Ei heilag, katolsk kyrkje

 

I dei siste åra har det vore ei auka interesse for dei første kristne og deira kyrkje. Fellesnemnaren for alle er at ein vil tilbake til utgangspunktet, for i ei verd utan absolutte sanningar er behovet for røter og tilknyting skrikande. Det triste er at denne søkinga etter opphavet har ført til at vi i dag har over 38 000 ulike kyrkjesamfunn med kvar sin ide om at dei lever som Urkyrkja. Trass dette eksisterar den eine sanne kyrkja framleis, men skal vi identifisere henne, må vi tilbake til Bibelen og finne kva kriterium Herren sjølv sette for si kyrkje. Og med litt hjelp frå truvedkjenningane, ser vi at her blir skissert fire særlege kjennemerke. 

 

For det første må Kyrkja vere heilag for Kristus er hovudet hennar. Ho er ein del av Jesu Kristi guddomlege liv, og slik blir også vi heilage (Apg 9:13) i fellesskapen med han. For det andre er der berre éi kyrkje. Johannes Chrysostemos seier om einskapen som kjenneteiknar Apostelkyrkja at: ”Faderen, Sonen og Heilaganden har éin vilje. Difor er det hans vilje at også vi skulle vere eitt”. For det tredje må kyrkja vere katolsk. Ho må vere som Vincent av Lerin seier; det som har blitt trudd alle stadar, alltid og av alle”. Samstundes må ho vere katolsk på ein kvalitativ måte der ho er kyrkja som tek vare på den rette trua i ei verd med mengder av vranglære. 

 

Det fjerde kriteriet for å kunne definere seg som ein del av Apostelkyrkja, er at ho må vere apostolisk. Ho må stå i den ubrotne utsendingsrekkja frå Faderen som sendte Sonen som sendte disiplane. Jesus seier jo at; ”den som høyrer dykk, høyrer meg” (Luk 10:16). Så med desse fire kriteria, kan ein seie at Apostelkyrkja lever vidare. Dette gjev oss to moglege apostelkyrkje-kandidatar; Den romersk-katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja. Sjølv meiner eg at dei førstnemnde har gått bort frå  katolisiteten sin med dei mange læreendringane dei har kome med etter kyrkjedelinga i 1054. Dermed står vi att med éin kandidat.  

           

I dette bilete har vi Den nordisk-katolske kyrkja som har som motto å vere ”for den udelte kyrkja si tru” eller ”ortodoksi på norsk”. Gjennom læredokumentet ”Road to Unity” har vi austleg lære samstundes som gudstenesteforma vår er vestleg.  Vi har altså både katolisiteten og apostoliteten vår i orden. Like fullt manglar vi den fulle nattverdsfellesskapen – dette sakramentet som er sjølve teiknet på einskapen – med Apostelkyrkje-kandidatane. Her må ein difor spørje seg om Den nordisk-katolske kyrkja kan leve med å stå med éin fot i kvar leir. Gjer ikkje dette Den nordisk-katolske kyrkja berre til endå ei frikyrkje?

Advertisements

5 responses to “Ei heilag, katolsk kyrkje

  1. Med begge føttene på plattformen før 1054 er det lett å sukke over «det store skisma». men er det frikirkelig at den nordisk katolske kirke ønsker kirkeenhet og nattverdsfelleskap?

  2. Ole, det er jeg som stiller spørsmålet og dere ordinerte som må komme med svaret 😉

    Men om de «store» ikke vil ha oss med i fellesskapet, kan vi vel ikke kalle oss for noe annet, eller?

    Dessuten er jo et annet spørsmål hvem vi søker enhet med…

  3. Vi er en Fastkirke, for vi holder fast på troen, dogmene og sakramentene til den udelte kirke, og dette håper vi vil lede til kirkelig enighet med hensyn til alt som har skapt kontroverser etter 1054.

  4. «De store» vil jo ha oss med i fellesskapet. Det er bare så viktig at vi kan bevare vår identitet i den prosessen. Vi er jo geniuint ekumeniske av natur, derfor er vi ortodokse av vestlig ritus.

  5. Vel, å kalle oss en fastkirke var jo en interessant beskrivelse. Hva er det egentlig som gjør oss til dette da, og hvor går skillet mellom fri og fast? 🙂

    På meg, fr. Johannes, virker det som der er forskjell mellom liv og lære når det gjelder «de stores» ønske. Likveler er jeg helt og fullt med på vår unike økumeniske rolle. Det i seg selv berettiger vår eksistens.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s