Vegen mot frelse

Mange av fedrane, til dømes heilage Serafim av Sarov, heilage Siluan av Athos, fader Sofrony, men også heilage Antonius den store lærer dette: Det fremste teiknet på om me har framgang på vegen mot frelse eller ikkje, er korleis me er mot andre. Dersom me viser godleik, audmjukheit, kjærleik, glede og tilgjeving mot andre, så syner det klart at me let Den Heilage Ande i oss få styra over oss og forandra oss. Men dersom me konstant er fylte av bitterheit, sinne og ei kritisk og utilgivande ånd – dersom me ikkje behandlar andre som skapte i Guds bilete, så står me Den Heilage Ande i mot, og har ikkje framgang på vegen mot frelse.

Fader James Early

Advertisements

9 responses to “Vegen mot frelse

  1. You pushed away the severe storm
    You made us believe, Comrade Kim Jong-il
    We cannot live without you
    Our country cannot exist without you!

    Our future and hope depend on you
    People’s fate depends on you, Comrade Kim Jong-il!
    We cannot live without you
    Our country cannot exist without you!

    Even if the world changes hundreds of times
    People believe in you, Comrade Kim Jong-il
    We cannot live without you
    Our country cannot exist without you!

    Oh… Our Comrade Kim Jong-il
    Our country cannot exist without you!

  2. Jeg synes folkets frelse i Nord-Korea utfordres når de må vise godhet, ydmykhet, kjærlighet, glede og tilgivelse til Guds fravær i Kim Jong-il

    «Det er Herren din Gud du skal hylde, og ham alene du skal tjene» (Matt 4, 10).

  3. For nokon er frelse så sjølvsagt. For andre noko dei slit med heile livet. Ikkje tvil om at vi legg ulikt i kva frelse er. Utan å vite vil vi og orientere oss ut frå ulike forsoningsteoriar. Eller dei ulike dogme vil orientere oss, sjølv den som seier dogme ikkje er viktig. Ikkje så at ein treng å kunne utrede desse ting for frelsa, men den som vil lære andre bør vite kva han lærer. Eg skjønar så lite av dette sjølve, men eg har forstått at teologane opp igjennom tidene har snakka om klassisk, objektiv og subjektiv forsoningslære. Nokon avfeier slikt med «flisespikkeri», men alle vil vi frå tid til annan måtte vere teologar som forfektar ein eller annan teologisk valør. Om det no er «så enkelt» som å be aftenbøna på sengekanten til borna eller så vanskeleg som å vere pave i Rom. Ja, sjølv dei som seier at kristendom er noko herk har likevel ein klar meining om kva kristendom bør vere når talen er tydeleg. Pussig det igrunn.

    For min eigen del har eg vakse opp i ein personleg frelseforståing med styrkjer og svakheiter. Meg og min frelse kan verte veldig sjølvsentrert, det veit vi vel. I fyrste kristne tida var det folkene som var gjenstand for frelse. Eg tenkjer på gamle Simeon som no kunne fare bort i fred for han hadde sett Gud si frelse (din frelse, ikkje min), for Israel og alle folkeslag. I dette syn fekk han fred og vart sæl.

    Ofte har eg grunda på Romarbrevet. På grunn av ein manns urettferd vart heile skapninga lagt under forgjengelegdom. Forferdeleg er verknaden av denne eine sin synd, nok å sjå på Dagsrevyen i fem minutt. Døden spør ikkje om rang, gode gjerningar eller tru, døden herskar over oss alle.
    Så seier Paulus: Det er annaleis med nåden enn med fallet. Kor mykje meir, kor større kraft har ikkje ein manns rettferdig gjerning for dei som trur enn ein manns urett. (Rom 5). Ja, så sterk er verknaden at sjølv dei som i alle fall ytre sett verkar nokså likesæl overfor kristendom i neste no kan seie: Eg tilgjev deg. Eit umogeleg utsegn, det er eg overtydd om, om ikkje Kristus var komen og verket fullført for alle menneske. Verknaden av frelsa er mykje meri skjult, men dog mykje større i sin verknad enn fallet.

    No kan jo dette tendere mot ei slags all-frelse. Var det tilfelle burde vi alle glede oss og ikkje sutre lik profeten Jona og den eldste broren som vart sur på grunn av Guds nåde. Nei, eg ser ikkje for meg frelse utan omvending, heller vert ingen omvend mot sin vilje. Himmelen er befolka av frie menneske som verkeleg vil dit. Eg held ikkje ut tanken på at folk skal fortsetje å manipulere og undertrykkje andre i all æva. Ikkje tale om. Problemet er ofte at vi ikkje veit kva vi vil, så formørka er vi av døden sitt velde.

    Vi er bundne. Og no er det forsoningstrua gjev seg til kjenne. Vi er fanga i døden sitt garn, vi er hjelpelause, nedsunke i vår eiga fortaping. Uansett kor ansvarleg eg tenkjer, dø må eg. Ein lausepenge er gjeven. Kristus er ofra. Døden har fått sitt. Dødsriket kravde eit bytte og fekk det og gjekk fem på. Med skrekk og forseint oppdaga «kidnapparane» at det var Guds Son som steig ned og tilinkjegjorde døden. Meiner eg no at alle er Guds born? I alle høve er vi Guds elskede skapningar, men lite hjelp det å vere Guds born i Guds fiende sin vold. Eg må friast ut, eg må verte frelst frå tyranniet. Det er og noko som heiter Stockholmsyndromet – at gislane etter ein stund får sympati for gisseltakarane. Så splitta er vi, vi veit ikkje kven vi tilhøyrer, Gud eller Guds fiende. Lenge har han dreve å smisket seg inn hos oss og tåkelagt Guds herlegdom for oss.

    Det har vorte populært i enkelte krinsar å skulde kristendommen for å forkynne ein brutal Gud som krev blod og offer, (fæl Gud det der) nett som dei gamle gudar. Men om no Kristus er lausepengen, kven er då kidnapparane. Det er vel ikkje foreldrene som krev lausepengar vil eg tru?
    Mon tru det ikkje er Guds fiende som krev offer? Dei fekk det og satt med skjegget i postkassa.

  4. Svært godt med utfordrende reflekterende tanker. – Kan vi si det slik at: Frelsesveien er ikke bare smal men også treveis; når jeg virkelig går denne veien så – nærmer jeg meg andre & jeg nærmer meg selv & og jeg nærmer meg Gud. Og dette er vel tre sider av samme sak & mål: helliggjørelsen.

  5. Ja, slik kan vi og si det.

    Dette vil vel alltid være en kamparena, uansett hvor godt grep jeg vil få på «systemene» – det er som Gud aldri tillater oss å stivne i det selvsagte, men heller aldri virre i det uvisse. Frelsen er og blir en nådegave for syndere og fattige i ånden, skjult for den som greier seg selv.

  6. Takk for interessante innspel. Eg tastar med tomlane på mobilen, så dette vert ikkje så langt.

    Ole: historia viser vel at det nettopp er i forfylging den freden som ikkje er av denne verda pregar kyrkja mest. Kristi fred er noko heilt anna enn fråvær av tornar i kjøtet og forfylging. Eg las ein stad at dei forfulgde kristne i Kina hadde for vane å be om ikkje å få den same materielle velstanden som me i vesten. Eit behageleg og materielt sett lettvint liv er veldig ofte lik eit åndeleg sløvt liv.

    Magne: eg skulle gjerne ha skrive mykje her, men eg veit ikkje om eg kan. Fyrst bør eg kanskje understreka at innlegget handlar om frukta som kjem frå gode tre, altså helgingsprosessen.

    Når det gjeld akkurat kva som hende på krossen kan me kanskje ikkje vita det i sitt fulle omfang i dette livet. Men me kan vita nok til å verta frelste, trur eg. At Jesus kom til jord, tok på seg vår menneskelege tilstand og gjorde han om til ein heit ny tilstand, bar våre synder og tilintetgjorde døden med døden. Eg er vorten veldig glad i det oldkyrkjelege ordtaket: Gud vart menneske for at menneska skulle verta som Gud. Det er theosis-læra i eit nøkkelskal. Treng me vita meir? Kan me ikkje overlata noko til mysteriet? Etter mitt syn har vesten gjort frelsa for komplisert og skal ha det på formel og forstår med menneskelege juridiske kategoriar.

  7. Absolutt alle kristne forfølges av verden. Når det er sagt så er det uhyggelig med Guds fravær i samfunn og ledere som gir frihetsberørelse, sult og nød. Gud vår Far i himmelen ønsker bedre for sine barn.

  8. Ja, treng vi vite meir?
    Eg er samd med de/dykk at vi veit nok for å tru. Kor fort må bilane gå, kor mykje kondisjon treng eg eigentleg for å leve eit godt liv? Attrå handlar om så mangt.

    Ganske grunnleggande spørsmål det der.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s