Ancient Faith Radio er kanskje den sida på internett eg er oftast innom. Det er ei sann kjelde til kristen fornying og fordjuping med røter i den ortodokse tradisjonen. Der ligg podcastar (som i dette tilfellet består av talar, føredrag, og ulike formar for høgtlesing) gratis tilgjengelege for nedlasting for alle med internettilkopling og engelsk-kunnskapar. Fortalt forståeleg og engasjerande for vanlige folk. Det er mange som har funne vegen til den ortodokse trua gjennom radio-kanalen, og eg reknar meg blant desse.
Ei viktig side av radio-programma som vert publisert her er at dei tek opp spørsmål som mange har i møte med den ortodokse trua etter sjølv å ha vakse opp med eit protestantisk tankesett. Ein av podcastane (det er 43 podcastar samanlagt), «At the intersection of east and west», er såleis spesifikt retta mot søkjande og undrande. Michael Hyatt som er diakon i Den ortodokse kyrkja, tek opp tema som «sola scriptura», dei økumeniske konsila, kva me trur om jomfru Maria, faste, med meir. Sist ute har han eit interessant intervju med radioens grunnleggjar, John Maddex, om hans motvillige veg til den ortodokse trua.
Andre podcastarar som eg kan varmt tilrå er:
Matthew Gallatin sin Pilgrims from Paradise. Særleg hans serie «Sola Scriptura And Philosophical Christianity» i 25 delar gjorde sterkt inntrykk på meg (tek til her). Spesielt episode 22, der han fortalde om si fortid som pastor i ein karismatisk kyrkjelyd. Sidan eg også er tidlegare karismatikar talte det mykje til meg.
Dr. Bradley Nassif sin Simply Orthodox, er dessverre nedlagt no, men ei rekkje eldre podcastar ligg ute. Nassif er kanskje den fremste talsmannen for dialog mellom ortodokse og evangelikale. Han vaks sjølv opp som nominell ortodoks kristen, men vart ikkje «vekt» (som oss indremisjonsfolk seier) før evangelikale kristne tok kontakt med han i ungdomstida. Podcast-serien Åndelegheit frå ørkenen for byfolk kan særleg tilrådast.
Fr. Peter Alban Heers er amerikansk konvertitt og prest i Tessalonika, Hellas, og leverer jamleg refleksjonar om ortodoks spiritualitet frå sin opphaldsstad ikkje langt frå Athos.
I podcasten Speaking of Books får ein bokmeldingar av ortodokse bøker.
Fr. Stephen Freeman sin podcast Glory to God, der han leverer djupe refleksjonar i korte føredrag. Freeman driv også ein av dei mest besøkte ortodokse bloggane på internett: fatherstephen.wordpress.com. Eg har fått løyve til å omsetja det han skriv på bloggen sin til norsk, men har ikkje kome så langt enno.
Det har eg derimot gjort med ein episode av Dr. theol. Peter Boutneff sin podcast Sweeter Than Honey, som eg tykte sa så mykje fornuftig om evangelisering:
Kristen apologetikk gjeld også, kanskje meir presserande, til dei som ikkje er i kyrkja i det heile. Det store fleirtalet av folk me møter vil vera dei som ikkje er dedikert til Den ortodokse kyrkja eller noko kyrkje. Dei vil ikkje ein gong ha tenkt tanken. (…) Me må starta der folk er, sjølv om målet alltid er å få folk til å tenkja ting i gjennom på nytt. Så før me skal prøva å få folk til å tenkja på eit teologisk konsept, kanskje det er bra å rettleia dei til å tenkja på kva det vil seia å vera skapt i Guds bilete. Før me introduserer dei til konseptet om den treeinige Gud, få dei til å vurdera muligheiten for at Gud faktisk finst. Og før dei skal akseptera Kristus, slik han vart forklart av kyrkjekonsila, kvifor ikkje forkynna Kristus krossfesta, og kva det kan bety for nokon i deira liv, når dei tenkjer på sitt eige liv, sin eigen død, si eiga liding.
Heile teksten kan lesast her. Elles finst ei oversikt over samtlege podcastar på denne sida.