Helgemesse

 

Inntrykka frå sist helg sit enno i kroppen. Først var det halloween med studentar. (Mi rolle var vel helst eksorsering av lokala i etterkant.) Så var det helgemesse-feiring.

 

Vi feira dei heilage vi kjenner. Og som ikkje så mange andre kjenner. Vi skil mellom dei heilage og dei døde. Dei døde må vi gjerne minnast for det dei var. Dei heilage skal vi minnast for det dei er. Skilnaden er trua. Dei truande er med i den uteljelege skaren for Guds trune. I denne skaren er ansikta til nokre vi kjenner igjen. Ansikt vi hugsar som slitne og rynka, strålar no av Guds herlegdom. Kroppar som var bøygde i slit, er rette og ranke. Bekymra miner er blitt glade, og skavankar er oppretta. Dei har nådd målet og lovprisar Gud.

 

Å minnast dei døde, er å gjenoppleve gamal sorg. Å minnast dei heilage, er å opne for  lyset og gleda hjå Gud. Dei døde er stumme og døve. Ikkje snakkar dei og ikkje lyttar dei. Dei heilage er både lydhøyre og taleføre. Dei har t.o.m. songstemme. Dei er fulle av ord. Deira vitnemål er trøyst og oppmuntring for oss. Dei lyttar til Gud og dei lyttar til oss. Dei døde kan vi ikkje ha noko fellesskap med. Dei etterlet oss einsame. Men dei heilage dreg oss inn i fellesskapen med alle heilage hjå Gud.

 

Dette er salt-virkningar av heilagdom.

 

fr. Ottar Mikael

Advertisements

3 responses to “Helgemesse

  1. «Vi skil mellom dei heilage og dei døde»

    Skal «vi» skilja mellom «heilage» og «døde» når me minnest dei avlidne? Kan me veta kven som høyrer til kva kategori? Kva med sjelene i skjærselden – er dei «døde» eller «heilage»?

    Eg er ikkje ute etter å problematisera, men det hadde vore fint med ei lita oppklåring her.

  2. Domen høyrer Herren til. Poenget med å skilje er å skjelne, halde greie på at ikkje alle døde er heilage og ikkje alle heilage er døde. Utan å kunne vite eller vere den som fastset kven som er kva. Ikkje veit vi heller kven som kjem lukkeleg gjennom skjærselden. Kyrkja har difor i århundre skild mellom alle døde sin minnedag og alle heilage sin. Så poenget er ikkje å døme nokon til å vere berre død og ikkje heilag, men å minnast dei heilage for deira heilagdom. Det heilage i mennesket viser seg nemleg medan dei lever. Minna om det/dei skal vi sirkle inn og halde i hevd.

  3. Det høyrest rett ut. Det som avfødde kommentaren min var at teksten din kunne lesast som om det var opp til oss å minnast nokre av våre døde som «berre døde» og berre med sorg, til skilnad frå dei som me allereide no skulle kunne «kjenna att» som heilage.

    Det er vel god kristen skikk å kunne minnast og be for alle avlidne med von om at dei skal verta utfria på den siste dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s