Ekteskaplege grubleri

 

Her ein kveld sat eg heime aleine i tungsame tankar og grubla over ulike verdsproblem. Eg var innom finanskrise, svoltkatastrofar og atompolitikk, men det var først når eg kom til ekteskapet at ting vart mødelege. Den kristne debatten kring emnet vitna tydeleg om at samlivet mellom mann og kvinne rørde sjølve heilaggjeringa, og ein feil kunne velte heile inkarnasjonen. For ein stakkars hobbyteolog som meg, verka dette noko dramatisk, så det var best å sjekke med kjeldene. Eg fant difor fram databibelen min og søkte på orda: ”frelse + gamal ekteskapslov”, men eg fekk ingen resultat. No er eg såpass datakunnig at eg veit at internett og datateknologi ikkje fungerar før det motsette er bevist, difor fant eg fram papirutgåva av Bibelen for å finne ut kva eit ekteskap eigentleg var for noko.

 

Allereie på side tre møtte eg det første ekteskapet. Det var tydeleg at emnet også interesserte Jahve Gud, for her var han i full gang med å få Adam gift. Dette skjedde om natta mens han sov, og handlinga minna meir om tvangsgifte og bruderov enn om ein vigsel. Faderen hadde også gløymt å ordna med ein skikkeleg kyrkjeseremoni, så Adam og Eva enda opp i eit sambuarforhold. Sjølv syntest eg dette var uhøyrt, men eg valde å føre det heile på Herrens tabbekonto. Den gamle av dage var nok sliten etter all skapinga. Eg krossa meg likevel fire gonger før eg las vidare, og eg gav meg ikkje før eg hadde lese ferdig heile Bibelen. Eg kunne ikkje risikere ei ekteskapleg krise grunna latskap. 

 

Eigentleg kunne ekteskapet definerast som eit varig samkvem mellom mann og kvinne. Den første runden i sengehalmen var paktsteiknet og barneproduksjon var hovudaktiviteten. Dette fekk eg likevel ikkje til å stemme med dagens ekteskaplege teologi, for der kom borna med storken. Dette minte meg på orda til den amerikanske skodespelaren som sa at; ”personleg veit eg ingenting om sex fordi eg alltid har vore gift”, og truleg var det her rota til elende låg, men då var heller ikkje redninga langt unna. Eg kunne rett og slett kjøpe Viagra til gjengen, så ville dei i alle fall få anna å gjere på enn å marsjere rundt Stortinget heile tida. Og med slike tankar i skallen, gjekk eg med helgas kollekt mot apoteket, men i bakhovudet surra orda til Søren Kierkegaard; ”når det ikkje er kamp i elskov, er der ingen kjærleik”.

 

Roy-Olav

Advertisements

3 responses to “Ekteskaplege grubleri

  1. At Gud dannet og ledet kvinnen til mannen er som alt annet av denne verden forvrengt i Adams fall, og en familie kan være en demonisk forvrenging av kjærlighet. Gjennom Kristus blir ekteskapet kjærlighetens sakrament i en videre betydning enn familien; det gudommelige mysteriet mellom Kristue og kirken.

  2. Godt forklart, Ole.

    Jeg skulle nå bare være litt morsom og kåsere over ekteskapet i forbindelse med rabalderet rundt den nye ekteskapsloven. Salige mødre og rolige fedre blir jo som gale bare du nevner den. Det er nesten som med israelhysteriet…

  3. Du skal visst prøve å være morsom rett som det er, du. Sjelden at det faller helt heldig ut. En sitter igjen med et inntrykk av flåseri, og at det finnes ikke håp for folk som er født etter 1975.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s