Har far eit namn?

 

Eg hugsar tilbake til då eg var barn. Det einaste namnet eg hadde på far min, var pappa. Slik var det i mange år, men etter kvart merka eg at mamma hadde andre namn på gubben i huset. Eg prøvde ved fleire høve å snakke henne til rette, men den babylonske språkforvirringa varte i mange år. Likevel kom eg til sannings erkjenning, og i dag er namnesituasjonen meir mangfaldig. Far er framleis far, men eg er klar over at han har eit namn utanom. Det skil han frå andre fedrar, for eg har fleire. Det har seg nemleg slik at den dagen Kristus dukka opp i vegbana mi, fekk eg brått endå ein pappa. No hadde eg ein far som var Olav og ein far som var – far.

 

Som nyfrelst tenkte eg ikkje så mykje over moglegheita for at også den nye gubben i huset hadde eit namn. Likevel hadde eg kristen litteratur som stadig gav meg peikepinnar på at ikkje berre pappa1 hadde eit namn, men også pappa2. I desse bøkene vart namnet til far min skrive for JHVH. Dette var svært vanskeleg å utale, men eg skjøna snart kvifor. Den nye pappaen min var ikkje frå Noreg. Han var utlending og snakka eit anna språk. Dermed gjekk det opp for meg at JHVH var eit endonym og det norske eksonymet var Jehova (Jahve). Likevel måtte slik kunnskap sjekkast med skriftene, men søka i databibelen var utan treff. Dette var merkeleg, så eg gjekk i bokhylla mi og tok fram originalane til Bibelen.

 

Etter ei rask oppteljing kom eg fram til at Guds namn var brukt heile 6973 gonger. Dette var vanskeleg å forstå for ein stakkars akademikar. For dersom originalen brukte namnet nesten 7000 gonger, mens dei norske oversetjingane ikkje brukte namnet i det heile, hadde nokre endra på Bibelen. Dermed kom desse orda til meg; ”Dersom nokon legg noko til dette, skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka. Og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka” (Op. 22:18-19).

 

Roy-Olav

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s