Kom og sjå!

 

Når dagane er tunge og livet er stressande, lengtar eg etter Bibelen min. Eg ønskjer å kunne setje meg ned i stilla og nyte av Ordet, for der møter eg fredens Gud. Der talar Herren Jesus Kristus direkte til meg, og der trøystar han og gjev meg håp. Det er i slike stunder eg erfarar at Gud er levande. 

 

Like levande er Gud i gudstenesta. Der møter eg han i Ordets- og nattverdens liturgi. Og slik skal det vere. Å gå til messe er eit møte med Herren som eg ikkje kan gå upåverka ifrå. Alt dreier seg om han og alt viser til han. Det er han som er sentrum og det er han eg tilber. Messa og Bibelen er to opplevingar av den same Gud.

 

”Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om”, ropar Filip når han møter Nataniel langs vegen. Filip har sett Jesus både i boka og i røynda, og Meisteren er den same. Difor treng ikkje Filip overtyde Nataniel om det teologiske bak møtet. Han kan enkelt svare ”kom og sjå!”.

 

Vi kan heller ikkje anna enn å tale om det vi har sett, høyrt og lest, og som ortodokse kristne har vi i messa og nattverden møtt han som Skrifta talar om. Dermed kan også vi legge vekk diskusjonane og argumenta. Vi kan vere frimodige som Filip og invitere menneska med eit: Kom og sjå! 

 

 

Roy-Olav

Advertisements

2 responses to “Kom og sjå!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s