Bibellesing for munkar og oss andre

 

Eg formanar dykk, og eg vil ikkje slutta å formana dykk om å lytta til ikkje berre det som vert sagt her, men også når de er heima å bruka tid på å  lytta til lesinga av Den Heilage Skrifta. Lat ingen seia til meg så kalde ord – verdige til å fordømmast – som desse: «Eg er oppteken med ei rettssak, eg har forpliktingar i byen, eg har ei kone, eg har ungar å fø på. Så det er ikkje mi plikt å lesa Skrifta, det er for dei som har forsaka alt (dvs. munkar)». Kva er det du seier? Det er ikkje di plikt å lesa Skrifta på grunn av dine tallause bekymringar? Tvert imot, det er di plikt meir enn desse andre, meir enn munkane. Dei treng ikkje så mykje hjelp som de gjer, som lever midt i slike bekymringar. De treng behandling desto meir, for de er konstant under slike åtak og blir såra så ofte. Å lesa skrifta er eit sterkt forsvar mot synd. Vankunna om Skrifta er ei stor ulempe, ein djup avgrunn. Å ikkje kunna noko frå Skrifta er ei stor katastrofe. Det er det som har gitt opphavet til kjetteriet og umoralen; det har snudd alt på hovudet. (Frå ei preik av st. Johannes Krysostomus (400-talet))

 

Øystein

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s