I bryllupet i Kana gjorde Jesus eit mirakel for dei som såg det. Kjøkemeisteren og tenarane var vitne. Men for dei truande gjorde Jesus eit mysterium. Maria og læresveinane såg mysteriet i miraklet.
Bryllupet stod den tredje dagen, skriv evangelisten (Joh 2:1), eit varsel om at det som skjer, heng ihop med frelseshistoria. Gud er det Tre-einige, og på den tredje dagen fullførte Han frelsesverket. Jesus stig ned på jorda slik ein brudgom går ut av sitt kammer, seier Skrifta. Han blir menneske for å kunne bli brudgom for ei menneskeleg brud.
Mysteriet skjer i vatnet som blir forvandla til noko høgare. Det vert født på ny til ein betre eksistens. Det er eit varsel om dåpen der Gud forvandlar den døypte til noko nytt og betre. I Kana er vinen den høgare eksistensen. Vinen er teiknet på nåden som kjem etter lova. Den gamle pakta vert forvandla til ein høgare eksistens.
Vatn sluttar ikkje å vere verdifullt vatn sjøl om vatnet i krukkene er forvandla. Guds lov sluttar ikkje å vere gyldig for oss. Vi vert ikkje heva over henne. Men vi skal oppfylle henne etter hennar høgare standard, åndelege meining. «Det Han seier dykk, skal de gjera.»
Jesus, brudgomen, innbed Han oss til sitt himmelske bryllup. I dåpen seier Han: Vil du verte Guds barn, bli reinsa i dåpsbadet og innvigd til eit liv i fellesskap med meg? Ja, svarer vi. Så seier Han: Vil du leve med meg og tru på meg og vere trufast mot meg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss åt? Ja, svarar vi igjen.
Lovnadane vert forsegla i krismeringa. Vi lovar ikkje å ha andre gudar enn Han, aldri å innlate oss på Satan og mørkrets krefter. Kvar gong vi kjem til Herrens altar, feirar vi dette som vi har lova Han. Herrens mor, Maria, som stadig står ved sida Hans, seier som ho sa i Kana: Det han seier dykk, skal de gjere.
fr. Ottar Mikael