Dette er kjærleiken

 

Eg har ofte tenkt på at det i dag blir snakka mykje om kjærleiken til Gud. I frå alle forsamlingar og alle samfunnslag blir det messa om den opne og inkluderande kjærleiken, og dette klør oss i øyret. Den grenselause fridomen er forlokkande, for han møter våre eigne lyster. I føleriets tidsalder er drivkrafta dei tilfredsstillande kjenslene. 

 

Samstundes er følelsar berre starten på det som er ekte kjærleik. Bibelen fortel oss at: «dette er hva kjærligheten til Gud betyr, at vi holder hans bud» (1. Joh. 5:3). Jesu eigne ønskje om å tilfredstille Faderens krav, er nok det beste provet på dette. Han viser oss at den djupaste elsken er gjerningane våre (Jak. 2:26) – dei vi gjer for å glede våre kjære.  

 

Den gamle av dage har likevel skapt oss med ein fri vilje. Vi kan difor velje om vi vil lyde han eller ikkje. Han elskar oss uansett like høgt. Likevel blir det trekt ei linje mellom menneske. Vi kan glede han eller gjeve han sorg (Ord. 27:11). Bibelen seier at; «de som er uklanderlige på sin vei, er til behag for ham» (Ord. 11:20).

 

Roy-Olav

Advertisements

One response to “Dette er kjærleiken

  1. Eg las nettopp ein interessant artikkel av fr. Johannes Johannesen i Den ortodokse kyrkja i Oslo i tidsskriftet «Over alt». Han skriv om heilaggjeringa, Guds energier og Guds vesen. Han understrekar kor viktig det er å skilje mellom Guds evige, uskapte vesen som ingen kan lodde djupna av, forstå eller innta og hass herlegdom og ustråling som er openberre i himmelen og på jorda. Ingen kan verte heilage i ei isolert boble, uavhengig av Guds herlegdom som er målet. Å få del i Guds herlegdom er ein nåde og er nettopp Guds herlegdom, ikkje vår.

    Den ævelege løna er å verte god. Skiljet mellom Guds vesen og hans herlegdom er avgjerande for at vi ikkje nok ein gong skal gjenta den første synd, å ville verte Gud eller enda i panteisme. Frelsa er å verte delaktig i hans herlegdom.

    Ikkje at eg alt er fullkomen eller har grepet det, men eg er grepe av det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s