På sin blogg har fader James Early eit studium av Jakobs brev, brevet som Martin Luther gjerne ville ha ut or Bibelen:
«Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død. Kanskje vil nokon seia: Du har tru, eg har gjerningar. Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!
Dei fleste, om ikkje alle jødane (ja, faktisk folk flest) på St. Jakob si tid hevda å tru på Gud. Mange av dei deltok jamvel i fromme ritual. Men mange av dei neglisjerte heilt sin neste, og spesielt dei fattige. Lite har endra seg i dag. Folk flest i verda (om lag 90 prosen av amerikanarar, 50 prosent nordmenn) seier at dei trur på Gud. Men kva stor prosent menneske gjer faktisk noko som eit resultat av den trua? For kor mange påverkar trua deira eigentleg deira daglege liv?
St. Jakob stiller eit spørsmål til lesarane sine: «Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? «Ut frå den tradisjonen eg høyrde til tidlegare ville ha svart «ja, sjølvsagt! Gjerningar spelar inga rolle i frelsa. Dersom eg (utan å lyga) seier at eg trur, så ja, då er eg frelst». Men det klare svaret frå st. Jakob er tydelegvis: «Nei! Slik tru kan ikkje frelsa han!».
Deretter gir han eit døme for å illustrera dette, der han går inn i eit av sine favoritt-tema: Ansvaret kristne har for å ta seg av dei fattige. Han spør: «Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng?» Det impliserte svaret er sjølvsagt at det hjelper ingenting! Dersom me finner ein person som treng hjelp og berre seier at me håpar at dei får det dei treng, så hjelper ikkje det noko. For å faktisk gjera noko nyttig, og for å prova at me verkeleg ynskjer at dei vert hjelpt, så må me gjera noko! Me må hjelpa dei!
På same måte er det med trua: «Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død.» Med andre ord, sann tru inneheld gjerningar. Sann tru, frelsande tru, kan ikkje skiljast frå gjerningar; dei er ikkje to forskjellige ting, men heller to sider av same mynt. Tru som ikkje produserer gjerningar er ikkje tru i det heile. Det er falsk tru, eller med St. Jakob sine ord; ho er død.»
Så langt fader James Early. Eg hugsar då eg som ung kristen gymnasiast på Framnes kristne vidaregåande skule las Jakobs brev utan å få det til å stemma med det me vart lært i kristendomstimane. Og for så vidt fekk eg det heller ikkje til å stemma med det eg hadde lært heimefrå. Nåden åleine, heitte det, og dersom ein blanda eigne gjerningar inn i rekninga var ein på tynn is! Då hadde ein pådratt seg ein farleg åndeleg sjukdom som vart kalla eigen-rettferd eller lovisk kristendom. Men eg hugsar at eg og ein ven tok Jakob nok på alvor til å konfrontera rektor på den protestantiske skulen med det me hadde lese i brevet hans. Rektor, som også var vår kristendomslærar, tok førespurnaden opp i plenum i ein time, og me fekk eit lynkurs i luthersk eksegese. Dei mindre klare versa måtte tolkast i ljoset av dei meir klare. Men eg hugsar eg tenkte: Problemet er vel ikkje at Jakob er uklår, det er vel meir at me ikkje er samde i det han seier!
Det høyrest kanskje rart ut, men eg opplevde nåden-åleine-tankegangen som trelldom. Ein av biverknadane ved denne måten å tenkja frelsa på er at det vert veldig vanskeleg å vita om ein er frelst eller ikkje. Difor har det i lågkyrkjeleg pietisme utvikla seg ein veldig søken etter å få «frelsesvisse». For ein veit jo ikkje kva målestokk ein har å halda seg til for å vita om ein er frelst eller ikkje! For dersom eg ikkje har noko å gjera med mi eiga frelse, dersom det er berre nåde, vert det veldig vanskeleg å vita «kor langt ut i verda ein kan gå og framleis kalla seg kristen». Ofte er det meir enn ein hypotetisk problemstilling for rike nordmenn. Kor går grensa?
Ikkje før eg møtte den ortodokse forståinga av frelsesverket som eit samarbeid (synergi) mellom Gud og menneske tok dette til å stemma. Jakobs brev og galaterbrevet var ikkje lenger usamde. Gud vart menneske for at menneska skulle bli som Gud, vart det sagt i oldkyrkja, og det trur ortodokse framleis. Det er grunnlaget for Theosis-læra, guddommeleggjeringa. Det er mitt eige ansvar om eg kjem til himmelen eller ikkje. Eg veit om eg er på rett veg dersom eg lever i stadig omvending frå syndene, i kjærleik mot medmenneske, i audmykt og tilgjeving. Slik Jesus lærte oss i bergpreika. Alt dette er gåver frå Gud, men eg må velja å samarbeida.
Spørsmål: Er det fleire som har historiar om omvending frå protestantisk forsoningslære?