Frå Jesus – i kjærleik – til Jesus

Gud har gjeve oss alt og gjort alt for oss. Jesus Kristus gav livet sitt for oss, den sterkaste handlinga som uttrykkjer at Gud er kjærleik.

Men når Gud har møtt oss med denne kjærleikshandlinga, då får eg jo lyst til å gjera noko att: Ein freistnad på å visa min kjærleik, om han så er ufullkomen, som svar på Hans fullkomne kjærleik til meg. Den heilage Ignatius Loyola stilte dei alvorlege og ransakande spørsmåla: «Kva har eg gjort for Kristus? Kva gjer eg for Kristus? Kva vil eg gjera for Kristus?»

Det handlar om å gje Jesus Kristus alt – som heilage Mor Teresa av Calcutta sa det i sitt åndelege testamente: «Jesus eg elskar deg av heile mitt hjarta, av heile mitt eg. Eg har gjeve han alt, òg syndene mine.» Jesus tek imot oss og syndene våre. Det er noko av vilkåret, og å gje Han alt inneber òg å gje Han det fæle i oss me ikkje ynskjer lyfta fram i ljoset. Men når me gjev alt til Han, kan me ved Guds nåde få gje Han noko att. Det er i kraft av Guds kjærleik me kan gje. Men me må gje ved å gje vidare: Å elska kvarandre som han har elska oss, å elska fiendane våre slik den fullkomne Gud gjer det, eller å handla i høve til dei minste mellom oss som om det var Jesus sjølv me hadde framfor oss: «Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.» (Matt 25)

Det me gjer mot nesten vår, «desse minste brørne», det gjer me mot Han. Me skal handla i kjærleik, men det er i Jesu fullkomne kjærleik det er mogleg, ikkje i vår eigne ufullkomne og sjølviske kjærleik.

«Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?» (1. Joh 3)

Det er avgjerande viktig å seia «eg elskar deg» til den eg er glad i, men om handlingane mine ikkje fylgjer opp – i det minste at det er tydeleg at eg stadig ynskjer å fylgja opp i gjerning – då er det tome ord eg fer med.

Korleis viser eg at eg elskar Han som elska meg fyrst?

Svein Arne Gudmund

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s