Å fylgja Vegen

Ei av dei eldste nemningane på kristendomen er «Vegen». Dette møter me alt i Apostelgjerningane: «Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg» (Apg. 18, 25),«På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg» ( Apg. 19,23), og den romerske guvernøren, Feliks i Cæsarea «visste vel korleis det hadde seg med «vegen»» (Apg. 24, 22).

Dei kristne var dei som høyrde til «Vegen» eller «Herrens veg». Denne vegen var og er noko meir enn ei teoretisk lære, nokre levereglar, ein ideologi eller ein livsfilosofi. Vegen er livsens veg. Vegen er ein person: Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg» (Joh 14, 6).

Paulus seier: «I framfarne tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar» (Apg. 14, 16). Men det var før Kristus: For oss i dag er det éin veg, Jesus Kristus, Guds son og Guds ord som Faderen sende oss, Han som blei menneske, Han som nedra seg sjølv og var lydig til døden på krossen, Han som blei reist opp så me skal kunna bli reiste opp frå død til liv med Han, Han som skal koma att for å døme levande og døde, Han me får del i i brødet og vinen i nattverden: Jesus Kristus er både Vegen og Livet. Han er vegen til Livet!

Me er kalla til eit liv i Jesu etterfylgjing: «Dit eg går, veit de vegen» (Joh 14, 5). Me må sjølve gå livsvegen, og det kan stundom opplevast både tungt og vanskeleg. Vandringa vil innebera å seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja Kristus. Men Kristus har gått føre oss, og han går med oss. Han som er Vegen har opna vegen til Gud.

Å høyra til og å gå Vegen er å elska kvarandre som Han elska oss (Joh 13, 34): Jesus viste sin kjærleik ved å døy for oss. Det gjev oss ein tydeleg peikepinn på at kjærleik i praksis har praktiske konsekvensar for liva våre. Å høyra til Vegen er å vera martyrar i ordets rette meining, «vitne» om Kristus som er vegen, og det inneber handling – det inneber å gå…

 

* * *

 

På heia mellom Åseral i Vest-Agder og Bygland i Setesdal ligg ein ferdsleveg med gamle steinvardar til vegvisarar. Beiskt, og truleg råkande, kalla bygdefolket desse steinvardane langs fjellstigen i tidlegare tider for «prestar»: «Dei syner vegen, men gjeng han ikkje sjølv…»

Kom, lat oss gå!

Svein Arne Gudmund

 

Advertisements

One response to “Å fylgja Vegen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s