Korleis forstå, formidla og bli forandra av kyrkjefedrane

For oss konvertittar kan det vera ganske utfordrande å venda oss frå tankesettet me har forlatt til fordel for Kyrkja sitt tankesett. Endå vanskelegare er det dersom alle er konvertittar. For kven skal læra oss? Og kven skal vera våre åndelege fedrar og rettleiarar? Me har Bibelen, men treng nokon som kan «forklara oss det me les», slik Filip gjorde for den etiopiske hoffmannen. Der kjem kyrkjefedrane inn, som har mottatt, forstått, levd ut og vidareformidla sanninga gjennom ein levande tradisjon frå slekt til slekt.

Men det er heller ikkje uproblematisk, for kyrkjefedrane var ikkje alltid samde om alt. Ikkje ein gong Peter og Paulus var alltid samde. Heldigvis har Kyrkja i sin klokskap også kanonisert visse skrifter frå kyrkjefedrane, akkurat slik dei kanoniserte dei Bibelske skriftene. Dei har vorte ein del av kyrkja sitt liv og lære, dei vert brukt i salmar, i nye skrifter, fordi dei er saninga. Dei utgjer eit autoriativt sanningsvitne.

Det finst ikkje noko magisterium som berre kan fastslå sanninga ein gong for alle, det finst ikkje ein enkelt biskop, i Roma, til dømes, som kan løysa alle problem ved å uttala eit ufeilbarleg utsegn. Fyrste vatikankonsilet sa at paven uttalar seg frå seg sjølv, ikkje ut frå kyrkjeleg konsensus.. Men me trur det finst ein kyrkjeleg konsensus, og dei som har etablert den er kanonserte som personar, i tillegg til at skriftene deira er kanoniserte. Men spørsmålet vert fortsatt; korleis skal me forhalda oss til dei? Korleis skal me forstå og bruka desse kanoniserte skriftene? Korleis vert me ein del av det, og gjer det til vårt eige? Korleis forstår me dei, opplever me dei og vidareformidlar me dei?

I boka «Hymn of Entry» (1984), skrive av den pensjonert abbeden Vasileios (Gondikakis) av Athos, finn ein eit lengre avsnitt med tittelen «Korleis studera og kommunisera orda frå fedrane». Det som med eit framandord vert kalla patristiske studier eller patrologi. Fedrelære, med andre ord. Vasileios er ein erfaren munk og åndeleg rettleiar. Han skriv:

«Guds rike er ikkje som Talmud, heller ikkje er det ei mekanisk samling sitat frå Bibelen eller fedrane, skilt frå vår eksistens og våre liv. Guds rike er i oss, som ein surdeig som på ein fundamental måte forandrar menneskeliv, ånd og kropp. Det som krevst når ein studerer fedrene (patristic study), for å vera trufast mot deira ånd av fridom og verdig deira åndelegheit og friskheit, er å nærma seg deira heilage tekstar med same ærefrykt me viser når me nærmar oss deirar relikviar og heilage ikonar. Denne liturgiske respekten vil snart avsløra for oss at her er ein annan uforklarleg nåde i verk. Heile atmosfæren vert annleis.

Det finst visse livsviktige passasjar i tekstane deira, som me kjenner krever av oss – og utfører i oss – ei heilt uvanleg endring. Me må ta desse og gjera dei til ein del av vårt vesen og våre liv, som sanning og standpunkt, for å gjennomsyra heilskapen. Og samtidig må me gå inn i studiet av fedrane med heile oss. Dette bryllaupet, denne dåpen inn i studiet av fedrane gjev oss det me treng, ikkje for å få ei ekstra mengd referansar til fedrane eller for å kunna ei mengd av andre sine meiningar utanåt, men for å oppnå ein ny klarsynt sans som set mennesket i stand til å sjå ting annleis og rett. Dersom me avgrensar oss til å læra avsnitt utanåt og klassifisera dei mekanisk – og lærer andre det same – så gjer me den grunnleggjande feilen som forhindrar oss frå å læra og gjera kjent fedrane sin livsmåte og livsfilosofi. For det som er heilt karakteristisk for fedrane sine skrifter er at dei er unnfanga og halde saman, forma og veks som resultat av nåden og krafta i fridomen frå Den Heilage Ande.

Det fedrane krev og gjev er forandringa som Den Heilage Ande skaper. Dersom me vil nærma oss dei utanfrå denne røydomen, vil dei forbli for oss uforståelege som forfattarar og forakta som personar.

Det å kommunisera ord frå fedrane, handlar ikkje om å bruka sitat på det eller det temaet ved hjelp av ein konkordans. Det er ein prosess der næring vert teke opp i levande organismar, assimilert og forvandla til blod, liv og styrke. Og deretter, betyr det å vidareføra gleda og proklamera dette mirakelet gjennom det å verta levandegjort, ei oppleving me forstår på ein måte som går på tvers av tvil eller diskusjon. Slik vert fedrane sine ord ikkje formidla mekanisk, eller bevart arkeologisk og ikkje tilnærma historisk. Det vert formidla som ein heilskap, fullt av liv når det går frå generasjon til generasjon gjennom levande organismar, og det forandrar dei, skaper nye «fedrar» som gjer det til sine personlege ord, ein ny eigedom, eit mirakel, ein skatt som berre aukar når det vert gitt vidare. Det er denne uforanderlige forandringa skapt ved krafta som forandrar det forgjengelege til noko uforgjengeleg. Det er den rørslelause stadige rørsla i Guds Ord, som alltid er levande og uforanderleg. Kvar dag verkar Ordet annleis og nytt, og er likevel det same. Dette er livets mysterium som har etablert seg djupt i vår døde natur og reiser han opp frå innsida, og bryt helvetes portar.

Å gi ord frå fedrane til andre betyr at eg lever sjølv, at eg vert forandra av dei. På den måten har min (åndelege) metabolisme krafta til å forandra orda, slik at dei kan verta ete og drukke av den som eg gjev dei til. Denne omdanninga av ordet i mennesket, og forandringa i han som kjem som eit resultat, bevarar uforandra det mysteriet som består i personleg og ugjentakbart liv som er patristisk lært og gitt. Det er som maten ei mor et: den nærar henner og held ho i live, og samtidig vert det omdanna i henne til morsmjølk, livets drikke for babyen.

Så vakkert det er for eit menneske å bli teologi. Då vil alt han gjer – og framfor alt det han gjer spontant, sidan berre det som er spontant er sant – bera vitne og tala om at Guds Son og Ord vart inkarnert, at Han vart menneske gjennom Den Heilage Ande og alltid jomfru Maria. Det talar stille om dei uutseielege mysteria som har vorte openberra i dei siste tider.

Dette teologiske livet og vitnet er ei velsigning som oppkvikkar eit menneskeliv. Det er mat som vert delt og give til andre; ei drikke helt ut og give i overflod for menneska til å fortæra og stilla tyrsten. I denne tilstanden snakkar ein ikkje om livet, men ein gjev det. Ein matar dei svoltne og gir drikke til dei tyrste. I kontrast til dette står skolastisk teologi og intellektuelle konstruksjonar som ikkje liknar på vår Herre sin lekam, den sanne mat, heller ikkje Hans Blod, den sanne drikka; men dei liknar stein ein kan finna i maten. Så ufordøyeleg og umenneskeleg hard verkar skolastisismen på smaken til ein som er vane med liturgien i kyrkja, og det vert forkasta som noko framand og uakseptabelt.

Våre ord er ofte svake og uverksame. For at ordet skulle verta gitt vidare, og for å kunna gi liv, måtte det verta kjøt. Når du gjev dit kjøt og blod saman med ditt ord til andre, berre då betyr orda våre noko. Ord utan kjøt – som ikkje spring ut av livet og ikkje kjem saman med vår kropp som er broten, og saman med vårt blod som vert uttømt – betyr ingenting. Dette er grunnen til at vår Herre, ved det Siste Måltid, oppsummerte mysteriet ved Hans forkynning ved å seia: «Ta, et, dette er min kropp. Drikk, dette er mitt blod.»

Salig er det menneske som vert brote i stykker og give for andre, som vert helt ut og gitt til andre for å verta eten og å drukke. Når timen kjem der han vert prøvd vil han ikkje vera redd. Han vil ikkje ha noko å frykta. Han vil alt ha forstått at når me feirar Kjærleiken, er «ved nåde ein person brote utan å verta oppdelt, eten og aldri fortært». Ved nåde har han vorte kristus, og slik vert hans liv gitt som mat og drikke for hans bror. Det betyr at han gjev næring til sin neste sin eksistens og får han til å veksa.»

Advertisements

4 responses to “Korleis forstå, formidla og bli forandra av kyrkjefedrane

  1. Fint å lese tankane dine Øystein Lid. For oss haltande luther-ortodokse er det du skriv viktig å få tydleggjort på ein solid og» enkel» måte. Skrift og tradisjon, konsensus og organisme, jau, det høyrest klokt ut, men som du spør, korleis?

    For oss som er opplært i «Skrifta aleine» er jo dette med tradisjonen eit aldri så lite steg å ta, men det har blitt veldig klårt for meg dette at ingen kan tyda noko profetord på eiga hand. Vidare, Jesus talar ikkje ut frå seg sjølve, berre det han har høyrt og sett hos Faderen. Inkje av det han sa var eigenproduserte idear, men stadig referanser til og oppfylling av Skrifta frå Moses til Malaki.

    Siste verset hos Malaki er nesten som eit ekko av det du skriv:

    Han skal venda fedrehjarto til borna
    og barnehjarto til fedrane,
    så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

    Mi vandring frå den indvidualiserte privatkyrkja til «den trygge mora eg kan finne trøyst hos» handlar litt om dette at eg åleine aldri kan garantere for alle sider ved den kristne tru. Eg har sett noko, men slett ikkje alt. Eg kan stå oppreist på noko, men kjem sørgjeleg til kort i andre spørsmål. Eg treng ei borg, ein ryggdekning, eit «oss som trur.» Det er dette som raknar no i den vestlege kristendom. Der er einskapen byta ut med pluralisme.

    Tilbake til eit konsensusdøme – det er no «konsensus» i den norske kyrkje når det t.d. gjeld kvinneleg presteteneste. (Alle biskopane seier ja). Skrifta seier noko anna,(trur eg då), fedrane og, men teoretisk kan ein sjå for seg situasjonen at heile Kyrkja seier ja, men Skrifta seier fortsatt nei. Det er i slike tilfelle dette vert litt innfløkt for oss lekfolk. Kan du seie noko meir om skrift og tradisjon?

  2. Takk for tilbakemelding, beklager at svaret mitt vert litt springande.

    Blant det eg trekk ut frå teksten eg har referert til i innlegget, er behovet for åndelege fedrar. Ei stor mangelvare i vår tid og i vårt land. Dei som skulle læra oss å koma inn i dette livet som er overført frå generasjon til generasjon (som er ein del av tradisjonen) er få. Eg tenkjer kanskje spesielt på kommunitetar eller klostersamfunn. Det er også ei mangelvare i vårt land. Ein del av oss har difor kontaktar i Sverige og England til ulike klostersamfunn der.

    Når det gjeld sjølve skrifta og tradisjonen-debatten er det mange punkt eg vil nemna heilt generelt.
    – Frå år 33 – 50 eksisterte ikkje nokon av dei nytestamentlege skriftene. Men kyrkja eksisterte. Kyrkja bestemte kva skrifter som skulle vera med i NT, men endeleg kanon var ikkje ferdigstilt før ut på 3-400-talet. Difor spring NT ut av kyrkja, ikkje omvendt. Eller med andre ord, tradisjonen kom før NT-skriftene.
    – Bibelen sjølv stør ikkje sola scriptura-tankegangen. Paulus formanar dei han skriv til om å halda fast ved læra som han overleverte til dei i breva OG munnleg. Det finst altså ei munnleg overlevering som også er avgjerande.
    – Det finst mange ting som tyder på at apostlane i tillegg til å skriva brev og evangelium overleverte munnleg (og demonstrerte i praksis) ei heil rekkje skikkar for sine mest
    intime og viktige og heilage handlingar i dei ulike kyrkjene dei

    grunnla. På grunn av den spesielle karakteren til desse
    handlingane vart dei ikkje skrive ned i ei instruksjonsbok, men biskopane i dei ulike kyrkjene vart i staden lært korleis dei skulle gjera. Desse lærte i
    sin tur sine etterfylgjarar til å gjera det same. Dette hevdar
    Basil som var biskop i Ceasarea på 300-talet (også kjend for å vera
    ein av dei som forsvarte læra om treeininga mot arianarane (som lærte
    at Jesus ikkje var lik Gud)). Hans
    tekst «Om den Heilage Ande» handlar blant anna om akkurat det. Her berre eit lite utdrag på engelsk:

    Concerning the teachings of the Church, whether publicly proclaimed (kerygma)
    or reserved to members of the household of faith (dogmata), we have received
    some from written sources, while others have been given to us secretly, through
    apostolic tradition. Both sources have equal force in true religion. No one would
    deny either source – no one, at any rate, who is even slightly familiar with the
    ordinances of the Church. If we attacked unwritten customs, claiming them to be

    of little importance, we would fatally mutilate the Gospel, no matter what our
    intentions – or rather, we would reduce the Gospel teachings to bare words. For instance (to take the first and most common example), where is the written

    teaching that we should sign with the sign of the Cross those who, trusting in the
    Name of Our Lord Jesus Christ, are to be enrolled as catechumens? Which book
    teaches us to pray facing the East? Have any saints left for us in writing the words

    to be used in the invocation over the Eucharistic bread and the cup of blessing? As
    everyone knows, we are not content in the liturgy simply to recite the words
    recorded by St. Paul or the Gospels, but we add other words both before and after,

    words of great importance for this mystery. We have received these words from
    unwritten teaching

    Spesifikt med omsyn til problemstillinga du nemner:
    “Det er no “konsensus” i den norske kyrkje når det t.d. gjeld kvinneleg presteteneste. (Alle biskopane seier ja). Skrifta seier noko anna,(trur eg då), fedrane og, men teoretisk kan ein sjå for seg situasjonen at heile Kyrkja seier ja, men Skrifta seier fortsatt nei.”
    – DNK har avvist tradisjonen, og endar då om att og om att å laga sine eigne tradisjonar, i staden for å innordna seg over det som er overlevert.
    – Så dette skjer berre når ein vender seg frå tradisjonen, og ein finn ikkje slikt fråfall i den opphavlege kyrkja (den ortodokse).
    – Så dette har ikkje skjedd i løpet av den ortodokse kyrkja sin 2000 år lange historie, og eg reknar det for umogeleg. Det har difor heller ikkje vore naudsynt med nokon reformasjon i austkyrkja, sidan dette fråfallet ikkje fann stad. Når den romersk-katolske kyrkja skilde seg frå den ortodokse, fyrst då oppstod flesteparten av dei mange nye lærene og misbruka som Luther reagerte mot. Det skjedde jo nesten då Arius var på banen, men Den Heilage Ande reiste opp Athanasius for å forsvara sanninga. Eg trur rett og slett at Gud ikkje ville tillata ei slik utvikling. Det ville bety at Jesu profeti skulle slå feil: Dødsrikets portar skal ikkje få makt over kyrkja.

  3. Her var mykje interessant, noko eg må tyggje på ein stund. Eg og har registrert det merkjelege paradokset at dei som seier Skrifta åleine fort vert privattolkarar som forlater den, medan dei som seier Skrifta og tradisjonen er dei mest trufaste mot Bibelen.

    Eg meiner eg har lese lutherliberale teologar som nettopp brukar dei historiske fakta om at Bibelen vart kanonisert etter 400 år, som eit argument for at Bibelen kan setjast ut av kraft eller omtolkast eller at det er vi som bestemmer kva som er gyldig og ikkje.

    Fint å få presentert stoff frå kyrkjefedrane, meir av det om du har.

  4. Nå er det vel ikke så enkelt at man uten videre innenfor det evangelisk-lutherske kan kan skille «Skriften alene» og «tradisjonen»?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s