Hagen, slangen og treet

  

Gartnaren sine våronn-signal handlar gjerne om hage, slange og tre. Og dei same teikna samlar i seg den kristne trua på sigeren over døden.

 

Synd er alvorleg, for hennar følgje er døden. Sidan opprøret mot Gud i Paradis-hagen, har menneske vore døden sine tenarar. Den raude tråden i Guds handlingar frå krubba i Betlehem til krossen i Jerusalem handlar om det same.

 

I forteljinga om Paradiset og i forteljinga om Jesus går tre bilete att som set desse i samanheng: hagen, slangen og treet.

 

Hagen er verda Gud gav mennesket til heim som kunne verje og livnære det. Så lenge mennesket anerkjenner hagen som Guds gåve, vil det bygge, dyrke, plante og ta vare på som gode gartnarar.

 

Slangen var symbolet for samtidsgudane som freista Israel til å byte ut pakta med Gud. Dei seier: Kvifor halde på den fjerne og usynlege guden som har lite å by og så mykje å krevje, når de kan få av oss verkeleg ekstase og kunnskap som gjer udøyeleg? «No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok.» (1. Mos 3:6).

 

Freistingar startar ikkje med at ein fornektar Gud, men med fornuftig søking etter visdom som gir makt til å bli sin eigen herre. Dette er Satans triks. Dei fruktene voks på treet midt i hagen.

 

I forteljinga om Jesus (2. Fil 2:5-11) opptrer også hagen, slangen og treet, men i motsett rekkefølgje. Jesus Kristus går same vegen som Adam, men i motsett retning. Adam ville erobre himmelen og overta for Gud. Jesus Kristus gav avkall på det himmelske og startar eit liv under dei levevilkåra Adam skapte seg i øydemarka austafor Eden, der mennesket må slite og likevel døy. Den nye Adam snur historia, avslører Satans triks og bryt den makta synda har i døden. Han blir motstykket til slangen i hagen.

 

Slangen kom med treet som representerte grensene: Ikkje et! På treet viser den nye Adam det den første Adam ikkje viste: Lydnaden til å underordne seg Gud. Treet vart staden som gjenomrettar det evige livet når Jesus strekkjer ut armane sine på krossen.

 

Kristus er slangen sitt motstykke. Krossen er treet sit motbilete. Frå dette treet kjem den frukta som gir mennesket det evige livet: Den lekamen og det blodet som spring fram frå krossen og som vert rekt oss i evkaristien, i kvart nattverdmåltid.

Advertisements

One response to “Hagen, slangen og treet

  1. Kristus er stått opp! Χριστός ἀνέστη! Christus surrexit! Христос воскресе! Kristus är uppstånden! Christ is risen! Christus ist auferstanden! Kristus on üles tõusnud! Le Christ est ressuscité! Krisztus feltámadt! Il Cristo è risorto! ¡El Cristo ha resucitado! Kristus nousi kuolleista!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s