Ord

 

Det fløymer over av ord

på denne forkomne jord,

og i orda sine spor

det sørgjeleg lite gror.

 

Mangel på handling er stor,

og no sit eg her og glor,

segnar under mi bør av ord,

som klagar i ustemt kor.

 

Om vi lever ut Guds ord

til gagn for søster og bror,

då vert det betre på jord,

Gud vert Far og kyrkja mor.

Advertisements

2 responses to “Ord

  1. Dette var eit flott dikt, Audny, som rører ved nokre strengar eg ikkje heilt kan plassere. Her er ei dobbelheit i diktet. For det første finn eg ei håpløyse over tomheita i menneska; orda utan handling – orda utan meining. Og denne tomheita er eigentleg ei tung bør å bere, for ho er resultatet av vår eigne feil og manglar. Vi sviktar fordi det menneskelege i oss sviktar.

    Samstundes er det nettopp Ordet som er redninga vår. Når Guds ord(Jesus) får råde og leve i oss, stilnar våre eigne ord. Vår bør blir hans bør, og det menneskeleg blir det himmelske.

    Igjen; eit flott dikt som eg har lese fleire ganger allereie 😉

  2. Roy-Olav, så fint at du liker diktet mitt. Ja, Kristus er Ordet, det levande Ordet, Ordet som Gud handlar ved. Ved det har Han skapt oss, opna vegen attende til Faderhuset, frelst oss og sett oss fri til å gå ut i verda og gjere godt som ein lovsang til vår Herre og Frelsar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s