«Heilag er Kyrkja her»

Far utor Dine Skor!
Her du stender paa heilag Jord:
Her er Staden av Herren vard,
Her er Himmelens Fyregard.
Her er Guds Kyrkja og Hus. :/:

Høgt ho stend, Vida kjend,
Lyser ut yver laage Grend.
Ho er Varden paa Sions Tind,
Der me skoda i Himmelen inn
Høgt yver Skodda og Sky. :/:

Til den Stad Stemner glad
Herrens Folk i den lange Rad.
Der er midt under Stormen Dus,
Der me høyra den stille Sus,
Naar Herrens Ande fer ned. :/:

Heilag er Kyrkja her,
Heilag midt i ei syndug Verd,
Sting enn Fienden hennar Hæl:
Gud, som er heilag i Israel,
Han kann og helga si Brud. :/:

For Guds Ord Fagert gror
I den innvigde Kyrkjejord.
Livsens Kjelda med Skirslarbad
Surlar stilt gjenom Herrens Stad,
Anden som Duva fer ned. :/:

Fram i Kor Herrens Bord
Stender dukat i Aar som ifjor.
Der me halda fyr Herrens Fest,
Der er Syndaren Kristi Gjest,
Hallar seg upp til hans Brjost. :/:

Synd og Naud, Dom og Daud
Aldri leggja Guds Kyrkja aud.
Ho er staden paa Berget bygd,
Der ho stender i heilag Trygd
Midt i all Trengsla og Strid. :/:

Snart det lid Til den Tid,
Daa ho heve stridt ut sin Strid,
Daa ho leggja skal Sverd og Skjold,
Daa forklaarad ho gjeng av Mold
Inn til den evige Fred. :/:

Sorg og Synd Der er tynd,
Jesus Kristus til Konung krynd.
Kvar ein Fiend er underlagd,
Kyrkja stender med Sigersbragd
Fram fyre Lambet og Gud. :/:

Elias Blix: Nokre Salmar (tridje utgaava) 1887

Svein Arne Gudmund

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s