Martin Luther – ein kyrkjehistorisk parentes?

 

I snart fem hundre år har det lutherske tankegodset heimsøkt landet vårt og fjerna oss frå opphavet og røtene. Det var difor med glede eg kunne lese i avisa Dagen Magazinet for ein del månader sidan at det babylonske fangenskapet snart er over. Bladet melder nemleg at luthersk kristendom er på veg ut. Jan Bygstad er samd i påstanden; ”i dag er lutheranere en utrydningstruet art”.

 

No har eg mykje positivt å seie om Martin Luther og hans lære, men eg er likevel grunnleggande skeptisk til ein del av arven etter mannen. For meg er han den som førte kyrkjesplittinga inn i kristendommen. Hans reformasjon er den direkte årsaka til liberalteologien (Sola Scriptura) og sekulariseringa (statskyrkja) av samfunnet vårt.

 

I sin analyse av årsakene til lutheranarismens tilbakegong, seier Magnus Malm mykje interessant. ”Det antikke romerske samfunnet, som var globalisert og pluralistisk, er mer likt vårt eget samfunn enn Luthers. Det som vokste fram av teologi og veiledning i oldkirken, oppleves mer relevant enn det som vokste fram på 1500-tallet”.

 

Dette trur eg er ein riktig analyse som blir stadfesta av den store interessa for oldkyrkja, kyrkjefedrane og røtene våre. Dagens samfunn treng svar som ein ikkje finn i mellomaldersk utbrytarverksemd. Malm seier at ”Den (Lutherkyrkja) stengte av den store og globale kirken. Det gjorde at den lutherske kirken ble for liten. Det gjorde også at dens tradisjon ble for kort”. Dermed blir vel arven etter Martin Luther ein kyrkjehistorisk parentes på line med andre kyrkjelege blaff.

 

Roy-Olav

Advertisements

5 responses to “Martin Luther – ein kyrkjehistorisk parentes?

  1. Enig med deg Roy olav. Lutherdommen gjør ende på seg selv, og driver også å gjør ende på den kristne kulturen i landet vårt. Luthers problemstillinger for fem hundre år siden, er ikke spesiellt relevante for nåtidens mennesker: De spør ikke «Hvor skal jeg finne en nådig Gud?», men «Hvorfor skal jeg gidde å bry meg?».

  2. De spør ikke “Hvor skal jeg finne en nådig Gud?”, men “Hvorfor skal jeg gidde å bry meg?”

    Ja, det er jammen sant.
    Dessuten var det så vidt jeg forstår ingen interesse i Norge for å bli «reformert».

    Vi var under danskene i denne tiden, og det kan faktisk være så banalt at vi er lutherske fordi danskekongen (Kristian II)flørtet med lutherske damer.

  3. Munken Martin var eit produkt av ei uberegnleg oppseding, ei manisk-depressiv legning og ei pavekyrkje så forfalle og fråfallen at ein reaksjon berre måtte kome. Det er fort gjort å få slagside i teologien, og Luther var vel ikkje fri det, men han har likevel avklare noke viktig, spesielt i Paulus sin teologi om rettferda av tru.
    Vi veit og at Luther hadde ein læremeister i Augustin. Augustin kan vi seie mykje om, hass gnostiske lefling før si omvending, hass hang til å lytte til Platon, ikkje minst hass usunne relasjon til mor Monica og til tider nevrotiske forhold til kropp og seksualtiet. Eg trur ikkje Augustin var frigjort frå det greske åndhysteriet og kroppsforakten og eg mistenkjer Luther for det same.
    Likevel, om han ikkje makta å integrere heile fylden i den kristne tru, kven gjer vel det, så har han sagt noke viktig i visse deler av den.
    Eg tykkjer det er viktig at Dnkk tek på alvor det dei seier om at «vi vil vidareføre det beste frå luthersk lære.» For oss luthervener som søkjer mot det sant katolske er det viktig å møtast med tryggleik på dette punkt, kva tyder “det beste frå Luther?”

    Det verste vi har arva er ikkje “rettferda” av tru, det verste er åndeleggjeringa og einsidigheita, arrogansen og den ytre minimaliseringa og ikkje minst individualismen. Så er vegen open for privatisme. Nå veit vi at Luthers læresveinar vart enno meir arrogante i forakten for det ytre liv enn Luther sjølve. Luther hadde ikkje oversikt over korleis det skulle bli fem hundre år seinare når renessansen hadde gjort sitt, når opplysningstid, darwinisme og marxisme hadde herjet og når industrialisme, modernisme samt feminisme hadde holdt kommers med oss skrøpelege einstøingar som til vår skrekk oppdager at vi kan ikkje sjølve bære fylden av den kristne tru, det må ei heil kyrkje til. Her ligg kanskje den djupaste rørslegrunnen for min del – kvar er den kyrkje som ikkje berre seier,» eg trur ditt og eg meiner datt,» men som seier: “Vi trur, vår tru er, kyrkja si forståing er.» Derfor er eg no på gli mot den gamle, udelte, katolske kyrkja. Eg er tiltrukke av dei kroppslege symbol, av disiplinen, av det heillage, men sant skal og seiast i alt dette kan ein vildre seg under lovgjerningane slik ein alle plassar kan. Noko anna er og sant, eg har nettopp i møte med det liturgiske, faste bønneliv fått slappe av på nettopp dei åndelege prestasjonane, det er ikkje eg som bærer kyrkja, det er motsett.

  4. «Derfor er eg no på gli mot den gamle, udelte, katolske kyrkja. Eg er tiltrukke av dei kroppslege symbol, av disiplinen, av det heillage, men sant skal og seiast i alt dette kan ein vildre seg under lovgjerningane slik ein alle plassar kan. Noko anna er og sant, eg har nettopp i møte med det liturgiske, faste bønneliv fått slappe av på nettopp dei åndelege prestasjonane, det er ikkje eg som bærer kyrkja, det er motsett.»

    Amen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s