Økumenikken har brote laus!

8434_192045350358_694355358_4361157_3249720_nBoka mi «Økumenikken har brote laus!» er no i butikken.

Boka er ei samling med satiriske tekstar og gjev eit bilete av vandringa mi frå yttarste karismatiske krinsar og fram til eg no er i Den nordisk-katolske kyrkja. På vaskesetelen står det slik:

Gjennom ei rekkje satiriske tekstar får både katolske og protestantiske, så vel som ortodokse og karismatiske krinsar, testa sine særeigne trekk mot forfattarens skarpe blikk og muntre penn. Sjølvutnemnde profetar, framstormande evangelistar og trusrørsla sine mange fikse idear blir òg brakt til treskeplassen. Ringside kan lesaren lett få kyrkjekaffien i vrangstrupen i møte med forfattarens eigne tankar om menneskelege lastar, klosterrørsle, moderne krosstog og eksorsisme.

Erfaringar frå si eiga trusvandring gjev forfattaren truverde og tekstane tyngde, og han skriv sjeldan friskt og humørfylt. Kombinasjonen gjer denne boka til eit artig – men viktig – innspel i dagens kyrkjedebatt der «økumenikken har brote laus».

Roy-Olav T. Øien er nordfjording busett i Bergen. Han er utdanna historikar og jobbar som lektor ved Åsane videregående skole. Øien har lang fartstid i karismatiske rørsler, men er i dag aktiv som subdiakon ved Den nordisk-katolske kyrkja.

Så løp og kjøp anten på www.efremforlag.no, send meg ein e-post eller bestill ho gjennom din lokale bokhandel. Det hadde også vore hyggeleg med ris og ros i kommentarfeltet.

Advertisements

Å leva i ruinane av kristendommen, del 2

Kristendommen i dei fyrste tusen åra forstod at teologar er folk som kjenner Gud, ikkje dei som har mest teoretisk kunnskap om han. Og den endringa av kva det vil seia å vera teolog var det som la grunnlaget for dei unike nyvinningane i vestleg kristendom frå 1100-talet og framover. Ideen om at ein kan tenkja seg fram til kven Gud er.
(…)
I NT står det ikkje «gå ut i all verda og argumenter godt», men omvend verda. Korleis gjer ein det? Ein kan berre omvenda verda dersom ein fyrst omvender seg sjølv. Berre slik kan me forandra verda. Det var slik dei kristne brakte det romerske imperiet som hedensk politisk struktur, til sin avslutning. Dei bad. Dei vart martyrar. Løysinga er, som i all tradisjonell kristendom, – ikkje eit sett filosofiske argument, det er eit syn som utviklar seg i vest og som definerer vestleg kristendom – det er at eg opphøyrer å elska meg sjølv, og elskar Gud av all mi makt, av heile hjarta og av alt mitt vit. Dersom eg gjer det vil eg forandra meg sjølv, og menneske rundt meg vil verta frelst.

Tristram Engelhardt

Å leva i ruinane av kristendommen, del 1

Den ortodoks kristne bioetikaren, filosofiprofessoren og forfattaren Tristram Engelhardt kjem med mange interessante tankar i dette intervjuet. Kva skjedde med den opphavelege kristendommen, er blant spørsmåla som vert teke opp.

Eg tenkjer på meg sjølv som vestleg ortodoks. Ortodoks kristendom har begge lungene inntakt sidan han har både austleg og vestleg ritus. Det som gjer ortodoks kristendom så ulik frå andre formar for kristendom, er at han lever i tankesettet frå dei heilage fedrane. Som ortodokse kristne kunne me gått rett inn i ei preike frå ein av fedrane frå oldkyrkja og alt ville gi fullgod meining. Det er ikkje lenger tilfellet med dei andre vestlege formane for kristendom. Der er ei framandgjering frå kyrkja sitt opprinnelege tankesett.

(Framhald fylgjer)

Tristram Engelhardt

Åndelege gåver

Dei som får det privilegiet å verta Guds born og har Kristus strålande fram frå innsida, vert styrt av ulike kvalitetar ved Den Heilage Ande og halden oppe av nåde i dei løynde roma i hjartet. Dei tilsynelatande gledene i verda kan ikkje samanliknast med opplevinga av guddommeleg nåde i sjela.

St. Makarius av Egypt

Vegen mot frelse

Mange av fedrane, til dømes heilage Serafim av Sarov, heilage Siluan av Athos, fader Sofrony, men også heilage Antonius den store lærer dette: Det fremste teiknet på om me har framgang på vegen mot frelse eller ikkje, er korleis me er mot andre. Dersom me viser godleik, audmjukheit, kjærleik, glede og tilgjeving mot andre, så syner det klart at me let Den Heilage Ande i oss få styra over oss og forandra oss. Men dersom me konstant er fylte av bitterheit, sinne og ei kritisk og utilgivande ånd – dersom me ikkje behandlar andre som skapte i Guds bilete, så står me Den Heilage Ande i mot, og har ikkje framgang på vegen mot frelse.

Fader James Early