Gud er Gud når folket ber

 

Siste dagane har eg vore på Island-tur med folkehøgskule-elevar. I heile Islands historie står kyrkja sentralt, og når vi har besøkt historiske sentra med tilhøyrande kyrkjer, har eit trekk prega guiden sine orienteringar kvar gong:

 

I katolsk tid var det gudsteneste mange gongar for dag i denne kyrkja, men seinare har det i beste fall vore kvar søndag. Frå skulebygninga på Skålholt gjekk det tunnell over til kyrkja så elevane kunne følgje tidebønene i all slags ver. I dag har presten her tre kyrkjer å besøke, så det vert ikkje gudsteneste kvar søndag heller.

 

”Mitt hus skal vere eit bønehus” seier Jesus. Og til katolsk kristenpraksis høyrer det å bruke kyrkjene sine som bedehus. I våre dagar lever bedehusa opp til namnet sitt berre ein gong imellom, og kyrkjene er stengde også i vårt land i vekesvis.

 

Denne bloggen vil vere talerøyr for parolen at i kvar heim skal vere ein fast bønestad og at kvar kyrkje skal vere i dagleg bruk som bedehus. Det er lov å innrette seg praktisk, og ikkje alle har ein timeplan som tillet fullt klosterprogram med tidebøner. Men alle stader der det fins kristne menneske, må det vere tid og stad til bøn. Om ikkje menneska lenger tener Gud i tilbeding og lovsong, sluttar Gud å vere Gud. Han sluttar å vere Faderen når vi ikkje ventar at det er frå Han daglegvarene kjem. Han sluttar å vere Sonen når vi ikkje ventar at det er frå Han hjelpa kjem. Og Han sluttar å vere Heilaganden når vi ikkje ventar at det er frå Han kunnskapane kjem. Når folket ikkje lenger tener Han i den daglege liturgien, hentar dei seg andre gudar.

 

 

fr. Ottar Mikael

Advertisements

2 responses to “Gud er Gud når folket ber

  1. Du har rett. Gud er Gud om alle mann var døde, t.o.m. (Cf Petter Dass). Men det folket som sluttar å dyrke Gud som Gud, vil misse Han. Ei tru som ikkje vert praktisert, vert til ateisme i praksis. Då snik det seg fort inn andre gudar. Dette kan vi avlese på praksisen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s