Ver ikkje sint, reager ikkje, bevar indre stille, del 2.

Ikkje reagér

Så det fyrste åndelege prinsippet – hald ikkje fast på sinne – fører til det andre. Me må læra å ikkje reagera. Dette er berre ei naturleg følgje av å «venda det andre kinnet til». Når nokon seier noko som sårar oss, eller når nokon gjer noko sårande, kva er det som vert såra? Det er vårt ego. Ingen kan i sanning såra oss. Dei kan kanskje forårsaka fysisk smerte eller emosjonell smerte. Dei kan jamvel drepa kroppen vår. Men ingen kan skada våre sanne sjølv. Me må ta ansvar for våre eigne reaksjonar. Då kan me kontrollera våre reaksjonar.

Det finst ei rekkje nivå til dette prinsippet. På det mest openberre planet; viss nokon slår deg, så slår du ikkje tilbake. Vend det andre kinnet til, er Herrens lære. Det er vanskeleg nok. Men det er eit endå djupare nivå. For viss nokon slår deg og du unnlet å slå tilbake – men i hjarta ditt foraktar dei, og ber på sinne og hat og bitterheit mot dei, så har du framleis tapt. Du har framleis synda. Du har framleis brote din relasjon med Gud, fordi du ber det sinnet i hjarta ditt.

Ein av dei tinga som er så vanskeleg å koma til rette med, er den realiteten at når me ber på sinne og bitterheit i våre hjarto, stiller me opp barrièrar mellom Guds nåde inne i oss sjølve. Det er ikkje det at Gud sluttar å gi oss sin nåde. Problemet er at me seier « Nei. Eg vil ikkje ha den». Kva er Hans nåde? Det er kjærleiken hans, miskunna hans, medkjensla hans, hans aktivitet i våre liv. Dei heilage fedrane lærer oss at kvart menneske som nokon gong har vorte født på denne jorda ber Guds bilete uforfalska i seg. I vår tradisjon er det ikkje noko som heiter ein fallen natur. Det finst falne menneske, men ikkje fallen natur. Implikasjonane i denne sanninga er at me ikkje har noko unnskyldning for synda vår. Me er ansvarlege for syndene, for vala me gjer. Me er ansvarlege for handlingane våre og får reaksjonane våre. «Djevelen fekk meg til å gjera det», er ikkje noko unnskyldning, for djevelen har ikkje meir makt over oss enn me gir han. Dette er vanskeleg å akseptera, for det er veldig greitt å skulda på djevelen. Det er også veldig greitt å klandra einkvan i vår fortid. Men det er også lygn. Vår val er våre eigne.

På eit endå djupare nivå, lærer dette åndelege prinsippet – reager ikkje – at me treng å læra å ikkje reagera på tankane våre. Eit av dei mest fundamentale aspekta av dette er å vakta over sitt eige indre. Det kan verka som ei overveldande oppgåve, når ein tek i augnemål kor mange tankar me har. Likevel, den indre vaktinga treng ikkje å vera forkusert på tankane. Vaktinga må vera fokusert på Gud. Me treng å oppretthalda det vedvarande medvitet om Guds nærvær. Viss me gjer det, vil tankane våre ikkje ha makt over oss. Me kan, for å seia det med heilage Benedikt, slå tankane våre mot nærværet åt Gud. Dette er eldgamal fedrelære [patrologi]. Me fokuserer vår merksemd på å hugsa Gud. Viss me kan gjera det, vil me begynna å kontrollera våre vanskelege tankar. Våre reaksjonar handlar om våre tankar. Når alt kjem til alt, viss nokon seier eitkvart stygt til oss, korleis reagerer me? Me reagerer fyrst i tankane. Kanskje er me vane med å slå tilbake med eit stygt svar etter å ha vorte fornærma. Men å vaka over sinnet vårt, slik at me opprettheld det levande fellesskapet med Gud gir ikkje rom for distraherande tankar. Det finst mykje rom viss me bestemmer oss for at me treng å tenkja nøye gjennom noko, i Guds nærvær. Men så snart me tek del i noko hatefullt, så lukkar me Gud ut. Det motsette er også sant – så lenge me held vår kopling til Gud open, vil me ikkje vera i stand til å delta i noko hatefullt. Me reagerer ikkje.

[framhald følgjer]

Advertisements

18 responses to “Ver ikkje sint, reager ikkje, bevar indre stille, del 2.

  1. Gudsnærhet setter intuitivt kjepper i hjulet for fandenskap. Kristendom er ikke fatalisme, men aktivt å reagere: for det gode mot det onde. Vår Herre, Jesus Kristus sa selv til en av sine «Vik fra meg Satan.» Forbilledlig spør du meg…

  2. «Gudsnærhet setter intuitivt kjepper i hjulpet for fandenskap», kan eg vera samd i. Det er vel ein annan måte å seia det som metropolitt Jonah seier i dette essayet.

    Men i neste setning; skal eg tolka deg dit hen at du tolkar biskopens tankar som fatalisme? Då trur eg du les meir inn i teksten hans enn det som står der. Eg er jo samd i at det ikkje er NOK å lata vera å gjera det vonde (i dette tilfelle; å bli sint, reagera (og det er vanskeleg nok) etc., ein må også aktivt spreia det gode. Men det er ikkje det Jonah tek opp her. I samfunnet vil det jo ofte vera naudsynt å reagera mot noko negativt, og aktivt for noko positivt. Men i den konteksten biskopen nyttar det i, handlar om mellommenneskelege forhold. Ikkje reager, som synonymt til «ikkje bli sint».

    At me som Kristus skulle seia til kvarandre «Vik frå meg Satan», trur eg er misforstått. Det ville krevja at me hadde den same åndelege innsikta som Guds son sjølv. I staden gjeld det for oss å lata vera å kasta den fyrste steinen. Jesus seier: «Den som er uten synd, han kan kasta den fyrste steinen». Jesus var utan synd, og han kunne refsa Peter slik, når Peter gav etter for ein tanke som kom frå djevelen. Me kjenner ikkje andre menneske sine tankar, slik Jesus gjorde. Me kjenner berre våre eigne. Og bør vakta over dei slik Gud sa til Moses: «Akta deg så det ikkje kjem ein vond tanke opp i hjarta ditt.» 5. mos. 15, 9

  3. Tross verdens urettferdighet og hat, så seirer sannhet og kjærlighet, ved hjelp av den enfoldige som enkel, trygg og åpen sier ting rett ut som det er, uansett.

    Frelsens anstøt er at vi ikke kan stole på mennesklig viljestyrke for påbudene i din essay oversettelse «ver ikkje sint, reager ikkje, bevar indre stillhet». Jeg reagerer heller og bruker Klagesalmene, her kan jeg til og med være sint på Gud. Videre vet jeg heller ikke om en Guds vilje kan skje uten at det river og sliter i mitt indre.

  4. Mon tro om det du skriver ikke er en god oppskrift på hvordan vi kan lære å undertrykke våre følelser. Det hører med til min «barnelærdom» at undertrykte følelser kan være farlige saker. Hvordan ser du for dag at vi skal avreagere? For du er vel enig at hvis man skal avstå fra å reagere, da bør det finnes en meget godt måte å avreagere på? Jeg ser vanskelig for meg at det ligger i den menneskelige natur at ikke reagere uten også å ha en kanal for å avreagere.

  5. Hei, Unitarknut. I barnehagen til dottera mi lærer dei også å «slå i veggen» når ein vert sint, i staden for å la det gå ut over eit anna barn. Det er ikkje noko gale i «slå i veggen-prinsippet», men det finst ein høgare veg som Bibelen og tradisjonen lærer oss, og som Metropolitt Jonah gir ei oppsummering av i dette essayet. Ved å be, tilgi og bevara indre stille opnar ein opp for Den Heilage Ande sitt verk i våre liv:

    Gal 5:22: Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming.

    Den som har desse fått desse kvalitetane av nåde, har ikkje samtidig eit latent og undertrykt sinne som lyt avreagerast. Men viss ein bevisst vel å halda fast på sinne mot nokon, kan ein ikkje sjølv håpa på å få fred heller: Matt 6:15: Om de ikkje tilgjev menneska brota deira, då skal heller ikkje Far dykkar tilgje dykkar brot.

  6. Jamfør også del ein, der det kjem fram at det ikkje dreier seg om å undertrykka noko, men tvert i mot ta ting fram i ljoset, gjerne framfor skriftefar, slik at ein kan ta oppgjer med det ved å tilgi det gale andre har gjort mot ein. Hald ikkje fast på det vonde…

  7. Det er ingen lett vei du beskriver, den krever selvdisiplin. Sterk selvdisiplin. Kan det være at den også krever forholdene lagt til rette for denne disiplinen. Jeg har merket meg at det er lettere å følge den vei du beskriver når jeg kan leve tilbaketrukket (f.eks. som gjest i kloster) enn når jeg lever ellers i familie- og yrkesliv.

  8. Premisset i bunn for metropolitt Jonah er psalmene som ortodokse kristne leser i våre tidebønner. Mer selvovergivelse enn selvdisiplin…

  9. Mantra er fra menneskene. Å fokusere innover i seg selv kan i beste fall kun være egoisme.

    Mana er fra himlene. Å fokusere på Gud er å gi slipp på seg selv.

  10. Viss det skulle kvalifisera til egoisme, så er all bøn egoisme. For Gud er ikkje fjern, og langt borte, men bur i oss. Difor handlar det å be om å venda seg innover, ikkje oppover mot skyene eller universet. Å be er ikkje egoisme, det er det motsatte, nemleg som du seier å gi slepp på seg sjølv. Det er ikkje ei motsetning mellom desse to.

    Men dine protestar på dette kjerne-ortodokse stoffet, får meg til å lura på ein ting. Ut frå kva ståstad kritiserer du det? Som nordisk-katolsk vil du ikkje vera reint romersk-katolsk, men tydelegvis heller ikkje ortodoks. Vil du då plukka litt herifrå og litt derifrå? Er ikkje det ein form for protestantisme?

  11. Det er sikkert godt meint, men dess meir eg grundar på innhaldet i desse to siste innlegga, desto meir overtydd vert eg om at dette ikkje er sunn lære. Kvar i Bibelen står det til dømes at eg ikkje skal reagere? Kva med Salmane i GT? Der kjem dei fleste menneskelege reaksjonar til uttrykk.
    Det er vanskeleg nok å leve etter formaningane i NT, om eg ikkje i tillegg skal krype innunder umenneskelege menneskebod.
    Korleis kan vi få vite om våre synder i ord og handling om vi ikkje seier i frå til kvarandre? Kvar vert det då av syndserkjenning, oppgjer, tilgjeving og forsoning mellom oss syndige menneske? Om eg sluttar å reagere på urett som vert gjort både mot meg sjølv og andre, tèr eg meg då som eit medmenneske?
    Om eg fullstendig har misforstått, får oversetjaren ha meg orsaka.

  12. Ortodoks kristendom kan ikke oppheve men må bygge på de gamle klassiske premiss og forutsetning. Som dette at Jesusu lærte sine etterfølgere å be:»Fader vår, du som er i himmelen!»

  13. Takk for spørsmål, Audny, dei er sikkert godt meint. =)

    Fyrst må eg jo visa til at det er nettopp Bibelen som er utgangspunktet for desse tankane, som forfattaren av teksten viser i det han skriv. Treng de meir bibelreferansar, så kjem her nokre: Paulus listar opp sinne ved sida av trolldom og avgudsdyrking i Galatarbrevet 5,20. Det same i Efesarbrevet 4, 31. I fyrste Korintarbrev 6,7 skriv Paulus om den ynkverdige praksis korintarane dreiv mot medkristne, at dei første rettssakar mot kvarandre. Til dette seier Paulus
    «Hvorfor lider dere ikke heller urett? Hvorfor tåler dere ikke heller tap?» Og til romarane:

    «Gjev ingen att vondt med vondt! Legg vinn på det som godt er, for augo på alle menneske!
    Om det er mogleg, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk! Hemna dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev rom for vreiden* [åt Gud]. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg vil gje attergjeld, seier Herren. Om fienden din svelt, så gjev han å eta. Om han er tyrst, så gjev han å drikka. For når du gjer det, samlar du gloande kol på hovudet hans. La ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode.» Rom 12:17-21

    Når det gjeld gamle testamentet som du nemner (salmane), veit me at det nye stiller strengare krav til moralsk livsførsel. Me veit også at det er umogeleg utan gjennom Guds Ånd som virkar i oss til å villa det gode. «De har høyrt de har sagt, men eg seier dykk…» Slik er Jesu måte å skjerpa krava på. «Den som kallar nokon for raka (idiot, eller tilsvarande) skal vera skuldig for rådet», seier Jesus til dømes.

    Når det gjeld det du skriv om å reagera på vegne av andre, opplever eg at det er noko anna enn det forfattaren skriv om. Det er klart at det er to forskjellige ting viss nokon slår meg og eg unnlèt å reagera på det, på den eine sida, og viss nokon slår eit forsvarslaust barn og eg unnlèt å reagera på det, på den andre. Det må vel vera unødvendig å seia, og det er jo heller ikkje det forfattaren skriv i teksten. Då legg ein verkeleg vrangviljen til. Kan det som har skapt denne misforståinga vera ordet «reagera»? Det forfattaren skriv om handlar her om den indre reaksjonen, ikkje den ytre. Som st. Johannes Klimakos (av stigen) sa på 500-talet: Forut for kvart ord er ein tanke. Men sjølv når me reagerer mot urett gjort mot andre (i det ytre) må me jo gjera det i kjærleik som kristne. Me kjem jo ikkje med sinne, advokat eller våpen, som heidningane.

    «Korleis kan vi få vite om våre synder i ord og handling om vi ikkje seier i frå til kvarandre?»

    Svaret her er tofaldig. For det fyrste er det Den Heilage Ande si oppgåve å overtyda oss om synd (Joh 16:8). Den Heilage Ande virkar også i vårt samvit til at me dømmer oss sjølve (Rom 2:15 og 1. Kor 11:31). Når det er sagt er det jo absolutt bibelsk å rettleia kvarandre, og overbevisa kvarandre om synd. Men ingen stad står det at me skal gjera det i sinne. Når Paulus skriv til Timoteus korleis denne skal rettleia andre på den smale sti (1. Tim kapittel 5) er det nettopp det å rettleia i mildskap som er den raude tråden. Du skal ikkje tala hardt til ein gamal mann. Ein skal tala andre til rette som ein bror.

    Spørsmålet er i siste instans kven som skal bestemma kva som er «den sunne lære», som du nemner. Det er ikkje lenger som då me var protestantar at me sjølv er den høgaste instans som bestemmer kva eg vil tru på og ikkje. Som me veit kan Bibelen tolkast på mange måtar, elles ville ikkje kyrkjesamfunna ha eksistert i tusental. Skal eg vera den som bestemmer kva Bibelen seier, eller skal eg underordna meg tradisjonens lesing av bibelen? For prov på at kyrkjefedrane lærer fridom frå sinne, sjå på denne ortodokse nettsida.
    Til Ole: Ortodoks kristendom ER dei gamle klassiske premiss og føresetnadar. Viss du ser på nettsida over, finn du mange sitat som handlar om dette frå lenge før kyrkja vart skilt i to. Johannes Krysostomus, til dømes, levde frå 347 – 407, og vert rekna for helgen både i aust og vest. Eg avsluttar med eit sitat frå han, som også viser at det finst eit visst rom for sinne.

    «Sinne er planta i oss som eit slags stikk, slik at me skjæra tenner mot djevelen, til å gjera oss energiske mot han. Sinne er ikkje der for å setja oss opp mot kvarandre. Har du lett for å verta sint? Så ver sint mot dine eigne synder: irettesett di eiga sjel, kjeft på ditt eige samvit, ver ein streng dommar, og nådelaus i din dom over dine eigne synder. Slik snur me sinnet i ein rett retning.»

  14. Takk for reaksjon på kommentaren min. Eg har kanskje misforstått… Men… Eg er så inderleg sliten av å lese litteratur som vil ha meg til å krinse om mitt indre liv… Kvar vert det av Jesus? Eg vel heller å bruke kreftene mine på å samle tankane om mysteria,om Skaparen av himmel og jord, om Jesu fødsel, hans liv, hans død, hans oppstode, om den heilage treeininga, om sakramenta;dåpen, skriftemålet og nattverden. Dette byggjer meg opp og gjev meg mot og kraft og glede til å leve eit liv etter Herrens vilje.

  15. Ja messen – forutsetningen er den katolske kirkes messe med enheten i eucharisti felleskapet. Ortodoks teologi er gudstjeneste og nattverden. Til den legger medlemmene fra seg selv, for å gjøre plass til den oppstandne Herre Jesus Kristus.
    Her hilser felleskapet i enhet: «Guds fred!»

    Vi har ikke noe av oss selv, vi har ikke fanget Gud inni oss selv, vi er på ingen måte mett av alle åndens frukter.

    Vi er skadet, naken, tørst og sulten eter strid og kamp Og vi tigger Gud om smuler fra Hans bord.

  16. Etter å ha studert tankane til metropolitt Jonah enda meir inngåande, fell eg i å meine at han skriv noko lettvint og livsfjernt om både sinne og tilgjeving. Når det gjeld sinne, vil eg illustrere det med ei hending frå mitt indre liv.

    Ein gong fekk eg auge på nokre barn som mobba ein gutt. Eit sinne loga opp i meg, eg stansa og talte skarpt til dei, bad dei om å slutte med slik oppførsel, for uansett er det galt å mobbe andre.

    Eg let meg opprøre og involvere, men eg kunne ha rusla forbi utan å bry meg… For å bevare mi indre ro…

  17. Den som gjer «ver ikkje sint», «reager ikkje», bevar indre ro» til sine livsprinsipp, er vel heller ikkje fri for å hamne i sjølvrettferd, hovmot og forakt for medmenneske som slit med å ha kontroll på sine tankar, kjensler og reaksjonar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s