Jesusmøtet

 

Eg har ofte tenkt på korleis eg ville reagere om eg møtte Jesus i kjøtleg person her på jorda. Mest truleg hadde eg kjent meg så syndig at eg hadde skugga unna han, men det heilage tiltrekkjer seg syndarar. Difor hadde eg nok følgd etter på avstand. Og om han hadde snudd om, peika og kome meg i møte, ville eg ha falle på kne eller krulla meg saman i fosterstilling.

 

På ein måte er nattverden å møte Jesus Kristus i kjøtleg person. Han er til stades i messa både åndeleg og lekamleg, og uavhengig av tid og rom får vi vere til stade på Golgata-høgda og ved det himmelske alteret. Eukaristien er difor eit stort JA på spørsmålet i den amerikanske songen: ”Where you there when they crusified my Lord?”.

 

For meg er nattverden også å stige inn i mitt første JA til Jesus Kristus. I det Herrens år 1997 bøygde eg kne og gav livet mitt til han. Sidan den gong er det mykje eg kunne tenkt meg å ha gjort annleis. Slik sett er det herleg å på ny stige inn i dette første møte mellom ein syndar og ein frelsar. ”Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid”, seier Jesus.

 

Ingen er uforandra etter eit møte med Jesus Kristus. Ein blir prega for resten av livet sitt. Slik var det også ved omvendinga mi. Ikkje noko dramatisk skjedde, men eg merka straks at eg såg verda annleis. Alt vart klarare og eg slutta umiddelbart å banne. Å gå frå messa og nattverden er sameleis. Vi ser verda forklåra og synda er lengre unna.

 

Roy-Olav

Advertisements

One response to “Jesusmøtet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s