsmålet er vel heller om Jesu Kristi liv og lære er relevant for oss i dag… 😉

  16. Sp.mål Roy Olav: «Ein hermeneutikk som omfattar heile Bibelen » – hva i all verden skal dette bety? Hvem er det som plutselig har funnet en tolkningnøkkel til alle vanskelige spørsmål?
    Dette utsagnet ser så enkelt og greit ut, men det hviler på en uendelig stor mengde premisser som du ikke har klargjort. Ikke kom å si at du baserer deg på «tradisjonen», eller «Ånden» eller noe, for da vil bare «Ein hermeneutikk som omfattar heile Bibelen» rase sammen og bli en av flere tolkninger.

  17. He, he… Ja, der stilde eg meg jammen det lagleg til for hogg. I bloggstridar er det viktig å ha ryggen fri. At eg aldri kan lære… 😉

    Eg ville berre få fram korleis Jesus gjekk fram då han tolka skriftene. Det kan vere ein god måte i motsetnad til «klipp og lim»-metoden:

    «Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.» (Luk. 24:25-27) 🙂

  18. …»Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort. Du skal elske nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane.
    (Mat.22.34-40)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s