I staden for å delta i tidas politiske verksemder, konsentrerte Jesus seg om å forkynne om Guds rike. Det var difor han kunne stå framfør Pontius Pilatus og seie at; ”Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg” (Joh. 18:36). Kristi nære etterfølgjarar tok opp tråden og annonserte at vi er; ”sendebod for Kristus” og deretter: ”Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!” (2. Kor. 5:20).
I ei tid der verda vår står i brann og mobben har innteke byane, er det viktigare enn nokon gong å vere nøytrale og himmelmedvitne. Dette samsvarar med idealet vårt. I boka The beginnings of Christianity står det at; ”Kristendommens grunnleggere var nøye med å passe på at det ikke utviklet seg en tendens til direkte innblanding i den etablerte politiske orden”. Og var det slik for dei, må det vere slik for oss. Vi kan berre vere partiske til fordel for Guds rike.
For oss verdsleggjorte kristne er dagens politiske situasjon farleg mark. Vi elskar det som klør oss i øyrene, og ikkje noko er meir freistande enn internasjonal politikk. Nemner ein EU, USA, Midtausten eller Vatikanstaten, er vi der med ein gong – lite vitande om at alt dette er verdslege byggverk som Herren skal knuse på den yttarste dagen (Dan. 2:44). Så mens verdsleiarane pratar og fanatikarane demonstrerar, skuldar vi kristne å vandre slik som Jesus gjorde (1. Joh. 2:6). Vår jobb i Gaza-konflikten er å gråte med dei som græt (Rom 12:15).
Roy-Olav