Kveldsbøn til Den Heilage Ande

Ei fantastisk fin bøn, i ei mindre fantastisk omsetjing, gjort av meg. Er det nokon som har forslag til utbetringar? Her er den engelske varianten eg har nytta som førelegg. Bøna er truleg svært gamal. Ho står ved sida av bøner av St. Makarius den store (295-392) i dei ortodokse tidebønene, så han er ein mogeleg forfattar. Dei ortodokse tidebønene er forresten tilgjengeleg på engelsk i fulltekst på denne sida.

Bøn til Den Heilage Ande:

O Herre, himmelske konge, trøystaren, Sanningsanden, vis miskunn og nåde mot meg, din syndige tenar! Tilgi meg, som er uverdig. Tilgi alle syndene eg har begått denne dagen, både dei menneskelege og dei umenneskelege. Eg har vore verre enn eit udyr i frivillig og ufrivillig synd, kjent og ukjent synd frå ungdommen av. I freistingar, hastverk og motløyse. Dersom eg har sverja ved Ditt namn eller begått blasfemi i tankane. Dersom eg har refsa einkvan eller vorte sint. Sladra eller gjort nokon lei seg ved sinnet mitt. Dersom eg har loge. Eller sove i utrengsmål. Dersom ein tiggar har kome til meg og eg forakta han. Dersom eg gjorde bror min deprimert eller krangla med han. Dersom eg har dømt nokon, eller vorte overlegen, stolt eller sint. Dersom eg i bøn har vorte opprørd i sinnet over vondskapen i denne verda, eller ikkje har vendt ryggen til syndige tankar. Dersom eg har ete for mykje, drukke for mykje, ledd tankelaust eller hatt vonde tankar. Dersom eg har sett kor vakker nokon var og vorte såra av det i hjarta mitt. Dersom eg har snakka på ein upassande måte, eller ledd av syndene åt bror min når mine eigne brotsverk er tallause. Dersom eg har vore likesæl til bøn eller utført noko anna vondskap som eg ikkje kan hugsa – for eg har gjort alt dette og meir til: vis miskunn, Meister, Skapar, mot meg. Din nedkasta og uverdige tenar! Frigi, ettergi og tilgi meg i din godheit og kjærleik til menneska. Slik at eg, som er din bortkomne son, syndig og stakkarsleg, kan leggja meg ned i fred og finna søvn og kvile. Måtte eg tilbe og lovsyngja ditt høgvyrde namn, saman med Faderen, og hans einborne Son, no og alltid og i dei evige tidene. Amen.

Advertisements

3 responses to “Kveldsbøn til Den Heilage Ande

  1. Tqkk for ein djuptgripande bøn. Spesielt trøsterikt er det at også dei frivillege syndene er teke med, for ein ting er dei synder vi råkar bort i på slump og uhell, noko heilt anna er syndemakta som sit og rugar i hjarterota. Det var ikkje uhell, det var ikkje miljøet, det var eg sjølv som gjorde det. Den som har levd nokre år har etter kvart raka opp for bortforklaringar og unnskuldingar.

    No skal eg ikkje problematisere innhaldet. Det er sjølvsagt svært umoderne, men likevel frigjerande i høve til nettopp «aktuell» teologi slik eg opplev det. Med det meiner eg ein overfladisk skapingsteologi som ikkje tek på alvor døden sitt velde, som har nok med Guds vakre skaparverk og dei menneskelege ressursane, men hoppar bukk over hva skaping og fall femnar om.
    Det er mykje fint i de såkalla verdivedkjenninga, men den høver best for menneske med suksess, ikkje for dei som snåvar og fell og har vondt for å kome seg på beina att. Det er ikkje dei friske som treng lækjar.

    Skapingssoga er jo nettopp frelsessoge, det aude og tome der mørkret råder, den tørre hei utan vasskjelder, alt saman eit bilete på vår tomleik og tyrst som lengtar etter ljos og vatn.

    Den heillage ande trøystar oss: Når synder er sanna, både dei eg gjorde i vanvare og med ondt hjarte, ja, om no anger og bot og er sulka av synd , då er tida komen for å tru tilgjevinga.
    Alt anna er å forminske Guds nåde.

  2. Eg set pris på dei mange fine omsetjingane du gjev på bloggen, Øystein. Det er ein rikdom av kjelder å ausa frå. Denne bøna likte eg særlg godt. Det er mykje godt å henta frå klassisk, ortodoks tradisjon som me lyt ha med oss når me ønskjer å utdjupa vår eigen bønepraksis og utvida eigne bønebøker.

  3. Magne: Beklager seint svar, har balt med influensa i fire dagar no. Det er på retur no. Takk for innspela. For min eigen del kan eg stadfesta at det er godt å vera fri frå å måtta hoppa på kvar nye kristne motebølgje (slik eg gjorde før), men i staden halda seg til det umoderne. Det som ein gong for alle vart overlevert. Korleis er det C.S.Lewis-sitatet; alt som ikkje er evig, er for evig utgått på dato.

    Svein Arne: Takk for gode ord. I dette tilfellet dreier det seg elles om ei bøn utforma tidleg i den udelte kyrkja si tid, men teke vare på og brukt i den ortodokse tradisjonen. Ut av det kan ein jo også lesa større implikasjonar, dersom ein vil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s