Bøn um å kunna fullføra Guds gode vilje
Mildaste Jesus, gjev meg din nåde,
so han må vera med meg og arbeida med meg
og halda ved meg alt til enden!
Gjev meg alltid å ynskja og vilja det
som er mest hugnadleg og kjært for deg.
Din vilje vere min,
og lat min vilje stendigt fylgja din
og semjast med din på beste måte.
Lat meg vera eitt med deg
te vilja og te ikkje vilja,
og lat meg kje kunna vilja eller ikkje vilja anna
enn det du vil og ikkje vil.
Gjev meg å avdøy frå alt som i verdi er,
og for di skuld lika å vera mismætt*
og ukjend i denne verdi.
Gjev meg å få kvila i deg
fram for alt anna eg ynskjer,
og lata hjarta mitt finna fred i deg!
Du er den sanne hjartefred, du åleine gjev kvila;
utanfor deg er alle ting tungsame og urolege.
I denne freden, i sjølve dette,
det er i deg, den einaste, høgste, evige gode,
vil eg sovna inn og kvila trygt.
Amen.
Frå Thomas a Kempis: Um Kristi etterfylgjing (omsett av Bernt Støylen) 1932
* vanvørdt, sett ned på
Svein Arne Gudmund
Hei! Hilsen Granavolden