Samsvar mellom liv og læra?

Nokre få månader før fader Sofian Boaghiu døydde i 2002, sa han dette om manglande samsvar mellom det munnen seier og det me gjer, mellom lære og liv:

Når me ber så brukar me munnen, men tankane våre er langt borte. Jesus Kristus refsa oss når han sa til sine samtidige – det sårar oss når me høyrer det den dag i dag -: «Dette folket ærar meg med leppene, men hjarta deira er langt borte frå meg». Me ber dei sedvanlege bønene, og går ut av kyrkja eller bønerommet og er like ille som når me begynte! Kvifor? Fordi me ikkje hadde kontakt med Den Heilage Ande som kan gi oss fred, som kan inspirera oss, som kan gi oss kraft, iver for Gud og for det gode, for venleik, for gode gjerningar, for kjærleik mot andre. I staden er me irriterte, forgifta, nervøse og veldig sensitive. At einkvan fornærmar oss med eit upassande ord er alt som skal til. Me er parate til å svara med vald! Fordi det er inni oss denne turbulensen eksisterer – og dette er grunnen til at eg no seier at me treng å vera upartiske (dispassion), me treng indre reingjering.

Dette talar i alle fall til meg. Kor lett er det ikkje å be flotte bøner om audmykt og om at Guds vilje må skje, og ikkje leva i samsvar med dette når ein omgåast andre på jobben dagen etter!

Spørsmål: Kva kan gjerast for å få større samsvar mellom læra vår og livet vårt?

3 thoughts on “Samsvar mellom liv og læra?

  1. Boaghiu er hverken første eller siste mann som erfarer kamp og krig i livet mot mørkets krefter. Inntil Kristus gjenkomst; Bach Cantata BWV 147a:

    1 Coro
    Herz und Mund und Tat und Leben
    Muß von Christo Zeugnis geben
    Ohne Furcht und Heuchelei,
    Dass er Gott und Heiland sei.

    2 Aria [Alt]
    Schäme dich, o Seele, nicht,
    Deinen Heiland zu bekennen,
    Soll er seine Braut dich nennen
    Vor des Vaters Angesicht!
    Denn wer ihn auf dieser Erden
    Zu verleugnen sich nicht scheut,
    Soll von ihm verleugnet werden,
    Wenn er kommt zur Herrlichkeit!

    3 Aria [Tenor]
    Hilf, Jesu, hilf, dass ich auch dich bekenne
    In Wohl und Weh! in Freud und Leid!
    Dass ich dich meinen Heiland nenne
    In Glauben mit Gelassenheit.
    Dass stets mein Herz von deiner Liebe brenne!

    4 Aria [Sopran]
    Bereite dir, Jesu, noch heute die Bahn!
    Beziehe die Höhle
    Des Herzens, der Seele,
    Und blicke mit Augen der Gnade mich an.

    5 Aria [Bass]
    Laß mich der Rufer Stimme hören,
    Die mit Johanne treulich lehren,
    Ich soll in dieser Gnadenzeit
    Von Finsternis und Dunkelheit
    Zum wahren Lichte mich bekehren.

    6 Choral
    Dein Wort lass mich bekennen
    Für dieser argen Welt,
    Auch mich dein’n Diener nennen,
    Nicht fürchten Gwalt noch Geld,
    Das mich bald mög ableiten
    Von deiner Wahrheit klar;
    Wollst mich auch nicht abscheiden
    Von der Christlichen Schar.

  2. Dette – mitt mislykkede forsøk på kommentere noe Oyistein Lid hadde lagt inn om David Hart – synes å ligge som en gjenganger (gjenferd) på bloggen, Jeg skriver derfor noe intetsigende for å få det ut av verden,
    RNF

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s