Maria-problem?

 

Maria er hovudperson denne siste søndagen før jul. Kvifor reagerer så mange kristne instinktivt med å problematisere straks Maria kjem på banen? Anten det er rasjonalistiske innvendingar mot jomfrufødsel eller evig jomfrudom, eller det er protestantiske nevroser mot Maria-kult. Det er på høg tid at kristne menneske justerer sine ryggmargs-reaksjonar i møte med Maria.

 

Ho praktiserer sjølv den adventshaldninga vi treng å lære: Ho har lytta og venta på Gud. Stilt og fredeleg. Ikkje ’outspoken’, ikkje høgrøysta eller pågåande. Ikkje fordi ho er beskjeden eller forsiktig, men fordi kreftene hennar, både kroppsleg og sjeleleg er innstilte på å lytte etter lyden av Hans trinn.

 

Korleis skal Gud kunne nå menneske som pratar heile tida, som er fullt opptekne i sinn og tanke og munn og gjerning med sine gode formål, sine interesse-organisasjonar, sine behov og sine meiningar?

 

Julenatta talar Faderen det evige Ordet.  Maria føder Ordet i stilla i stallen. Hyrdingane vandrar stillferdig over markene. Vismennene stirer etter stjerna på himmelen og fær stilt heilt til dei går feil og endar i den støyande storpolitikken og held på å forlise alt.

 

Etter Gabriels besøk lytta Maria på ein ny måte. No ber ho Ordet inni seg. Slik ei gravid kvinne er fokusert på det som skjer i henne. Maria var svanger med Guds Ord. I så måte er Maria ein av oss.  Å lytte stillfarande til Faderens Ord, er vegen til at Ordet kan bli fødd også i oss. Det startar med å elske stilla og øve seg i å lytte som Maria.

 

Fr. Ottar Mikael

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s