I mange kristne forsamlingar er det i dag eit auka fokus på korleis ein skal nå ut til menneska. Ein har gjennom lengre tid sett at dei moderne strategiane har slått feil. Traktatar, kampanjar, politisk engasjement og avisskriving er alle velprøvde metodar som i beste fall har klart å flytte kristne frå éi forsamling til ein anna. Difor har mange byrja å tenke nytt, og ordet «postmoderne» er blitt lansert som det nye mantraet, men er det her løysinga ligg?
Simon Peter var eitt av dei næraste augevitna til Jesu Kristi liv og teneste. Tretti år etter frelsaren sin død, skriv han om hendingane i to små brev. Her er han ikkje sein om å dele med oss erfaringane sine med Meisteren, men det interessante er at han like fullt set det profetiske ordet (les: Det gamle testamentet) høgare enn alle ”jesus”-eventyra sine (2. Pet. 1:15-21). Det gjer han fordi desse er eit sterkare prov – no som då – på Herren Jesus Kristus enn alle augevitne.
Jesus vart sendt til jorda med fleire oppgåver. For det første skulle han oppfylle dei over 360 profetiane i Det gamle testamentet som var mynta på han (Matt. 5:17). For det andre prova han at han var Guds son gjennom mirakla han gjorde (Joh. 20:30-31), og for det tredje gav han menneska tilbod om tilgjeving for synder og evig liv gjennom sin død og oppstode (Joh. 3:16-18). Alt dette gjorde han ikkje av seg sjølv, men fordi Faderen hadde bedt han om det (Joh. 5:19, 12: 49, 14:24).
På same måten som Faderen og Sonen er eitt, er vi og Jesus Kristus eitt (Joh. 15:1-8). Vi er kalla til å leve eit liv som han gjorde (Joh. 17; 1. Joh. 2:6), og det er dette vi til slutt vil bli dømde i (Joh. 8:31-32). Men her ligg også framtidas misjonsstrategi, for slik som Sonen gjorde det han fekk beskjed om, må vi gjere det vi har fått beskjed om; Leve som Jesus levde, prove Jesus ut frå skriftene og vise Jesus som vegen til syndefridom og evig liv – gjerne med teikn og under.
Jesus brukar same oppskrifta i historia om Emmausvandrarane (Luk. 24:13:35). Først driv han litt relasjonsbygging, deretter kjapt i gang med Bibelstudium med Kristus i profetiane som hovudfokus og så til slutt Jesus som forsonaren og livgjevaren (brødet og vinen) med påfølgande moglegheit for omvending. Paulus snakkar om den same strategien i 1. Kor. 15 – han forkynte ikkje anna enn det Jesus Kristus gjorde. Difor kunne han også seie; bruk meg som døme.
Apostelgjerningane er sameleis. Paulus og Silas var til dømes maks seks månader i Thessaloniki – kanskje ikkje meir enn tre veker –, men på den korte tida vart tusenvis av menneske frelste. Relasjonsbygginga kunne med andre ord ikkje ha vart mange dagane før han drog fram ”Bibelen” for å prove Kristus ut i frå skriftene. Liknande døme finn ein seinare hos tidlege kyrkjefedrar som Ireneus og Hipolyt.
I dag er det vi som burde vere ”jesus” i historia om Emmausvandrarane. Det er trass alt Kristus som dreg menneske til seg (Joh. 6:44, 12:32), men utan at der finst folk som lever og gjer som han gjorde, ser det mørkt ut for kristendomen. I dag er vi blitt det som brevet til Diognet frå 100-talet nærast åtvarar mot; «deres (de kristne) lære er ikke frukt av dypsindige lærdes logikk og fantasi» eller som Johannes i Joh. 5:39-40.
I sommar skal fokuset mitt vere å leve som Jesus gjorde og lærde (Bergpreika). På stranda og i fjellet skal eg møte menneske med eit «hei og hå og Guds fred», og ved den minste interesse skal eg invitere dei heim til meg for eit Skriftstudium – dersom dei ikkje allereie trur at Jesus Kristus er Messias og at Bibelen er historisk haldbar. Men korleis blir det med deg; strandevangelisering med transubstansiasjonslærer, hypostasar og andre hypofysar?
… i alle høve; God sommar!