«…bukker og neier.»

 

«Vi svinger oss i kretsen og bukker – og neier.» Den gamle julesongen ber med seg ofte gløymd liturgisk kunnskap. Kvifor bukkar og neier dei som går kring juletreet?

 

Juleevangeliet når sitt klimaks i orda: «Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.» (Joh 1,14). Dette verset seier at Gud vart heilt menneske for å frelse heile mennesket, ånd, sjel og lekam. Då Jesus stod opp, var grava tom, og ved himmelferda vart plassen hans mellom apostlane tom. Jesus både stod opp og drog til himmelen med kropp og sjel.

 

Apostelen byd oss å bere fram lekamen vår som offer for Gud (Rom 12,1). Og når vi kjem fram for Gud i bøn, er det alltid med heile oss. Sjølv om bøna vår kjem frå hjartet, talar vi både med munnen og gjennom heile kroppsspråket.

 

Vi bed med ord. Men ikkje alt er like lett å uttrykke verbalt. Dei mest meiningsfulle bøner er ofte ordlause. Det er også når vi sluttar å snakke at det er lettast for Gud å kome til orde.

 

Midt imellom tale og stille er den nonverbale kommunikasjonen. Andletsuttrykk og kroppsspråk kan tale når munnen teier. Den talen er også gjerne meir intuitiv og ekte enn orda.

 

Dette er gangbar innsikt også i gudstenesta. I rettsalen og på slottet er eit heilt spekter av uttrykksmåtar for respekt og ære tekne vare på. Med kroppsspråket viser vi respekt for det ein person er eller representerer. Kor mykje meir skulle ikkje vi som går Kongen over kongane og Domaren over domarane i møte, vise respekt med både kropp og sjel.

 

Ein dag, seier apostelen Paulus, «skal kvart kne bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda» (Fil 2:10). Det mennesket som vil tilbe Gud med hjarte, sjel og tanke, kan ikkje unngå å ha også kroppen sin med seg. 

 

I vår messeagende står ei oppmoding om å bøye seg ved desse orda i truvedkjenninga: «..vart han menneske av kjøt og blod.» Det er ein god stad å starte for den som vil ta i bruk kroppsspråket i tilbedinga. Tenk på den gamle julesongen neste gong du kjem til desse orda. Dei som lærte oss den songen, lærte oss å bøye oss for Jesus og for det som minner oss om Han.

 

«No takka alle Gud / med hjarta, munn og hender.»

Advertisements

One response to “«…bukker og neier.»

  1. Fader Ottar!
    dette var veldig viktige ting! Nå som ordene ofte mister sin mening blir kroppen som kommunikasjon helt sentral. Og det er inkarnatorisk, Jesus ble menneske av kjøtt og blod, dvs en kropp. Frelse og kropp hører derfor sammen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s