På sin blogg har fader James Early eit studium av Jakobs brev, brevet som Martin Luther gjerne ville ha ut or Bibelen:
«Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død. Kanskje vil nokon seia: Du har tru, eg har gjerningar. Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!
Dei fleste, om ikkje alle jødane (ja, faktisk folk flest) på St. Jakob si tid hevda å tru på Gud. Mange av dei deltok jamvel i fromme ritual. Men mange av dei neglisjerte heilt sin neste, og spesielt dei fattige. Lite har endra seg i dag. Folk flest i verda (om lag 90 prosen av amerikanarar, 50 prosent nordmenn) seier at dei trur på Gud. Men kva stor prosent menneske gjer faktisk noko som eit resultat av den trua? For kor mange påverkar trua deira eigentleg deira daglege liv?
St. Jakob stiller eit spørsmål til lesarane sine: «Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? «Ut frå den tradisjonen eg høyrde til tidlegare ville ha svart «ja, sjølvsagt! Gjerningar spelar inga rolle i frelsa. Dersom eg (utan å lyga) seier at eg trur, så ja, då er eg frelst». Men det klare svaret frå st. Jakob er tydelegvis: «Nei! Slik tru kan ikkje frelsa han!».
Deretter gir han eit døme for å illustrera dette, der han går inn i eit av sine favoritt-tema: Ansvaret kristne har for å ta seg av dei fattige. Han spør: «Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng?» Det impliserte svaret er sjølvsagt at det hjelper ingenting! Dersom me finner ein person som treng hjelp og berre seier at me håpar at dei får det dei treng, så hjelper ikkje det noko. For å faktisk gjera noko nyttig, og for å prova at me verkeleg ynskjer at dei vert hjelpt, så må me gjera noko! Me må hjelpa dei!
På same måte er det med trua: «Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død.» Med andre ord, sann tru inneheld gjerningar. Sann tru, frelsande tru, kan ikkje skiljast frå gjerningar; dei er ikkje to forskjellige ting, men heller to sider av same mynt. Tru som ikkje produserer gjerningar er ikkje tru i det heile. Det er falsk tru, eller med St. Jakob sine ord; ho er død.»
Så langt fader James Early. Eg hugsar då eg som ung kristen gymnasiast på Framnes kristne vidaregåande skule las Jakobs brev utan å få det til å stemma med det me vart lært i kristendomstimane. Og for så vidt fekk eg det heller ikkje til å stemma med det eg hadde lært heimefrå. Nåden åleine, heitte det, og dersom ein blanda eigne gjerningar inn i rekninga var ein på tynn is! Då hadde ein pådratt seg ein farleg åndeleg sjukdom som vart kalla eigen-rettferd eller lovisk kristendom. Men eg hugsar at eg og ein ven tok Jakob nok på alvor til å konfrontera rektor på den protestantiske skulen med det me hadde lese i brevet hans. Rektor, som også var vår kristendomslærar, tok førespurnaden opp i plenum i ein time, og me fekk eit lynkurs i luthersk eksegese. Dei mindre klare versa måtte tolkast i ljoset av dei meir klare. Men eg hugsar eg tenkte: Problemet er vel ikkje at Jakob er uklår, det er vel meir at me ikkje er samde i det han seier!
Det høyrest kanskje rart ut, men eg opplevde nåden-åleine-tankegangen som trelldom. Ein av biverknadane ved denne måten å tenkja frelsa på er at det vert veldig vanskeleg å vita om ein er frelst eller ikkje. Difor har det i lågkyrkjeleg pietisme utvikla seg ein veldig søken etter å få «frelsesvisse». For ein veit jo ikkje kva målestokk ein har å halda seg til for å vita om ein er frelst eller ikkje! For dersom eg ikkje har noko å gjera med mi eiga frelse, dersom det er berre nåde, vert det veldig vanskeleg å vita «kor langt ut i verda ein kan gå og framleis kalla seg kristen». Ofte er det meir enn ein hypotetisk problemstilling for rike nordmenn. Kor går grensa?
Ikkje før eg møtte den ortodokse forståinga av frelsesverket som eit samarbeid (synergi) mellom Gud og menneske tok dette til å stemma. Jakobs brev og galaterbrevet var ikkje lenger usamde. Gud vart menneske for at menneska skulle bli som Gud, vart det sagt i oldkyrkja, og det trur ortodokse framleis. Det er grunnlaget for Theosis-læra, guddommeleggjeringa. Det er mitt eige ansvar om eg kjem til himmelen eller ikkje. Eg veit om eg er på rett veg dersom eg lever i stadig omvending frå syndene, i kjærleik mot medmenneske, i audmykt og tilgjeving. Slik Jesus lærte oss i bergpreika. Alt dette er gåver frå Gud, men eg må velja å samarbeida.
Spørsmål: Er det fleire som har historiar om omvending frå protestantisk forsoningslære?
Dette var et veldig bra innlegg.
Jeg kan vitne om lignende historier fra det karismatiske miljøet.
Vi ble etterhvert dratt inn i det som kalles «nådereformasjonen» som er en motreaksjon til loviskhet. Diagnosen var nok ganske riktig stilt, men medisinen var helt feil idet man endte opp i en ekstremversjon av «frelse ved tro alene» som grenser til lovløshet.
Jeg oppfattet det som at vår rettferdighet i Kristus er så til de grader «erklært», at det spiller mindre rolle om vi fortsetter å synde eller ikke.
Jeg fikk sterke assosiasjoner til de gamle gnostiske sektene og kalte dette for «virtuell rettferdighet», altså en rettferdighet som kun eksisterer på det mentale planet i form av tanker, og ikke nødvendigvis i det fysiske i form av handling.
Det var dette som tvang meg til å søke råd hos kirkefedrene, konsilene og forøvrig hele dogmenhistorien. Da konkluderte jeg med at jeg kunne ikke fortsette å være protestant og samtidig være tro mot intellektet og samvittigheten.
Så jeg fant ut at det er mer som du sier, at vår frelse er et samarbeide mellom Skaperen og skapelsen, der Skaperen tar initiativet. Da blir Jacob stueren igjen. 😉
Takk for respons. Eg kjem også frå ein karismatisk bakgrunn, og møtte mykje rart der. Blant anna den «nye reformasjonen» til Åge Åleskjær. Heldigvis fekk eg nåde frå Gud til straks å skjøna at den billige nåden ikkje var sann lære. Det låg ein alvorleg vekkjar i det for meg; at Åleskjær som karismatikar utvikla eit radikalt annleis syn på nåden og evangeliet enn det klassiske kristne synet medførte ingen konsekvensar i forhold til hans «karismatikk», viss du skjønar. Eg dekkja som journalist eit av sommarstemna til OKS etter at dei hadde begynt å snakka om «den nye nåden». Det var heilt likt som vår menighet, under fann framleis stad, menneske vart helbreda framfor augo våre… På trass av at læra så openberrt var falsk. Jesu ord fekk ny meining:
På den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! har vi ikkje profetert i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange kraftige gjerningar i ditt namn? Men då skal eg ope seia til dei: Eg har aldri kjent dykk. Vik frå meg, de som gjorde urett!
Ein kan altså ikkje bruka spektakulære teikn og mirakel som nokon målestokk på kor den sanne Guds menighet er, slik eg trudde før. Det var også ein av tinga som gjorde at eg konverterte. No sa Jesus også: «Desse teikn skal fylgja dei som trur…», så det er også ei viktig side, men det er fullt ut mogeleg å gjera under i Jesu namn og ikkje koma til himmelen. Det er dei som lever i tru, nestekjærleik og audmykt som er lova ein plass i himmelens rike.
Ja, da har vi nok vært gjennom ganske nøyaktig det samme.
Jeg vil også nevne en annen ting som jeg ser som svært alvorlig i denne delen av det karismatiske; nemlig synet på, og oppdelingen av evangelieskriftene og brevene.
Man lærer at Jesu budskap i evangeliene var til Jødene og at det var før korset. Derfor forkynte Jesus mer eller mindre ut fra moseloven, og at alt Jesus her sier må «forstås i lys av apostlene», og da helst bare Paulus – man sier gjerne at man klarer seg med Paulus alene, slik man tror de menighetene han grunnla også gjorde. Paulus ble jo kalt «hedningenes apostel», men han ble også kalt «heretikernes apostel» – tenk bare på Marcion.
Dette står også i grell kontrast til urkirkens forståelse av dette. Her er det moderne oppfinnelser som «husholdningslæren» og i dette tilfellet en variant av «hyperhusholdningslæren» som har rotet det til.
Dette er alvorlige ting, og derfor synes jeg det er verd å nevne, siden dette temaet først er på bane…
Ein kommentar til under, teikn og sann tru.
Då Johannes sat i fengselet og fekk høyra om Kristi gjeringar, DÅ sende han bod og spurde: Er du den som skal kome eller skal vi vente ein annan? Trua nøyer seg ikkje med mirakler, sjølv når dei er gjorde av «Kristus» sjølve. Trua må ha fastare grunn å stå på.
Johannes måtte få visse om ein ting: Er Jesus ein falsk profet som talar ut frå seg sjølve, (slik djevelen gjer) eller vitnar Moses og profetane om ham? Om han er ein falsk profet er Johannes det endå meir, det trur eg var Johannes sin forferdelege anfekting der i mørkret.
Jesu svar til Johannes er merkjeleg. Han svarar jo med som eit ekko. Gå og sei til Johannes: Blinde ser, døve høyrer osv. , altså Kristi gjerningar. Men Kristi ord er ikkje så på jordet som vi trur i første omgang. Kristus må har fortstått kva Johannes tvil handla om. Han gjev han eit ord frå Skrifta, Jes. 35. Med desse orda må Johannes ha vore dradd inn på fast grunn att – han som no gjer så store gjerningar er den som profetane lova skulle kome. Jesu ord har truleg opna heile Jes. 35 for Johannes og eg trur han fekk stor trøyst av det.
Poenget her er dette: Dersom profetar og mirakelmenn ikkje har sin basis i heile Skriften sitt vitnemål, så hjelper det ikkje om det så er «Kristus sjølv» som gjer store gjerningar. «Hadde de trudd Moses, hadde de trudd meg og!»
Dette er berre eitt av utallige utsegn der Jesus forankrar alt han gjer og seier i det som før er overlevert frå Adam av.
Eg er også einig i dette; eg opplevde i det miljøet eg vaks opp i at gjerningar var «lovisk.» Og når ein snakka om tilbeding vart dette totalt lausrive frå heilskapen og sett på som ein «etterting»; som ein slags «takk Gud.» Tilbedinga er sjølvsagt takk – og pris* – av Gud. Men dette kan ikkje lausivast frå det kristne livet. Vi er ikkje berre homo sapiens – det tenkande menneske, jf. den lutherske/protestantiske overfokuset på det intellektuelle ved trua. Nei vi er, som Schmemann uttrykte det, fyrst og framst homo adorans – det tilbedane mennesket.
Eg synst også det er interessant – og symptomatisk – at eg aldri visste om vers som Gal 5,6; 2Kor 3,18; Jak 2,14ff eller 2Pet 1,4 før eg kom over dei i ein diskusjon på eit forum i slutten av tenåra.
* Takk og pris er ikkje det same. Vi takkar Gud for det han har gjort, vi prisar Han for den Han er.