Om det katolske

 

I hine hårde dager då Vincent av Lerin (400-talet) vandra rundt blant heidningar og anna utyskje, hende det at han fall i djupe tankar om det katolske. Ja, han fekk beint fram problem med å definere kva det ville seie å vere katolikk. Ein dag medan han gjekk slik og grunna, kom han ihug orda frå bestefaren sin: ”Look to Norway” og brått var det som eldtunger synte seg på himmelen og skreiv med store bokstavar: ”Over alt – alltid”. Vesle Vincent syntest dette var rare greier, men han slo opp orda i sitatboka si, for han meinte det kanskje kunne vere eit Ibsensitat. Overraskinga vart difor stor då han fant ut at dette slettes ikkje var Ibsen, men slagordet til det norske heimevernet. No hadde Vincent tenestegjort i den romerske hæren som sambandsoffiser, så han tok fort koplinga mellom heimevernet og det katolske, så med utgangspunkt i norske repetisjonsøvingar definerte han ordet ”katolsk” som det som er trudd over alt, alltid og av alle.

 

I dag er det norske heimevernet avvikla og ein katolikk er ikkje lenger ein katolikk fordi han ikkje trur på det som kyrkja alltid har lært. Samstundes er dei ortodokse sure på katolikkane – som altså ikkje er katolikkar – fordi dei ortodokse eigentleg er dei katolske sidan dei trur det som dei alltid har gjort. I tillegg kjem det stadig nye katolske retningar som hoppar bukk over alt det ukatolske og går rett til det katolske. Men mot slikt protesterar sjølvsagt protestantane for dei meiner dei er dei eigentlege katolikkane og viser til at Paulus også var ein protestant i forhold til ortodoksien. Så mens gutta på skauen lengtar tilbake til Heimevernet, og paven ikkje lenger er katolikk, byggjer dei ortodokse sandslott på stranda mens protestantane planlegg årets julekonsertar…

 

Roy-Olav

Advertisements

6 responses to “Om det katolske

  1. Forvirrende morsomt! Men trist også fordi det du skriver er sant. Kirken sliter med identiteten så lenge hun ikke fremstår som ´en. Kan du presentere noen løsninger også, i samme metaforiske form? Eller mener du Vincent har hele løsningen? Uvanlig å gi svaret før spørsmålet i så fall…(?).

  2. Vel, ikke bare sliter kirken med at den er delt. Det spørs vel om den med utgangspunkt i Jesu lære kan kalle seg en kirke – en delt kirke er ikke noen kirke…

    Jeg har en løsning på problemet: Vi tar paven, patriarkene, en Bibel og en isbjørn og sender hele sulamitten til Jan Mayen. Deretter henter vi dem om noen år. Om ikke kirken da er blitt én, er den oppspist… – eller i alle fall kvitt noen kirkesplittende problem 😉

  3. Sandslott. Ja, der er mange byggverk rundt enkelte kristne retninger som ikke vil duge på den siste dagen. Det holder vel å nevne den perverse koblingen mellom en del ortodokse kirker og nasjonalismen…

  4. Kan man kalle noe sandslott som besto nesten hundre år under kommunistenes forfølgelser? Ortodoksien har vel bevist nettopp at den ikke er et sandslott, etter min mening. Den besto når havet flommet inn over den, for å forbli i din analogi.

  5. Jag tycker det anda ar lite val mycket att saga sa om den mest forfoljda delen av Kyrkan i varlden…trots att en del av dess medlemmar ar patriotiska (vilket jag visserligen inte har nagot emot).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s