Økumenikken har brote laus!

8434_192045350358_694355358_4361157_3249720_nBoka mi «Økumenikken har brote laus!» er no i butikken.

Boka er ei samling med satiriske tekstar og gjev eit bilete av vandringa mi frå yttarste karismatiske krinsar og fram til eg no er i Den nordisk-katolske kyrkja. På vaskesetelen står det slik:

Gjennom ei rekkje satiriske tekstar får både katolske og protestantiske, så vel som ortodokse og karismatiske krinsar, testa sine særeigne trekk mot forfattarens skarpe blikk og muntre penn. Sjølvutnemnde profetar, framstormande evangelistar og trusrørsla sine mange fikse idear blir òg brakt til treskeplassen. Ringside kan lesaren lett få kyrkjekaffien i vrangstrupen i møte med forfattarens eigne tankar om menneskelege lastar, klosterrørsle, moderne krosstog og eksorsisme.

Erfaringar frå si eiga trusvandring gjev forfattaren truverde og tekstane tyngde, og han skriv sjeldan friskt og humørfylt. Kombinasjonen gjer denne boka til eit artig – men viktig – innspel i dagens kyrkjedebatt der «økumenikken har brote laus».

Roy-Olav T. Øien er nordfjording busett i Bergen. Han er utdanna historikar og jobbar som lektor ved Åsane videregående skole. Øien har lang fartstid i karismatiske rørsler, men er i dag aktiv som subdiakon ved Den nordisk-katolske kyrkja.

Så løp og kjøp anten på www.efremforlag.no, send meg ein e-post eller bestill ho gjennom din lokale bokhandel. Det hadde også vore hyggeleg med ris og ros i kommentarfeltet.

Advertisements

3 responses to “Økumenikken har brote laus!

  1. Boken er etter min mening svært treffende, på en morsom og underholdende måte. Vi som har vært innom
    noen av de samme miljøene kjenner oss godt igjen.
    Samtidig opplever jeg at det ikke er noen vond brodd til brødre og søstre,men en påpekende og god satire. Selv om undertegnede nesten er dobbelt så gammel som forfatteren, er jeg gjerne med på mye av den noe yngre stilen.
    En blir minnet om svært engasjerte perioder,da kristenlivet ble et heseblesende jag etter ny åndelige sensasjoner og spesialiteter. Samtidig som en kan gremmes over at en så ofte undervurderte sin egen åndelig dømmekraft, da en underordnet seg i kristelig snillisme. Forøvrig tror jeg boken vil være interessant både til høyre og venstre i kirkelandskapet. En vil også humre og le en del,selv om emnet er ganske alvorlig.

  2. Takk; på sotteseng har eg fått humre og skratte meg gjennom ei artig, oppkvikkande, interessant, informerande og tankevekkjande bok. Den er knakande godt skriven, på nynorsk. Og det er mangt å kjenne seg igjen i, same kva kyrkjeleg tradisjon vi høyrer heime i og kva tankar vi gjer oss om oss sjølve og det vi trur oss å tru på. På det varmaste tilrår eg folk å lese boka!

  3. Norsk kristelighet får pastorale spark i humorpolster.
    Mer Økumeniirritasjon – uten anstøt intet evangelium..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s