Døden og kvelden

 

Memento mori – hugs at du skal døy! Å leva er på mange måtar å gjera seg klar til å døy. Dette er ofte fjernt for dei fleste av oss. Men å venja seg til døden som noko paradoksalt sagt, ein «høgst levande realitet» eller eit nærvær i liva våre, er viktig. Det handlar om å forsona seg med eigen livssituasjon, om oppgjer med synd i livet og så handlar det samstundes om å tru og sjå at Jesus Kristus har vunne over dødskreftene. For døden er alltid sameint med oppstoda! Han som er oppstoda og livet reiser oss opp, og me blir sameinte med Kristus!

 

Når kvelden kjem, er dette kanskje tida på døgeret ein på sterkaste måten kan retta merksemda mot døden. Svevn og død er alltid blitt knytte til kvarandre. Så mot avslutninga av dagen ligg det til rette for eit aldri så lite møte med døden. Det konkrete møtet kjem i completoriet som er siste tidebøna i løpet av dagen. Der bed me mellom anna frå Salme 4: «I fred vil eg leggja meg ned og sova, for du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt», kombinert med Salme 31: «I dine hender, Herre, Gud, gjev eg no mi ånd». Så kling den vemodig, vakre Simeons lovsong med: «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred etter ditt ord. For augo mine har sett di frelse». Tidebøna med song av desse «kveldssalmane» er tydeleg møtepunkt mellom kvelden og døden som står fram som kvarandre sine metaforar, men der alltid vona om den nye dagen og det nye livet i Kristus bryt fram i Han som kjem som ei solrenning som skal møta oss på den andre sida.

 

Svein Arne Gudmund

Advertisements

One response to “Døden og kvelden

  1. Och till sist: pilgrimer är vi ju alla, också med löften om att hålla ut i samma
    kloster till livets slut, på väg mot vårt livs solnedgång, i väntan på Soluppgången
    där bortom som vi ber om i adventsantifonen för vintersolståndsdagen:
    O Soluppgång, det eviga ljusets glans och Rättfärdighetens Sol,
    kom och ge ljus åt dem som sitter i mörker och dödens skugga!
    Det må vara bön och önskan om den goda julen och det goda nya året
    för Er och alla i vår värld.
    Era bröder i Östanbäcks kloster gn fr.Caesarius

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s