Kyndelsmesse

 

Da far min satt i sleden sin og sang,

ved kyndelsmesse.

Og landet låg med frosten i sitt fang,

ved kyndelsmesse.

Da neiet hvite graner langs stjernestrødde heier,

og vargen løftet snuten sin mot fjerne melkeveier.

Og folket tente tyri og satte lys i karm,

og takket Herren Sebaot som holdt en stakkar varm,

ved kyndelsmesse,

da far min satt og sang.

 

Slik hugsar Erik Bye barndomens kyndelsmesse i songen ”Da far min sang”, men i dag er det nok få som kjenner til denne festdagen. Like fullt er dette ein kristen tradisjon som vi kan spore langt tilbake. Blant anna nemner den galliske pilegrimen Egeria i år 386 at ein i Jerusalem feira dagen med ein prosesjon som gjekk frå Gravkyrkja til ein basilika like ved.

 

Det heile er til minne om Jesus som vart boren fram i templet som gutebarn og møtet med Simeon og Anna (Lukas 2:25-40). Bakgrunnen var at etter jødisk skikk (3. Mos. 12:1-7) måtte kvinnene som fødde gutebarn, vente førti dagar før dei besøkte templet for ofring og reinsing. Maria var ikkje noko unntak, og difor har ein sidan 500-talet har feira festen den 2. februar – førti dagar etter Kristi fødselsfeiring.

  

2. februar blir også kalla St. Simeons dag, og han har alltid vore ein fest med prosesjon og lystenning. Skikken samanfall med ein gamal romarfest som også vart feira i februar, men den bibelske bakgrunnen er Simeons skildring av Meisteren som ”eit lys til openberring for heidningane”. I Norden fekk dagen namnet kyndelsmesse av det norrøne ordet ”kyndill” som tyder ”vokslys”, og det vart vanleg å innvie rituelle lys under festen.   

 

Ute i Europa vart kyndelsmesse i mellomalderen omgjort til ein Mariafest til ære for Marias reinsing, men som vi veit rota katolikkane fælt teologisk i denne perioden, og ved det andre vatikankonsilet gjorde dei på ny dagen til ein Jesusfest til minne om Herren som vart boren fram i templet. Grunnen var at Maria var upletta og difor ikkje trengde noko reinsing…

 

Mens romarane surra på med snodige Mariadogme, heldt kyndelsmesse fram som ein St. Simeons dag i Noreg, og vart feira stort. Ofte kom julematen atter fram på borda. Likevel vart lysfesten fjerna som fest- og heilagdag i Den norske kyrkja i 1771, men ein finn framleis spor av han på primstaven der han er avmerka 2. februar med ein sjuarma lysestake. Dei tradisjonelle kyrkjeretningane feirar dagen framleis.   

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s