Opus dei

I Benedikts regel finn ein fleire stader at abedden krev av munkane sine at dei prioriterer opus Dei – gudstenesta. I regel 43 heiter det til dømes at; ”når signalet til gudstjenesten lyder, skal alle slippe det de har i hendene og komme så fort de kan …”. Bibelen seier det på ein annan måte; ”Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg” (Hebr. 10:25).

Som både jødane, Kristus, Urkyrkja og Oldkyrkja, heldt også 500-talets fornyingsbølgjer seg til dei liturgiske bønene i opus Dei-feiringa si. Gamle romerske tidebøner og liturgiske forordningar vart nytta i dei daglege gudstenestene til benediktinarane. Tanken var likevel at kvar einskild fellesskap skulle vekse så tett saman at han utvikla sin eigen liturgi.  Skrifta vitnar om det same: ”Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene” (Apg.2:42).

Som moderne menneske er det nok ikkje mogleg – eller ønskjeleg – å følgje 500-talets reglar for gudstenestelivet fullt ut. Likevel bør kvar einskild av oss utvikle ein eigen liturgi som samsvarar med praksisen i fellesskapen ein sjølve høyrer heime i. Dessutan bør ein slik ”privat liturgi” ha ein velsmurd og godt trimma liturgisk motor, for som Skrifta seier; ”Be uavlateleg” (1. Tess. 5:17), men; ”Lat ikkje oss få ære, Jehova, ikkje oss, men ditt heilage namn!” (Slm. 115:1).

Sjølve kjernen i all vår bøn og liturgi er å prise Gud, og kva er meir riktig enn å bruke Herrens eiga bønebok – Salmanes bok – i denne gudstenesta? Å resitere salmar er å la dei forme og skape oss slik at dei pregar sinnet og trengjer inn i hjartet vårt. Difor var det alt frå den første tida vanleg at salmelesinga vart etterfølgd av ein stille periode, for korleis kunne ein høyre Gud om ein ikkje var stille? Profeten seier det endå sterkare: ”I stilla og tillit  skal dykkar styrke vera” (Jes. 30:15).

I ei verd der mennesket er rotlaus og flakkar omkring, trengst det ein indre liturgi, for åndelege landstrykarar går til grunne. Men er føtene planta på dei gamle vegane, kan ein om det stormar likevel halde seg faste.  Så kanskje Benedikts opus Dei-veg ikkje er så tung likevel – sjølv for det moderne mennesket.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s