«Tidsånd» og nådetid

 

I desse harde tider vil eg forsvare tida.  Vi snakkar så forakteleg om «tidsånda».  Men har tida ånd?  Med min beste vilje kan eg ikkje finne at det er bibelsk grunnlag for å hevde at tida har ånd… Difor meiner eg at vi gjer tida urett, når vi snakkar om «tidsånda».

 

Tida er forordna av Gud.  Inn i tida har han sett oss menneske, midt i alt anna Han har skapt og lagt under forgjengelegdom.  Synda kom ikkje inn i tida.  Synda kom inn i verda, og døden som ei følgje av det.

 

Så lat oss ta tida attende, for tida er med oss som trur på Jesus Kristus.  Høyrer vi han til, er vi på vandring mot fullendinga, mot Guds evige rike.  I staden for å snakke om «tidsånda», bør vi heller tale om verdsånda, om denne verdsens ånd som forblindar, forfører og øydelegg menneske, fellesskap og naturen, vårt livsgrunnlag her på jord.

 

Om tidene er gode eller tunge, så dreier det seg om nådetid.  Det kjem ein dag for dom.  Inntil dess er det tid for nåde, så vi kan vende om til Herren, sanne syndene våre og gjere bot for den uretten vi har gjort mot andre.

 

Herren miskunne seg over oss!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s