Å oppdra ein helgen

Dei fleste av oss vil vera meir enn nøgde med å oppdra born som vil forbli trufaste kristne. Det er ikkje alltid lett, og alle foreldre som har eit slikt barn burde aldri slutta å gleda seg. det finst ingen metode for å oppdra eit barn til å verta heilag, for Gud åleine gjev nåden som fører til eit så vidunderleg liv. Sjølv om det er sant, vert eg ofte slått av det St. Silouan fortel om far sin i sine skrifter. Det kan nesten verka som om han lærte dei mest fundamentale åndelege prinsippa frå ein enkel bonde – far sin. Han var kankje enkel, men han hadde trua til ein heilagmann. Her kjem eit lite døme:

Lat oss ikkje uro oss når me taper våre jordiske ting og eigedom, det er ei lita sak. Min eigen far lærde meg dette tidleg i livet. Når det skjedde noko gale heima, tok han det med tol. Når huset vårt ein gong tok fyr, og naboane sa «Ivan Petrovich, huset ditt har brent ned til grunnen!», så svarte han: «Med Guds hjelp skal eg byggja det opp att». Ein gong når me langs åkeren får, og eg sa: «Sjå dei stel av kornet vårt!». «Ja, son min», svarte han, «Herren har gitt oss korn, og meir enn me treng, så dersom nokon stel av det, tyder det at han treng det». Ein annan dag sa eg til han: «Du gjev mykje til hjelpearbeid, medan nokre som er rikare enn me, gjev mykje mindre». Til dette svarte han: «Ja, son min, Herren vil syrgja for oss». Og denne vona vart aldri gjort til skamme.

Ein annan gong fortalde St. Silouan dette om forholdet til faren:

Simeon (seinare St. Silouan) var ung, sterk, kjekk – og på denne tida hadde han også begynt å tena sine eigne pengar. Han var populær i landsbyen, i godt humør, fredeleg og glad, og landsbyjentene såg han som ein dei kunne tenkja seg å gifta seg med. Sjølv vart han forelska i ei av dei, og før spørsmålet om giftarmål hadde kome opp, skjedde det som så ofte skjer, ein sein sommarskveld.

Neste morgon, når Simeon jobba saman med far sine ute på jordet, sa faren stille:

«Kor var du i går kveld, sonen min? Hjarta mitt var uroleg for deg?»

Dei milde orda søkkte inn i Simeons sjel, og seinare i livet når han kom i hug far sin, som også var eldste, ville han seia:

«Eg når ikkje far min opp til skuldrene. Han var analfabet – han sa jamvel feil når han bad Fadervår, som han hadde lært i kyrkja. Men han var ein mann som var mild og klok.»

Dei var ein stor familie, far, mor, fem søner og to døtre – som budde saman i fred. Dei eldste gutane arbeidde saman med faren. Ein fredag når dei var ute og hausta, skulle Simeon vera inne og laga til middagsmåltidet. Han gløymde at det var fredag, og gjorde i stand ein rett av svinekjøt, og alle åt av det. Seks månader seinare, på ein festdag om vinten, vende Simeons far seg til han med eit roleg smil og sa:

«Son min, hugsar du i haust, den gongen du gav oss svinekjøt til å eta? Det var ein fredag. Eg åt det, men du veit, det smakte som sand».

«Men kvifor sa du ingenting?»

«Eg ville ikkje gjera deg vonbroten, son min».

Når han kom i hug slike episodar frå barndommen, ville St. Silouan leggja til:

«Ein slik åndeleg rettleiar skulle eg gjerne hatt. Han vart aldri sint, han var alltid i likevekt og audmjuk. Tenk at han venta seks månader med å korrigera meg, for at eg ikkje skulle verta lei meg.»

Det finst ingen betre måte å læra eit barn opp i kristendommen enn å faktisk leva han ut – sant og frå hjarta. Du kan ikkje læra bort det du ikkje lever i sjølv.

Fader Stephen Freeman

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s