Kristen medkultur?

 

Etter over 300 år med kristendom i det romerske riket, gjorde keisar Julian (331-363) eit siste forsøk på å utrydde denne galileiske læra. Han gav full religionsfridom og stoppa all forfølging av dei kristne. Blant anna opna han dei heidenske templa slik at ortodokse som vart forfølgde av den proarianske regjeringa fekk amnesti der. Han visste at der ville dei snart gå i strupen på kvarandre, for “no wild beast are so hostile to men as our christian sect in general to one another”. Når ein tenkjer på at dette var Romarriket på 300-talet, er det litt av eit stempel å få. No skal det leggast til at Julian den Fråfalne ikkje lukkast i å utrydde kristendommen, og at han døydde som den siste heidenske keisaren på den romerske trona. Men sjølv om hans siste ord var “Thou hast conquered, Galilean”, hadde Julian skjøna noko som få kristne har innsett; vi taklar makt dårleg.

 

Årsaka er at den kristne vegen ikkje har rom for meir enn éin konge. Når vi sjølve siktar mot toppen, må Kristus stige til sida, og då er vegen til misbruk og dekadanse kort. Dette gjeld i den verdslege verda og dette gjeld i forsamlingane. Vi ser det også sterkare i dag enn på svært lenge. Ariel Duran sa ein gong at; “a great civilization is not conquered from without until it has destroyed itself from within”. Sitatet er høgaktuelt. Vi nærmar oss den vestlege kulturens samanbrot, men vår eigen velstand og maktarroganse ser det ikkje. Heller ikkje kyrkja ser det, men skal den vestlege kristendommen overleve, må Kongen gjeninnsetjast. Det nyttar ikkje å danse med. Vi må la Vesten feste ferdig og sove ut rusen. I mellomtida kan vi gå utanom byens larm og sitje oss ved Jakobsbrunnen. Der vil vi møte dei som blir trakka på i staden for å vere ein av dei som trakkar.

 

 

Roy-Olav

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s