Syria er eit snodig land. Her bur jødar, kristne og muslimar fredeleg saman og har gjort det i 1500 år. Landet er sekulariset og dei to siste som prøvde seg på eit væpna ran, vart hengde i eit tårn i byen Aleppo for tre år sidan. Landet snakkar om nyare tid etter år 0, og sjølv dei mest overgjevne historikarane blir leie av å besøke ruinar i dette landet.
Alle imperium med respekt for seg sjølve har ein eller annan gong erobra Syria. Vi snakkar om assyrarane, babylonarane, persarane, grekarane, romarane, bysantinarane, arabarane, korsfarane, mongolane, mamelukkane, ottomanarane og franskmennene. I Midtausten er – som elles i verda – nasjonalstaten eit gufs i frå avgrunnen.
Der er framleis mange kristne i Syria, men emigrasjon og frykta for radikal islam gjer flokkane færre dag for dag. Dei kristne hovudgreinene er gresk-ortodokse og gresk-katolske, syrisk-ortodokse og syrisk-katolske og armensk-ortodokse og armensk-katolske. Dei katolske variantane kjem av at romarane gjekk laus på dei kristne etter ein mislukka muslimmisjon.
Av dei kristne retningane, står den syrisk-ortodokse og den armensk-ortodokse fram som dei mest truverdige. For mens grekarane framleis bærer preg av å vere ei politisert imperiekyrkje, var det hos dei førstnemnde ein fekk dei gode samtalane, den ærlege framstillinga og den reelle overgjevnaden, men så er jo alle menneske armenarar og Jesus Kristus syrar.
I Syria opplever klostervesenet ein renessanse. Dei veks, er utovervendte og menneske kjem til tru. Men igjen står romarane i ei særstilling, for hos fr. Paolo i Deir Mar Maousa-klosteret dyrkar visst alle menneske same gud. Det samsvarar med andre latinske haldningar eg møtte; ”alle menneske blir frelst om dei ikkje aktivt avviser Gud” og ”frimurarane er Noregs største mannsforeining”.
Det sterkaste åndelege møtet var nok med ”The Lady of Soufanieh”. Det var ei kvinne som i ungdommen opplevde å få stigmata som i seinare tid er godt dokumentert. Kvar gong påska i aust og vest samanfell, kjem det 100 % rein olivenolje ut or hendene hennar. I dag har ho opna heimen sin og alle kan kome dit dag som natt. Blikket hennar avslørte synda mi.
I mange år har eg vore interessert og fascinert av den gresk-ortodokse kyrkja. I dag ser eg det annleis. Vi som her i vest nyleg har oppdaga denne kyrkja er meir ortodokse enn ho er sjølv – prega som ho er av forfall og nasjonalisme. Og tanken slår meg igjen og igjen; ikkje er eg gresk-katolsk, ikkje er eg romersk-katolsk, ikkje er eg syrisk-katolsk og ikkje er eg armensk-katolsk. Eg er nordmann på godt og vondt, og det einaste alternativet er å vere nordisk-katolsk.
Flott reiseskildring. At den ortodokse kyrkja er prega av forfall står her utan prov, og får stå for di rekning. Men at ho er prega av nasjonalisme mange stader er dessverre sant. Likevel ser eg den som ei lita «synd» i prinsippet. At kristentrua har vakse fram i konkrete kulturelle kontekstar er ikkje anna enn naturleg. Sjå på oss: har me skapt noko transnasjonalt kyrkjesamfunn? Nei, her er det blendakvitt som gjeld. Då bør me ikkje sjå ned på dei som vidarefører dei nasjonalt funderte kyrkjesamfunna som dei har fått i arv. Det er no mitt syn.
Visste ikke at julenissen bodde i Syria for tiden
Det er det eg alltid har visst at han latar seg på eit hotell i varmare strøk utanom sesongen…
Flott du likte reiseskildringa, Øystein. Når det gjeld prova du etterlyser, vil eg som svar sitere det Per Bjørnar Grande skriv i boka si «Den ortodokse kirke». Eg sit med liknande inntrykk etter møtet med den gresk-ortodokse patriarken av Antiokia. Grande brukar for øvrig Timothy Ware og boka «The Orthodox Church», side 97 som kjelde for det han skriv nedanfor:
”Etter Konstantinopels fall opphørte Det bysantinske riket. Men Konstantinopel var fortsatt Østkirkens sentrum. Patriarken i Konstantinopel ble etter hvert ikke bare den åndelige lederen for Den gresk-ortodokse kirken, han ble også det politiske overhodet for den greske nasjonen. Kirken ble etter hvert mer en verdslig størrelse. Det førte til større grad av korrupsjon. Begjæret etter penger og høye kirkelige verv økte innenfor kirken. Det at patriarken betalte til sultanen, biskopen til patriarken, prestene til biskopen og lekfolket til prestene, førte etter hvert til at alt var til salgs. Og for å tjene mest mulig penger skiftet sultanen stadig ut patriarkene. Fra det 15. til det 20. århundre var det 159 patriarken. Hele 105 av disse ble avsatt av sultanen … Det indre kirkelige livet forfalt mens patriarkatets makt økte. I praksis ble også de ortodokse patriarkatene i Alexandria, Antiokia og Jerusalem underlagt patriarken i Konstantinopel.”
Takk for din oppsummerende rapport fra turen til Syria vi fikk være sammen om, Roy-Olav. Fint å bli kjent med deg. Og ikke minst fint å bli kjent med kirkene i Syria og deres lange historie bakover.
Jeg skal være forsiktig med å komme med noen fullstendig analyse av tilstanden i de syriske kirkene ut fra vårt besøk. Men mest inntrykk av møtet vi hadde med lere, var nok møtene med ledere for den syrisk-ortodokse kirke. Patriark Zakka, biskopen i Aleppo og biskopen med ansvar for ungdomsarbeidet. Selv om vi ikke forstod ordene, så la vi også merke til en bredt sammensatt aldersgruppe som deltok på kveldsmessen i den gresk-katolske (melkittiske) kirken i Damaskus. La meg også ta med utfordringen fra den syrisk-ortodokse biskopen i Aleppo: «I Skandinavia endrer dere stadig på liturgien for å tiltrekke dere mennesker. Vi har brukt den samme liturgien siden det 7. århundre, men her er kirkene fulle.»
Men jeg er dog enig i at de ortodokse kirkene trenger åndelig fornying. Jeg støtter meg her til den ortodokse professor Bradley Nassif i Chicago som er opptatt av at de ortodokse kirkenes behov for «Reclaiming the gospel». Se f.eks. det han skriver her: http://www.orthodoxytoday.org/articles6/NassifGospel.php
Då skjønar eg kva du siktar til, Roy Olav. At det skjedde eit forfall etter 1453 då Bysants fall for muslimane, er klart. Århudra renn fort når ein har vore i Syria, tydelegvis. Men på trass av dårleg leiarskap har hjarta i den ortodokse kristendommen vorte bevart av munkane, kanskje særleg i Nord-Hellas. Og klostervekkingar i Egypt, Kypros og Amerika kan vera verdt å merka eg frå seinare tid. Det er det den ortodokse kyrkja treng meir av, og som me alle treng.
Dagfinn. Ja, takk for ein fin og hendingsrik tur saman med deg, og takk for boka du sende meg. Eg gledar meg mykje til å lese ho (Kyrill av Jerusalem, Dåpskatekeser) og vi bør vel få til ei bokmelding er på blogggen også. Mi eiga bok er på veg over til deg.