Foredrag om bønn

 

Tysdag 2. desember var eg på føredrag om bønn i St. Sunniva misjon i Bergen. Der vart det undervist og samtala om emnet, og mange interessante betraktningar kom fram. Blant anna konstaterte vi at det blir bedt mykje rundt om i verda i dag, men at det er ulikskap mellom bønn og kristen bønn. Vi ber til Jahve ved Jesus Kristus i Den heilage ande.

 

For kristne er målet med bønn foreining med Faderen, og slik sett kan sjølve bøna vere målet. Difor er også masing på Den gamle av dage heidenske greier som minnar meir om åndemaning og magi enn på samfunn med Skaparen. Bønn er eigentleg å vere som Maria i bryllaupet i Kanaan der ho gjer Herren merksam på noko, men lar svaret og løysinga bli hans. 

 

Det er berre Herren Sebaot som tek initiativet til bønn, og det gjer han heile tida. Han står stadig framfor døra vår og bankar, og når han endeleg kjem inn, startar samtala. For bønn er ei samtale mellom to partar der ein bytter på å snakke mens den andre er still og lyttar. Difor kan heller ikkje bønn vere ein aktivitet blant mange tilbod.

 

Vel, dette var mine notat, men kanskje nokre andre vil supplere i kommentarfeltet?  

 

Roy-Olav

Advertisements

2 responses to “Foredrag om bønn

  1. Eg kan i alle fall bidra med at me i samtalen etterpå snakka om frie og faste bøner. Og kom vel til konklusjonen at ein god balanse av båe desse, er det ideelle. I kveld når eg skulle be Fadervår med dottera mi på 3 år, så ville ho ikkje be Herrens bøn, men var fast bestemt på at ho heller ville «be til Gud», som ho sa. Og slik var bøna ho lagde:

    Kjære far i himmelen, takk for at du har gitt oss mat.
    Takk for at du har god energi.
    Og takk for at du har ein stor elefant som prompa.

    Kanskje ikkje heile bøna var like ortodoks, men eg kjende jo litt faderlig stoltheit over at dottera mi hadde kjenskap til distinksjonen mellom Guds essens og energi som vart stadfesta ved konsilet i Konstantinopel i 1341.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s