Staten som diakon

I dag gjev me ordet til den nye leiaren i Sunnmøre Indremisjon, Karl Arne Austnes, som i siste nummer av Sambåndet peikar på ei av våre største utfordringar som kristne i Noreg: at staten har teke den jobben Jesus bad oss kristne om å gjera.

«Vi lever i det som av mange blir sett på som verdas beste land å leve i. Velferssamfunnet blir stadig utbygd og ein av dei viktigaste politiske debattane vi har i dag handlar om i kor stor grad det offentlege skal drive velferdsordningane og kva dei såkalla private skal gjere. Det politisk regimet vi har i dag er klar på at det er staten og kommunane si oppgve å drive fram velferdssamfunnet.

Eg opplever aat dette utfordrar oss som kristne. For det første påverkar det tanken vår. Når vi ser at det er ulike behov for hjelp tenkjer vi: «dette er ei oppgåve for det offentlege». Slik blir det kristne diakonale ansvaret utydeleg. For det andre gjer velferdssamfunnet at det blir naturleg for oss å krevje vår rett og det blir lettare å nyte enn å yte. Vi kan lett blir sjølvopptatte og har lite tid og omtanke for korleis naboen har det. Det er jo kommunen sitt ansvar!

Bibelen fortel oss at det kristne alt frå den første tida sette nokon til å gjere teneste (diakoni tyder teneste). I Apostelgjerningane kap. 6 ser vi korleis dette vart organisert og Guds ord hadde framgang les vi i vers 7. Til alle oss som har rikeleg skriv Paulus i 1. Tim 6: «Du skal påleggja dei som er rike i denne verda, at dei ikkje skal vera overmodige, og dei skal heller ikkje setja si von til den uvisse rikdomen, men til Gud, han som gjev oss rikeleg av alle ting, så vi kan nyta det. Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, vera gjevmilde og gjerne dela med andre.»

I dag manglar vi tid meir enn noko anna. Kanskje skulle vi dele av tida vår? Historia til lekmannsarbeidet i Noreg viser at heilt frå Hans Nilsen Hauge har det vore bygd opp kristne diakonale institusjonar, vi har slik ei fortid å vera stolt av. Utfordringane i dag er også store, mange slik med rus, einsemd, brotne familieban og med sosiale problem. Meir enn institusjonar, trengs det kanskje kristne som ser enkeltmenneske, som har tid til å lytte og hjelpe. Eg vil særleg peike på to utfordringar.
1. Mange eldre er einsame, kanskje skulle fleire forsamlingar arrangere samlingar for desse, ein kaffikopp, dei gode gamle songane og ei andakt skaper kontakt og felleskap.

2. Behovet for fosterheimar er sterkt aukande. Dette er ei stor mogelegheit for kristne ektepar, der ein kan gjere ein forskjell for ei jente eller ein gut som treng kjærleik og faste former.

Eg skriv ikkje dette for at «Tordenskjolds soldatar» skal få endå meir dårleg samvit, men ynskjer å peike på diakonien som ei mogelegheit for å nå lenger ut til folket vårt med Jesu kjærleik. Dette kan og vere ein veg til rikare liv for oss alle.»

Me som kjenner litt til Noregs-historia før st. Hans Nielsen Hauge veit om alt det diakonale arbeidet kristne har gjort i Noreg før hans tid. Desto større grunn til å vidareføra den tusenårige tradisjonen med kristent diakonalt arbeid her til lands.

Eit ord frå Athos

Svært få munker klarer å vie seg til intellektuelt arbeide, samtidig som de bevarer sitt hjerte vendt mot Gud. Dersom du blir bedt om å gjøre et slikt arbeide, og blir lenket til ditt skrivebord og dine bøker, kan du finne Kristi fornedrelse der like meget som i et annet arbeide. Men du vil få en hård kamp å kjempe for ikke å la deg lure til å tro at det er dine kunnskaper som skal frelse deg.

Jean-Yves Leloup, Ord fra Athos

Frå Östanbäcks kloster

P1010009Så står eg på klostertunet med ein kopp kaffi i handa. Klokka er 05.15, og eg er nett komen ut av kyrkja etter to tidebøner. Det er stjerneklart, og månen lyser veg mot gjestehuset. Eg drikk kaffien min mens eg stirer mot himmelen.

Før i tida måtte Gud spele på lag med meg. Han måtte stille opp når eg hadde tid til å be, prate når eg var ferdig og svare på bønene mine slik eg ville. I dag er det eg som møter opp når han er til stades. Det er vel sakramentalt.

P1010014To timar seinare står eg atter på tunet med ein kopp kaffi i neven. Sola er no i ferd med å feste grepet om tretoppane, og morgonskodda på åkrane rundt klosteret skjønar ho lyt vike for varmare tider. Messa og frukosten er unnagjort.

Eg tenkjer enno på klemmen eg fekk av ein av klosterbrørne under fredshelsinga etter nattverden. Den inderlege og oppriktige kjærleiken kvepte meg med sitt grep om mitt flakkande hjarte. Berre Kristus kan elske slik. P1010017

Så nærmar klokka seg ni og det er tidebøn igjen. På nytt blir tankane mine fanga inn av Guds ønskje om å møte meg. Eg lèt drøs vere drøs, tek på meg sko, jakke og hue og traskar ut i den duggfriske morgonen.

Det kan vere lurt ikkje å vere for lenge i eit kloster. Når striden har lagt seg, freden funnen og du kjenner deg heime, er det på tide å pakke sekken. Klosteret er staden for å tenkje ferdig tankar, og late dei vere attende når ein reiser heim. P1010020

Skrifta fortel at den dagen Kristus vart krossfesten var der frå den sjette til den niande timen eit mørke over heile landet. På Östanbäcks kloster er det i desse skjebnetimane stilla som fyller heim og mark. Der er noko i lufta.

Alle kristne burde lese den boka eg sjølv har lese mens eg har vore i Sverige. Kanskje burde eg kjøpe ein bunke og dele ut til alle eg møter, men diverre vil dei nok ikkje forstå. Truleg var ho skriven berre for meg. P1010011

Klokka to er det non-tidebøn. Ein minnast den niande timen og stunda då Meisteren døydde på krossen. Han døydde ikkje for å blidgjere ein sint Gud, men for av eigen fri vilje ofre seg for menneska si frelse. Vi var alle til stades der på krossen.

Eg går meg ein tur i solskinet. Alle mine personlege bøner har ebba ut, for i møte med salmar og kyrkjebøner blir ordforrådet mitt for magert. Mens eg traskar i det flate svenske landskapet, held eg meg til Jesusbøna. P1010031

Halv seks er det Vesper etterfølgt av kveldsmat og Completorium. Desse to tidebønene kjem samstundes som mørkret og månen igjen melder sin interesse for det svenske klosteret. Slik fell roen atter over området og ein klosterdag blir natt.

Og slik har dagane mine gått i klosteret; Herren har «mätta mitt begär med sitt goda».

Den egentlige kampen

Den store åndelige kampen i vår tid står ikkje mellom truande og ateistar. Men kampen står mellom stoltheit og audmjukheit. Me ventar audmykt i omtrent alle andre område av livet; det som er viktig er kva som er sant, ikkje kva nokon måtte meina er sant. Men når det kjem til eksistensielle spørsmål set ein audmjukheita til sides, og set oss sjølv i sentrum av universet.

Fader Andrew Stephen Damick. Høyr meir her.

Frels meg, du nådige Herre

Ofte gjennom dagen har eg vore ein stor syndar, og når kvelden kjem, etter bønene, har eg gått til kvile rettferdiggjort og kvitare enn snø ved nåden frå Den Heilage Ande, med den djupaste fred og glede i hjarta mitt! så lett det må bli for Herren å frelsa oss også når dagane våre tek til å minka! Frels meg, du nådige Herre; ta i mot meg i ditt himmelske rike! Alt er mogeleg for Deg.

Heilage Johannes av Kronstadt, My Life in Christ

Avstå frå dei kjøtlege lystene

Korleis kan eg tøma meg for å gje større rom for Den Heilage Ande i meg? Tito Colliander har skrive ei bok om dette:

Dei heilage fedrane sitt råd er å begynna med små ting. Som Efraim syraren seier, korleis kan du sløkkja eit stort bål før du lærer å sløkkja eit lite eitt? Du vil spara deg for mykje dersom du kjempar ned dei små begjæra, lærer dei heilage fedrane. Dermed løner det seg ikkje å få kontroll over dei vanskelegaste lastene og dårlege vanane du har utan samtidig å overvinna dei små «uskuldige» svakheitane: trongen etter søtsaker, lysten til prat, nyfikna, innblandinga. For når alt kjem til alt er alle våre begjær, store og små, bygt på same grunnlag: vår ukontrollerte vane å tilfredsstilla berre vår eigen vilje.

Tito Colliander, Way of the Ascetics